Nybakt rektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege miljø, Sjur Baardsen, er fornøgd med å styre verdas 14. beste landbruksuniversitet. Men universitetet kjem ikkje høgare enn 713.-plass på ei anna rangering (CWUR). Her flankert av prorektorane Solve Sæbø og Øystein Johnsen. Foto: Håkon Sparre

Ride, ride ranking på Harvards fang

Rangering. Ufullstendige og meir eller mindre ubrukelege hitlister, seier kritikarane om internasjonale universitetsrangeringar. Universitetstoppane brukar dei likevel.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Før vi blandar Matteusevangeliet inn dette, litt om det som hender 11. september 2019, klokka 17.59, norsk tid.

Fakta

Universitetsrangering

Det finst ei rad internasjonale universitetsrangeringar. Blant dei mest kjente står det britiske magasinet The Times Higher Education (THES) for.

Først ute var Shanghai Jiao Tong University Academic Ranking of World Universities (ARWU), lansert i 2003. Sidan har fleire kome til og fått stor innverknad på korleis universiteta kan posisjonere seg i ein globalisert forskings- og utdanningsmarknad.

Andre kjente rangeringar er QS World Univerity Rankings og CWUR (Center for World University Rankings).

Den aller første rangeringa av utdanningsstader vart publiert i USA i 1910 av psykologen James McKeen Cattel, og var basert på talet på «eminente vitskapsmenn» i institusjonane.

Dei internasjonale rangeringane i dag baserer på til dels svært ulike indikatorar som gir tilsvarande ulike innslag. På alle rangeringane dominerer likevel amerikanske og europeiske eliteuniversitet.

Mange land har også nasjonale rangeringar av ulikt slag. Det finst så langt ikkje i Noreg.

kjelder: Nifu, Nokut, Minerva

I ein sentraleuropeisk by, på ein «av dei mest prestisjetunge konferansane av sitt slag i verda», følgjer ei gruppe dress- og draktkledde representantar frå forsking og høgare utdanning spent med på det som skal skje på scena. Det er straks tid for den «definitive lista over verdas toppuniversitet globalt», ifølgje arrangøren, The Times Higher Education World University Rankings (THE). Rundt om på kloden sit universitetsleiarar og følgjer med på skjermane sine.

Universitetsrangeringar er som eit virus.

Bjørn Stensaker

Ein eller annan stad på lista med 1396 universitet kan dei finne sitt eige.

Og vinnaren er …

Sjukdomen

Oxford!

Eller, har kanskje konkurrentane oppe i Cambridge rodd seg opp på oppløpssida? Kjem amerikanarane sigande? På andre sida av Atlanteren håper i alle fall Harvard at Yale sakkar akterut, men blir det medalje? Sjå opp for Asia, frå det nordaustlege Kina glir Tsinghua-universitetet inn på topp 20.

Her heime er forventningane meir moderate.

På Muséplass i Bergen sit rektor Dag Rune Olsen og kollegane hans med tru på at 197.-plassen frå i fjor kan forsvarast. På Blindern kryssar Svein Stølen fingrane. Universitetet i Oslo var heilt oppe på 121. plass i fjor. Kan dei klatre?

— Internasjonale universitetsrangeringar er som eit virus. Så fort eit universitet blir rangert, festar sjukdomen seg og spelar inn på strategiar og mål i organisasjonen, seier professor ved Universitetet i Oslo, Bjørn Stensaker. Han har forska på høgare utdanning og har sett grundig og kritisk på internasjonale rankingar.

Forskinga viser at strategiske val blir påverka når universiteta blir inkludert i rangeringane.

Slik sett kan det ligge ein fridom i å ikkje vere med, meiner Stensaker.

Ryktebørsen

— Som reiskap for å vise kva universiteta reelt sett bidrar med, for å måle «output», er rangeringane meir eller mindre ubrukelege. Når det gjeld å måle undervisning, er dei stort sett heilt håplause. Dei måler gjerne «input», andelen internasjonale studentar og talet på professorar, noko som fortel fint lite, seier Stensaker.

Fleire av rangeringane opererer med såkalla «reputational surveys», ein ryktebørs, om ein vil.

— Dei består i at ein sender eit spørjeskjema i hytt og pine for å høyre kven ein synest er best. Det er store sjansar for at ein professor i for eksempel Peru vil svare Harvard eller Stanford. Alle dei kjente blir favoriserte, seier Stensaker.

Her kjem han inn på Matteusevangeliet, som vi skal komme tilbake til.

Professoren forstår naturlegvis kvifor det blir slik, kvifor «ingen» heilt trur på rangeringane, men «alle» bryr seg.

— Som reiskap for å vise kva universiteta reelt sett bidrar med, for å måle «output», er rangeringane meir eller mindre ubrukelege, meiner professor Bjørn Stensaker. Foto: Runhild Heggem

— Det er jo stort sett det einaste instrumentet ein har for å samanlikne. I andre delar av verda er rangeringane nærast blitt ein styringsreiskap, nokre stader blir rektorlønna regulert etter listeplasseringa. I Norden er interessa for rangeringane mindre, men også her får dei merksemd. Ein har nesten ikkje noko val i den internasjonaliserte universitetsverda, der rangeringar blir en billett til alliansar og partnarskap. Det liknar ein symbolleik, ein ønskjer å inngå partnarskap med dei som ligg høgt på listene, bygge prestisje, trass i kanskje sunn skepsis til rangeringar. Bordet fangar, seier Stensaker.

Rektoren hans, Svein Stølen, skriv seg rett inn i denne skildringa.

Brystkassa

rektorbloggen, og i Khrono, sluttar Stølen seg heilt til «metodiske utfordringer og rangeringens ufornuft». Han er heilt einig med kritikarane, skriv han, og plantar eit utropsteikn bak, før han held fram: «Men kanskje vi skal stikke frem brystkassa likevel».

Det ligg noko av eit brot i dette, med Stølens forgjengar, hjerneforskaren Ole Petter Ottersen. For fem år sidan var han klar for å «skriva nekrologane over desse rangeringane».

— Tre gonger i året må våre tilsette lide seg gjennom den diagnosen desse målingane stiller, sa han til Uniforum. Men gravferda let vente på seg.

Per i dag, før presentasjonen i Zürich 11. september, ligg Universitetet i Oslo som nummer 121, ifølgje THES si rangering.

UiO-rektor Svein Stølen vil ikkje vere naiv. — Prestisje betyr noko. Men vi vil aldri i verda gjere strategiske val basert på rangeringar, seier han. Foto: Ola Sæther, Uniforum

— Vi kan ikkje stille oss likegyldige. Rangeringane finst og påverkar korleis du blir lagt merke til internasjonalt. Vi skal ikkje vere naive, prestisje betyr noko, seier Stølen, men iler til for å understreke:

— Vi vil aldri i verda agere eller gjere strategiske val basert på rangeringar. Vi ser på rangeringane saman med andre ting, som ERC, og til saman får vi eit bilde av omdømmet. Det viktigaste er at fagfolka våre er synlege på dei beste universiteta i verda, at vi på denne måten bygger reputation.

ERC er altså, for dei ikkje innvigde, det europeiske forskingsrådet, som står for nokre av dei feitaste og mest prestisjetunge stipendtildelingane. Stølen gir uttrykk for at summen av omdømmet til UiO er relativt fenomenal. Du har jo også Shanghai.

Spagaten

Du har Shanghai, eller meir presist: Shanghai Jiao Tong University Academic Ranking of World Universities (ARWU). Forresten er Harvard i tet på denne lista, medan Oxford er på sjuande. Du har QS World University Rankings, og du har U-Multirank.

Du har Center for World University Rankings (CWUR), med adresse Business Par, Economic Zone, Sameinte arabiske emiratar, reknar seg heller ikkje som uviktig. Harvard er også her nummer ein, den statlege høgkulen i Faisalabad, Pakistan, nummer to tusen og sist.

Shanghai plasserer Universitetet i Oslo som nummer 59, rimeleg bra på ei liste med 1000.

Her får UiO betalt for å ha fått artiklar inn i prestisjetidsskrift som Science og Nature. Store prisar, ikkje minst nobelprisar, tel også i Shanghai. Då skulle ein kanskje tru at NTNU nådde endå høgare enn 101 til 150-sjiktet, med May-Britt og Edvard Moser i stallen.

Vi bruker rangeringane som eitt av fleire input.

Bjarne Foss

Men det er i alle fall langt betre enn 351-400, som er status på THES-rangeringa.

— Vi er opptatt av rangeringar som eitt av fleire mål på kvaliteten. Rangeringane er viktige, og blir aktivt brukt av dei som er i akademia, seier prorektor ved NTNU, Bjarne Foss. Han liker også å snakke om Shanghai, på THES har jo NTNU ei plassering eit par hundre plassar under UiO .

