khronodebatt

Skal debattera «missions»: Er redd store ord overstyrer kvalitet

Professor Vincent Eijsink vil tilrå at politikarane ikkje dukkar for langt ned i detaljane. Tysdag inviterer Khrono og NMBU til debatt om dei målretta samfunnsutfordringane.

Missions ser fint ut på papiret, seier professor Vincent Eijsink. Han er redd for at fokus på nokre samfunnsutfordringar tek pengar frå grunnforskinga. EU har peika på fem slike samfunnsutfordringar, som Noreg har skrive under på: berekraftige hav, tilpassing til klimaendringar, klimanøytrale og smarte byar, jordhelse og mat, og kampen mot kreft.
Publisert Oppdatert

— Eg er redd for at store ord overstyrer kvalitet.

Det seier Vincent Eijsink. Professoren ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) sit i panelet når Khrono og NMBU tysdag morgon inviterer til frukostmøte. Tema: Missions, eller på godt norsk: Målretta samfunnsutfordringar.

Debatten vert strøyma direkte på Khrono.

Då den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vart presentert for eitt år sidan, hadde regjeringa tatt inn eit grep ein kjenner frå EU-systemet. EU har fem såkalla missions innanfor forskingsfeltet, og i langtidsplanen ville regjeringa at Noreg skulle ha to: Eit om berekraftig fôr og eit om å inkludera fleire barn og unge i utdanning og i arbeids- og samfunnslivet.

Etter handsaminga i Stortinget enda ein med tre målretta samfunnsoppdrag. Det tredje handlar om sirkulær økonomi, der grøn omstilling og digital omstilling er vesentleg.

Oppteken av utdanning

Heilt korleis samfunnsoppdraga skal brukast, og finansierast, er det ikkje sagt noko tydeleg om. Men noko av kritikken har handla om det.

— Når ein både skal gjera det ein har gjort til no, og i tillegg skal gjera meir, og statsråden har sagt at det ikkje kjem meir pengar, så må ein jo kutta. Den rekneskapen går ikkje opp. Kva skal ein gjera mindre av? Skal ein publisera mindre? Skal ein forska mindre? Skal ein undervisa mindre, spurde Abid Raja (V) i ein paneldebatt i oktober i fjor.

I Ås er finansiering noko av det som uroar professor Eijsink. Han er ekspert på enzym, og kjent for å kombinera banebrytande grunnforsking med industri-retta prosjekt.

— Fryktar du at missions skal ta pengar frå grunnforskinga?

— Det er eit godt spørsmål, og ja, det uroar meg. Missions er noko ein brukar for å skapa entusiasme og politisk aksept, men eg fryktar at det vert så mykje fokus på målet at ein gløymer kva som må til for å nå det, seier Eijsink.

Han peikar på at det trengst kompetitiv forsking i botn også for å få til innovasjon.

— Noko ein må snakka om, er utdanning. Dersom ein ikkje utdannar knallgode studentar i knallgode miljø som driv med forskingsbasert undervisning — då får ein heller ikkje innovasjon.

Tare eller skog?

Til frukostmøtet kjem òg Margareth Øverland, som leier SFI-en Foods of Norway. Dette senteret jobbar nettopp med å utvikla dyrefôr frå grøn og blå biomasse. Og forskinga til Eijsink og kollegaene hans kan òg brukast til å tenkja nytt om fôr, mellom anna har kyst.no skrive om eit prosjekt der fjør frå kylling kan verta dyrefôr.

— Det treng ikkje vera ei konflikt mellom missions og grunnforsking, understrekar Eijsink til Khrono.

— Kor langt ned i detaljane bør politikarane gå?

— Eg vil tilrå dei å ikkje dukka for langt ned. Det klarar forskingsmiljøa sjølve. Politikarane må syta føre at midlar vert brukt til det dei er tenkt til. Eg veit heller ikkje kva dei tenkjer når dei seier berekraftig fôr. Snakkar ein om tare, om skog? Me bioteknologar har i alle fall dei verktøya som må til.

Professoren seier at han aksepterer at Stortinget har nokre tema dei meiner er viktig.

— Men å spreia forskingsmidlar tynt utover fører ikkje landet nokon stad.

Vil ha meir forskingsbasert politikk

Kari Anne Jønnes (H) har tidlegare sagt at ho synest samfunnsoppdraget med fokus på berekraftig fôr er for smalt.

— Det er eit godt samfunnsoppdrag, men me vil famna heilskapen betre, sa ho då det var høyring i utdannings- og forskingskomiteen.

Eg er spent på kva konsekvensar desse samfunnsoppdraga får hos universitet og høgskular når det kjem til internt fokus og kultur, seier Marit Knutsdatter Strand, og lovar evaluering på litt sikt.

Jønnes møter komitékollega Marit Knutsdatter Strand (Sp) under frukostmøtet.

— Er det eit for smalt tema, Strand?

— Berekraftig fôr handlar om heile næringskjeda, det handlar om korleis me mettar magen og om bioøkonomi, svarar Sp-politikaren.

— I tillegg har me peika på eit anna samfunnsoppdrag, om inkludering, som er enormt breitt.

Strand seier at Senterpartiet si meining er det at å peika på nokre samfunnsutfordringar er ein god måte å initiera samarbeid og tverrfagleg forsking på. Ved å kopla forsking tettare på slike utfordringar, kan forskinga verta meir brukt, meiner ho.

— Me treng både meir kunnskapsbasert politikkutforming, samfunnsstyring og forvaltning, seier ho.

— Ein NMBU-professor fryktar for finansiering av grunnforskinga. Korleis skal forsking på desse samfunnsutfordringane finansierast?

— Eg skal ikkje kategorisk seia at me er ferdig snakka der. Me kjem med ei melding til Stortinget om forskingssystemet, seier Strand.

Ho understrekar at grunnforsking og anvendt forsking går hand i hand, og viser til dømet med vaksine mot covid-19.

— Ingen takkar deg før samfunnsnytten er der.

— Kor langt ned i materien skal de politikarar gå?

— Me må adressera dei store samfunnsutfordringane. Samstundes er det slik at norske forskarar har forsking som både er i tråd med og trass i politiske føringar. Eg støttar den faglege autonomien.

EU sine fem samfunnsoppdrag er berekraftige hav, tilpassing til klimaendringar, klimanøytrale og smarte byar, jordhelse og mat, og kampen mot kreft.

Presisering: Khrono siteterte Strand på at det kjem ei melding om finansiering. Eg var upresis, seier Strand, og 23.10 kl 8.34 vart det endra til «forskingssystemet»

Powered by Labrador CMS