høgskulen i volda
Skal tilsetja ny høgskuledirektør
Den førre direktøren fekk sluttpakke i vinter. No skal styret ved Høgskulen i Volda etter planen tilsetja ny høgskuledirektør.
«Tilsetjing høgskuledirektør HVO» er tittelen på ei av sakene styret ved høgskulen skal handsama i møte 30. oktober.
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim stadfestar overefor Khrono at planen er å tilsetja direktør — sjølvsagt med mindre styret meiner noko anna.
Styremøtet startar klokka 10.15, og du kan sjå det direkte her.
Slik gjekk det sist
Ann-Kristin Emblem vart tilsett som høgskuledirektør i 2022, etter å ha vore konstituert i stillinga i omlag eit år. Samarbeidet mellom henne og rektor var krevjande, som Khrono har skrive varsla dei to mellom anna mot kvarandre. Høgskulestyret sa opp Emblem, men ho fekk medhald i Kunnskapsdepartementet då ho klaga på oppseiinga.
I mars 2025 sa ho opp stillinga si og fekk med seg ein sluttpakke. Sidan slutten av same månad har Oddrun Rangsæter vore konstituert som høgskuledirektør. Ho var ikkje ein av dei 11 søkjarane som stod på søkjarlista.
— Dette er ein kjempemorosam jobb. Eg stortrivst! Men eg har budd førti år i Oslo, eg har familien min og resten av livet mitt der, sa Rangsæter til Khrono i slutten av august. Ho var då tydeleg på kva ein treng dersom ein skal gå inn som direktør ved ein høgskule.
— Ein må forstå kva direktørrolla i vår sektor er. Det er annleis enn å vera direktør i privat næringsliv. Ein må forstå todelt leiing og ein må kunne samarbeida.
Fleire økonomisaker
Av andre saker på sakskartet er det fleire som handlar om økonomi. Styret får både ei rekneskapsrapportering og orientering om statsbudsjettet på bordet. I tillegg skal det også verta orientert om budsjettprosessen ved eigen institusjon.
Her er heile sakslista:
- 88/25 — Godkjenning av innkalling og sakliste
- 89/25 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 11.09.2025
- 90/25 — Orientering frå rektor
- 91/25 — Endring av avdelingsstrukturen til AHL
- 92/25 — Tilsetjing Høgskuledirektør HVO
- 93/25 — Forlenga stedfortreder dekan ved AKF
- 94/25 — Styrande dokument — justering av mandat til utdannings- og forskingsutvalet
- 95/25 — Utvida sensurfrist — Nasjonal deleksamen i rettsanvendelse for barnevernsfaglig arbeid 2025
- 96/25 — Rekneskapsrapportering 2. tertial 2025
- 97/25 — Satsingsforslag utanfor ramme 2027
- 98/25 — Orientering om forslag til statsbudsjett 2026
- 99/25 — Status budsjettprosess og foreløpige tall
- 100/25 — Lønsutval direktør, rektor og prorektor
- 101/25 — Orientering — Overordna ROS-Sikkerheit, beredskap og informasjonssikkerheit
- 102/25 — Forskingsmelding for 2024
- 103/25 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
- 104/25 — Ymse