— Ulike plasseringar i ulike rangeringar viser berre at dei ulike rangeringane fokuserer på ulike element. Vi må derfor nytte dei med noko varsemd, seier Foss.

Slik står moderne universitetsleiarar i vaklande spagat, ein sko på børs, ein i katedralen. Det gjeld å halde balansen, finne ut kvar ein skal lengde tyngda. Rektorane i Trondheim, som utfordrar alt, er meir tilbøyelege til å bruke rangeringane strategisk enn dei i Oslo, om vi forstår Foss (og Stølen) rett:

— Vi bruker rangeringane som eitt av fleire input for å utvikle fagleg kvalitet og omdømme. Vi følgjer med og gjer analysar av korfor vi plasserer oss som vi gjer på ulike rangeringar. Vi brukar dei både internt og eksternt, fortel Foss.

Pressemeldingane

Ingar Myking, direktør og leiar for analysegruppa til Universitetet i Bergen:

Det skadar jo ikkje å bli rangert blant dei 200 beste.

Ingar Myking

— Det skadar jo ikkje å bli rangert blant dei 200 beste.

Han refererer til 197. plassen på THES’ rangering med vestlandsk understatement. Frå vest forgreinar Universitetet i Bergen seg i mange retningar, som eit internasjonalt forskingsuniversitet. Då er rangeringar ikkje til å unngå. Dei er likevel langt viktigare som utstillingsvindauge for meir kommersielle og konkurranseutsette universitet enn dei norske, meiner Myking.

Myking nemner Matteus.

UiBs analysegruppe kjem uansett til å halde fram med å sende inn data til listemakarane, både iLondon og Shanghai.

Når kåringane er bra, jobbar dei for å få ut dei gode pressmeldingane. Når det ikkje går bra, for eksempel i Shanghai?

Då må ein leite litt ekstra i kategoriane.

UiB har blant anna ein arkeolog som grev ut verdssensasjonar frå ei hole i Sør-Afrika. Dette er slikt som blir sitert, til glede for tidsskriftet Nature og Muséplass. Det gjorde sitt til at Universitet i Bergen i fjor vart rangert som det 63. mest siterte universitetet i verda av THES. Rektor Dag Rune Olsen roste rangeringa og var ikkje overraskande «fornøyd» i pressemeldinga frå universitetet.

— Vi er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet med mykje humaniora og samfunnsvitskap. Vi har ingen nobelprisvinnar. Då når vi ikkje opp på Shanghai. Det er ikkje tilfeldig at vi når opp der vi når opp.

— Vi brukar rangeringa som eitt av fleire input i arbeidet med fagleg kvalitet og omdømme, seier Myking.

Nykomlingane

I Nordens Paris ligg ikkje Nordens Sorbonne, men UiT Noregs arktiske universitet, Det skil 200 plassar mellom Tromsø og Bergen på THES' rangering.

Det betyr ikkje nødvendigvis 200 gonger dårlegare.

I THES' kategori «industry income» er UiT ei båtlengde framom UiB. I Tromsø kan ein også finne glede i andre lister, som CWUR, den i Emiratane. Der er det for eksempel 500 plassar frå Tromsø ned til Universidade da Coruna i det nordvestlege Spania.

Blant nykomlingane i den norske universitetsfloraen er berre Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) på Ås, tidlegare Landbrukshøgskolen, med på karusellen. På THES-rangeringa er NMBU omtrent på midten, mellom dei 500-600 beste.

— Stas, seier professor Tone Birkemoe på telefon frå rom S235 i Sørhellinga, Fakultet for miljøvitskap og naturforvaltning. Ikkje at ho overhovudet tenker på rangeringar i kvardagen, eller er kjent med kriteria, for ikkje seie kritikken mot rangeringane. Ikkje at ho ante at Ås var blant dei 600 beste i verda.

— Men det er litt kult å sjå namnet vårt der. Det må vel bety at vi leverer bra? seier professoren på Ås.

Harvardane

Sanneleg finst det ikkje ei liste der også NBMU er blant dei aller beste. Institusjonen er det 14. beste landbruks- og skogbruksuniversitet i verda, ifølgje QS University Ranking. Påtroppande rektor tar rangeringar med ei stor klype salt, står det i pressemeldinga. Men om han ikkje akkurat stikk brystkassa fram, sukrar han med «en liten klapp på skulderen».

