valkamp

Saknar ambisjonar for forskingsnasjonen Noreg

Kva tenkjer partia om Noreg som kunnskapsnasjon, spør UiO-rektor Svein Stølen. Han etterlyser forsking som tema i valkampen.

Fint med fokus på utdanning, seier UiO-rektor Svein Stølen. Men det er eit tydeleg «men» i lufta: Stølen ønskjer seg mykje meir fokus på forsking når partia no for alvor går i gang med valkampen.

— Eg forventar at vår eigen statsråd ikkje gir lesarane av ei av Noreg sine største aviser inntrykk av at universitetet sine tilsette har to månader ferie, sa Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, til Khrono før helga.

Dette var ein reaksjon på Høgre sin valkampstart, der statsråd Henrik Asheim sa at det er eit paradoks at store bygningar er stengt i to månader.

— Sjølvsagt er bygga våre opne om sommaren òg, og på nokre laboratorium er det ganske travelt. Eg saknar ei forståing av at forsking er ein ekstremt viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Stølen no, og viser til at det er mange forskarar som er på jobb òg om sommaren.

— Det er ei ganske intens tid.

Asheim si utsegn kom som ein del av valkampstarten. På Twitter skreiv Stølen i etterkant at det vert lova mykje innan utdanning. Men betyr det lågare forventningar til forskinga?

— Det er kunnskapen me skal leva av i framtida. Me skal gjennom ei omstilling til eit grønare arbeidsliv. Då er det kortsiktig tenkt dersom ein ikkje har ambisjonar på forskingssida, seier Stølen.

Korleis verta like gode som svenskane?

Då Khrono dekte dei største partia sine landsmøte i vår, handla det mykje om arbeidslivsrelevans, studentbustader og desentralisert utdanning.

Dersom ein les dei vedtekne partiprogramma no, handlar det dels om same tema. Nokre av partia, som Miljøpartiet de grønne og Venstre, er meir konkrete, og seier mellom anna noko om teljekantsystem og satsing på humaniora. Fleire ønskjer å satsa på den framifrå forskinga, heiter det.

— Det er ein del av dei politiske partia som ikkje har vore veldig tydelege på kva dei ønskjer å gjera for forsking, seier Svein Stølen.

Han seier at han er glad for at det vert fokusert på høgare utdanning i valkampen. Men det er likevel eit «men»:

— Då vert universitet og høgskular sett på berre som utdanningsinstitusjonar. Eg hadde forventa at partia sa meir om ambisjonane for forsking. Me veit til dømes at norsk forsking ikkje har same standard som forskinga i Sverige og Danmark. Det manglar ei konkretisering frå politikarane, seier Stølen.

Lovar meir pengar

Det dei politiske partia ser ut til å vera samde om, er at potten til forsking skal aukast til tre prosent av brutto nasjonalprodukt. Dette er noko som har vore snakka om lenge, og noko mellom andre Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT) tidlegare har etterlyst.

— Då eg leia Universitets- og høgskulerådet kom eg med ei tydeleg melding om at det ikkje vart satsa nok på forsking, seier Olsen til Khrono.

Han viste til svenske næringslivsleiarar, som sa at ein måtte ha over fire prosent av BNP i Sverige for å kunne halda oppe nivået.

Olsen meiner framleis at det må meir pengar inn i forskinga. Men han meiner òg, som rektorkollega Stølen, at saka må løftast opp på den politiske dagsorden.

— Me treng langsiktig, grunnleggande forsking, og me må kunne forventa at politikarane òg tenkjer langsiktig, seier Olsen.

— Kva tema meiner du ein burde drøfta i valkampen?

— Kor mykje forsking som trengs for å få ei ny, grøn verdiskaping er viktig å drøfta i samband med arbeidslivspolitikk. Og korleis vil me rigga Noreg som kunnskapsnasjon? I ei tid der falske nyhende er eit problem, er det viktig med respekt for kunnskap.

Stølen: Berre idrett?

Stølen seier at det er flott med meir pengar, sjølv om ein må sjå nærare på budsjetta for å kunne seia noko om korleis det vert.

— Men eg vil gjerne vita noko om kva politikarane meiner om forskinga si rolle og om kunnskapen si rolle, og om kva dei tenkjer om Noreg som kunnskapsnasjon. Me veit til dømes at Noreg gjer det dårleg dersom ein ser på utteljinga i ERC (det europeiske forskingsrådet, red.mrk), seier Stølen, og legg til:

— Er me berre ein idrettsnasjon, eller har me ambisjonar om å prega forskingsfronten globalt òg?

Utdanning kan nå fleire

Olsen synest ikkje det er unaturleg at utdanning får meir fokus enn forsking.

— Det er både fint og viktig med fokus på utdanning, og utdanning er viktig for eit demokratisk samfunn. Det er òg mogleg å forstå at det er utdanning ein fokuserer på; ein snakkar til mange og kan lettare sanka stemmer.

— Er det krevjande å forklara samanhengen mellom utdanning og forsking?

— Ein kan tenkja at utdanning er å overføra kunnskap ein allereie har. Men slik er det slett ikkje, utdanninga vert utvikla gjennom forsking. Det må vera ein dynamikk i det unge menneske lærer. Denne samanhengen kan sektoren sikkert verta flinkare til å forklara, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS