høgskulen i volda
Skal vedta løn til ny rektor
Odd Helge Mjellem Tonheim får truleg høgare løn som rektor enn det forgjengaren hans hadde.
Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, har ei årsløn på 1.134.957 kroner. Som Khrono har skrive har denne summen plassert han langt nede på lista over rektorane med best løn.
Når Odd Helge Mjellem Tonheim tek over som rektor i august, kjem han til å tena noko meir. 1.200.000 kroner vert løna, går det fram av ei av sakene som skal opp i høgskulestyret torsdag.
Møtet kan du sjå direkte her frå klokka 10:
Prorektor får 80 prosent
Bakgrunnen for saka er, som Khrono har skrive, at Kunnskapsdepartementet har bestemt ny løn for valde rektorar. Løna er maks 1,2 millionar kroner for liten institusjon, og Høgskulen i Volda er plassert i denne kategorien. Vidare er summane maks 1,4 og maks 1,6 millionar for mellomstore og store institusjonar.
Høgskulen i Volda har hatt ein særavtale som har bestemt rektor si løn. Prorektor har fått 75 prosent av rektor si tilleggsløn. Men når rektor si løn no vert bestemt av nokon andre enn høgskulen sjølv, er tilrådinga frå høgskuledirektøren at prorektor skal tena 80 prosent av rektorløna.
— Direktør meiner det bør vera ein klar skilnad mellom rektor og prorektor si løn. Det er rektor
som er øvste faglege leiar, styreleiar og har det formelle ansvaret. Dette vil vera uavhengig
av korleis rektoratet vel å fordela oppgåvene mellom seg, heiter det i saksframstillinga.
Hemmelege saker
Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag skal begge halda orienteringar.
I tillegg skal det opp ei «administrativ sak» og ei sak som har overskrifta «Orienteringssaker - adm».
Begge desse er unnteke offentlegheit. Khrono har bede om innsyn og fått det. For den siste saka heiter det at det skal vera ei kort orientering om aktuelle saker frå administrasjonen, medan det om den administrative saka heiter at «saksframlegg og framlegg til vedtak vil bli ettersendt etter avklaring med KD».
Heile sakskartet finn du her.

Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Tre enkle tiltak for å satse på russiskfaget
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager