Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
styremøte i volda
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen i Volda har ekstra styremøte torsdag. På planen står tilsetjing av dekan ved Avdeling for mediefag, men òg fleire andre saker. Mellom anna skal styret diskutera språklege retningslinjer og studentrekruttering. Møtet går føre seg digitalt, og vil verta lagt ut her så snart det er ferdig.
Høgskulen i Volda hadde, som fleire andre studiestader, auke i talet på søkjarar via Samordna opptak. Både lærarutdanninga og mediefaga, som har mange studentar, har stor oppgang. Men spørsmålet er korleis hausten vert, og om alle desse studentane både vil takka ja og deretter flytta til Volda.
— Eg vil sjå djupt inn i augene den som vert korleis hausten vert, seier rektor Johann Roppen.
Han viser til at det er lite smitte i Volda og området rundt, at høgskuleområdet er langstrekt med fleire bygg, og at få studentar og tilsette nyttar kollektivtransport for å koma seg til høgskulen. Samstundes gjer avstandsreglane, som ein reknar med at ein framleis vil måtta nytta, at fleire av undervisningsromma rett og slett vert for små.
— Me reknar med at me vil måtte bruka meir digital undervisning og fleire av timane i døgnet. Dels fordi me kanskje vil måtte køyra same førelesingaP fleire gongar, dels fordi det vil verta større press på dei største undervisningsromma, seier Roppen.
Han seier at det er dei nye studentane ein vil prioritera når ein skal bestemma kven som skal få fysisk undervisning og ikkje.
— Dei skal òg læra seg å vera studentar, seier rektoren.
Dette er sakslista:
Nylige artikler
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Kan norsk akademia bli et mål i en eventuell krig?
Han er 85 år og har nettopp levert en doktoravhandling
Forskerforbundet ønsker ikke omkamp — det gjør NTL
Brit Solli (1959—2026)
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Medisinstudent strøk på eksamen — saksøker UiT
Anklaget for fusk av KI-detektor. — Folk er redde
Skulle stå ved Livsvitenskapsbygget. Nå ligger kunstverket på et lager
Forskeren druknet i skjema og søknader — sa opp jobben