politihøgskolen
Slik førebur dei politistudentar på ein ny kvardag
— Det er større medvit blant studentane om at verda ikkje lenger er så trygg, seier instituttleiar Asle Makoto Sandvik. I Bodø gjer eit nytt kull seg klare for politigjerning.
Bodø (Khrono): Det har lagt seg eit tynt islag på bakken i Bodø denne seine oktoberdagen, mellom dei to bygga som til saman er Politihøgskulen (PHS) sine lokale i byen. Politistudentar i mørkeblå klede finn ein både på innsida og på utsida av bygget.
— Eg hadde høyrt at studentmiljøet her var bra. Eg ville vekk frå Oslo, for der er det mange som kjenner folk frå før. Her i Bodø har me både Politihøgskolen og Nord universitet, seier Andreas Staahl Radpey.
Han er tredjeårsstudent og i tillegg tillitsvald for studentane ved PHS i Bodø. Kvart år kjem det om lag 150 nye politistudentar hit. Dei er i Bodø første og siste studieår, det andre året er dei i praksis. Radpey var i Trysil.
— Det var ein ganske annleis kvardag enn i Oslo sentrum. Ein får kjennskap til forholda lokalt. Først er ein med på patrulje, deretter gjennomfører ein avhøyr og må kanskje vitna i retten i ei sak. Ein gjer rett og slett alt sjølv, fortel han.
Men korleis er det å vera politistudent i ei tid der den geopolitiske situasjonen endrar seg?
Brukar erfaringar frå praksis
— Politiutdanninga er ikkje ei passiv utdanning, seier instituttleiar Asle Makoto Sandvik.
Politihøgskulen har ein felles programplan for utdanningane i Oslo, Stavern, Bodø og Alta, men ein nyttar lokale forhold i undervisninga, og ein nyttar lokale forhold og erfaringar studentane har med seg tilbake frå praksis.
— Det betyr at når studentane har med seg andre opplevingar, vert det òg tema i utdanninga, seier Sandvik.
Han seier at å vera politi handlar mykje om beredskap. Ein trenar på det ukjende.
— Og me ser at det er større medvit enn før blant studentane om at verda ikkje lenger er så trygg.
Han legg til:
— Det gjer at det er enklare å få dei til å trena. Me veit at det er større pessimisme blant unge menneske, særleg med tanke på framtida og verdssituasjonen. Det gjeld òg studentane våre.
Får elektrosjokkvåpen
Førsteårsstudenten Stian, som ikkje ønskjer etternamnet sitt publisert, fortel at hans kull er det første som lærer å bruka elektrosjokkvåpen og skal kunne bera det under praksisåret.
— Det lammar dersom ein vert treft av det, så det handlar om å kunne få kontroll på ein person, seier han.
Radpey seier at han opplevde mykje samarbeid med Sverige då han hadde praksis i Trysil.
— Og dei eg jobba saman med fortalde at det er meir fokus på turisme enn før, altså på dei som kjem til landet.
Mina Stenseth er også førsteårsstudent. Ho har med seg erfaring frå Forsvaret før ho søkte seg til PHS.
— Den geopolitiske situasjonen påverkar korleis ein tenkjer, seier ho.
Vil sørover igjen
Johnny Steinbakk er campusleiar i Bodø. På kontoret hans står politiluer og andre politieffektar på rekke og rad. Han fortel humrande om den gongen han var ung politiaspirant, på 1980-talet.
No leier han PHS sine campus i Bodø og i Alta. Utdanninga i Alta er den nyaste, og her er tjue av dei 26 studieplassane øyremerka søkjarar frå nord. To av plassane er for studentar med samisk språkkompetanse.
— Truslar mot Noreg er sjølvsagt tema på Politihøgskulen, men det er ulike utfordringar ulike stadar i landet. Finnmark si grense mot aust gir ei spesiell utfordring. Dette set politiet i Finnmark i ei særstilling og det krev tilstrekkeleg med politiressursar, sier Steinbakk.
Dei tre studentane Khrono møter, har først og fremst tenkt seg sørover igjen når dei er ferdig med utdanninga si. Stian ønskjer seg til Innlandet når han skal ha praksis neste år.
— Men det er mange som seier at dei vil nordover, seier han.
Mina Stenseth er frå Rogaland, og sjølv om ho seier at ho søkte seg til Bodø fordi det faktisk er skikkeleg vinter der, håpar ho det står vest eller sørvest i den beskjeden ho får om praksisplass etter jul.
Radpey, som snart er ferdig utdanna, søkjer seg først og fremst heimover mot Østfold.
— Men eg har eigentleg ikkje noko imot å verta verande i nord. Her er det gunstigare skatt og nedskriving av studielån.
— Kvifor vil du verta politi?
— Det handlar om at eg vil beskytta folk. Eg har hatt lyst til å verta politi sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Far min er også politi, men eg likar jo å tru at det er noko eg har kome på, seier han og humrar.
Kan ta imot fleire
I hovudstaden har Politihøgskolen lokale på Majorstua. Men i valkampen sa statsminister Jonas Gahr Støre at han ønskjer å flytta PHS til Mortensrud, søraust i Oslo. Bydelen har levekårsutfordringar, og i tillegg mange innbyggjarar — men få arbeidsplassar.
— Får me ein slik viktig arbeidsplass som symboliserer veldig mykje om fellesskapet vårt, så trur me det er viktig for arbeidsplassane, tilhøyrsle og tyngdepunktet i bydelen, sa Støre til Aftenposten i september.
Men Senterpartiet og Høgre vil ha ei utgreiing om ny politihøgskulen heller skal plasserast i Moss, Stavern eller Kongsvinger, har Khrono tidlegare skrive.
Bodø stod ikkje på lista.
— Burde hovudsetet ligga her, Steinbakk?
— Me har ikkje opplevd at campus Bodø har vore sett i spel, snarare tvert om. Senterpartiet vil jo satsa på distrikta, difor er vel både campus Bodø og Alta heilt etter deira ønske. Me er i stand til å ta imot fleire studentar her, men me forheld oss til det som Stortinget bestemmer, og leverer på det mandatet som campus Bodø er gitt. Og me er komfortable med det.
Det vert drifta godt slik det er no, seier Steinbakk, og viser til nærleik til og samarbeid med Nord universitet som noko positivt.
— Studentane har mellom anna tilgang til universitetsbiblioteket, og Politihøgskulen sin litteratur finst også der. I tillegg har me blant anna samarbeid med både sjukepleie- og paramedicmiljøet i øvingar, og me er med på den store Øvelse Nord.
Han peikar på at PHS også har eit godt samarbeid med politiet i Bodø og med Nordland politidistrikt, både når det gjeld øvingar, leige av personell og øvingsfasilitetar.