Kan NMBU med eit krafttak gå forbi Makerere, i kolonitida kjent som Afrikas Harvard, på sitering i år? Kan NMBU snu ein indeks på 63,8 mot ugandarane sin 69,2?

Kanskje.

Det kan vere lett å forveksle merkevare og kvalitet.

John-Arne Røttingen

Men ein treng ikkje jobbe på noko Harvard for å ha ein god arbeidskvardag, meiner professor Birkemoe.

— Det viktigaste for meg er å ha rammene for å kunne gjere ein god jobb, utdanne gode kandidatar, gjere god forsking, utføre samfunnsoppdraget vårt, seier ho. Men klart, kanskje kan ei god listeplassering gjere nettopp dette litt enklare.

— Konkurransen om pengane er i alle fall hard.

Merkevaren

«Store metodologiske utfordringer», heitte det i Nifus rapport frå 2014. I 2016 kom Nokuts vurdering, som også påpeikte «metodiske svakheter». «Gir et begrenset bilde av utdanningskvalitet (…), men kan i noen tilfeller være et supplement (…)», stod det i rapporten, som forfattarane meiner er like gyldig i dag som for tre år sidan.

Same året publiserte også UNESCO ein større rapport om rangeringar, der både tilhengarar og kritikarar frå ulike delar av verda slepte til.

Kva tenker dei som jobbar i pengebingen om dei internasjonale universitetsrangeringane?

— For Forskingsrådet er ikkje rangeringane viktige, seier Forskingsrådet, nærare bestemt administrerande direktør, John-Arne Røttingen.

Forskingsrådet fordeler nær ti milliardar kroner i året.

— Vi brukar ikkje rangeringar på nokon måte i arbeidet med evalueringar av fag eller institusjonar eller tildelingar til forskarar og prosjekt, seier Røttingen.

Ifølgje Forskingsrådet og Røttingen er rangeringane ikkje tilstrekkelege for å gi eit truverdig bilde av kvaliteten på forsking og utdanning ved universiteta. Men det er viktig for norske institusjonar å bli synlege, slik sett er rangeringane eit «nødvendig onde».

— Vi brukar ikkje rangeringar på nokon måte, seier Forsknigsrådsdirektør John-Arne Røttingen. Han er kritisk til rangeringane. Foto: Ketil Blom Haugstulen

— Vi ser at rangeringane er ein reiskap i merkevarebygginga og konkurransen mellom universiteta. Dei er litt som hitlister, seier direktøren. Med mastergradar frå både Oxford og Harvard har Røttingen førstehands erfaring.

— Desse universiteta brukar bevisst svært tydelege verkemiddel i merkevarebygginga inkludert å kommunisere til sine studentar og forskarar at dei er utvalde, unike og del av ein sterk institusjon, og rangeringane er ein del av dette. Indikatorane i rangeringane blir påverka av merkevaren, og omvendt. Rangeringane bidrar til ein sjølvforsterkande effekt i ein global marknad, og det kan vere lett å forveksle merkevare og kvalitet.

Ifølgje Røttingen er dei relativt enkle og kvantitative universitetsrangeringane på kollisjonskurs med trendane for måling og evaluering av forsking, i alle fall dei Forskningsrådet rettar seg etter. Dei er langt djupare og meir kvalitative.

Galskapen

11. september 2019, klokka blir 18.00, norsk tid. I den sentraleuropeiske byen, nærare bestemt Zürich, stilnar det i konferansesalen til prestisjeuniversitetet ETH, nummer 11 på fjorårets rangering.

Og vinnaren er …

— Vi går kanskje 15 plassar opp eller ned, det gjer ikkje så mykje frå eller til. Vi kjem til å hamne rundt 120.- plass. Eg kjem til å følgje med, forsikrar UiO-rektor Stølen. Han skal ikkje til Zürich. Tilstellinga arrangøren meiner er unmissable, kjenner han ikkje til.

Kan Noregs kan hende beste universitet nå til himmels, ein gong i framtida? Topp ti?

— Nei! seier Stølen og legg til:

Erru gærn?

Inspirert av Matteusevangeliet 25:29 og «Likninga om talentane» formulerte Roger K. Merton Matteuseffekten som sosiologisk fenomen i 1968. Mertons universitet, Columbia, er for dei som måtte lure, i dag rangert som nummer 16.

— Der er ein sterk Matteus-effekt i rangeringane, slår professor Bjørn Stensaker fast:

For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS