internasjonalisering

Regjeringa garanterer ikkje for samarbeids­program med land utanfor EU

— Naturleg å sjå på verkemidla på heile internasjonaliseringsfeltet, seier statssekretær etter at utlysing av 175 millionar kroner er lagt på is.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (til høgre) og forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe, ønskjer å gå gjennom verkemidla for internasjonalisering.
Publisert Oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe (Sp), nøyer seg ikkje med å innføre studieavgift for studentar utanfrå EU.

— No som vi mellom anna har innført studieavgift for heilgradsstudentar frå tredjeland, er det også naturleg å sjå på verkemidla på internasjonaliseringsfeltet, seier statssekretæren hans, Oddmund Løkensgard Hoel, til Khrono.

Han legg til at dei no gjer «ulike grep for å styrkje sektoren» og at dei er «opptekne av ein god heilskap og samanheng i tiltaka for internasjonalisering».

Brev om avlysing

Utan dialog eller forvarsel fekk Universitet og høgskular rett før ferien brev om at Partnarskapsprogram for globalt samarbeid (Norpart) blir sett på vent. 

Fakta

Norpart

  • Det overordnede målet med Norpart er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og utviklingsland gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet.
  • Programet skal mellom anna styrke partnarskap for utdannig og forsking og sørge meir utveksling av studentar frå utviklingsland til Noreg og omvendt. kjelde: HK-dir.

Då hadde mange alt lagt ned mange timar med arbeid med søknader til prosjektpotten på 175 millionar kroner. Søknadsfristen var opphavleg i september. I brevet vart det opplyst at utlysinga var utsett til våren 2024. Brevet var sendt frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som administrerer programmet. 

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, var i Khrono sterk kritisk til kanselleringa av Norpart-utlysinga. «Nok et signal på at internasjonal solidaritet ikkje prioriteres av regjeringa», var hans oppsummering.

Rektor ved Universitetet i Bergen, som har lange tradisjonar for globalt samarbeid, uttrykte også bekymring.

— Eg håpar og trur at det er snakk om ei justering, og at det berre er snakk om ei kortvarig utsetjing. Men det er klart at dette skaper uvisse og uro, sa ho.

Norpart-programmet har som føremål å støtte akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland i det globale sør, det vil seie land i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

På direkte spørsmål frå Khrono gir Løkensgard Hoel ingen garanti for at Norpart-programmet kjem til å bli vidareført.

— Skaffe betre oversikt

— No vil vi skaffe oss ei betre oversikt før vi tek avgjerder som bind opp midlar i mange år framover. Den framtidige finansieringa av Norpart-programmet er eit budsjettspørsmål som vil bli avklart når forslaget til statsbudsjett for 2024 blir lagt fram i oktober, seier han.

Han lovar heller ikkje at regjeringa vil gå inn for å løyve pengar til Norpart på statsbudsjettet, som er ein føresetnad for at utlysinga faktisk kan skje neste vår som først meldt:

— Som kjent ser vi mellom anna på moglegheitene for å innføre ei stipendordning for studentar frå det globale sør. I ein slik samanheng er det også naturleg å sjå på Norpart.

Stipendordninga han viser til er knytt til spørsmålet om det skal innførast ei ny støtteordning som gjer det mogleg for studentar i det globale sør å studere i Noreg, etter at studieavgifta blokkerer for dei som ikkje har svært god økonomi. Til protestar frå universitet og høgskular innførte regjeringa før sommaren studieavgift som skal gjelde for studentar som kjem frå land utanfrå EU og EØS.

For desse studentane kan det no koste opp mot ein million kroner å ta dei dyraste masterutdanningane.

Powered by Labrador CMS