Debatt ● Hege Njaa Aschim
Statsbygg rådgir statlege verksemder
Nei, Statsbygg har ikkje fått som samfunnsoppdrag å omlokalisere store delar av universitets- og høgskulesektoren, skriv Hege Njaa Aschim.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I eit innlegg i Khrono 13. juli spør Håvard Teigen om Statsbygg har fått som samfunnsoppdrag å omlokalisere store delar av universitets- og høgskulesektoren. Svaret på det er nei.
Statsbyggs samfunnsoppdrag er å vere rådgivar for statlege verksemder i bygge- og eigedomssaker. Vi skal gi råd om korleis ein statleg aktørs nye eller endra behov for lokale best kan løysast gjennom ombygging eller tilbygg til eksisterande bygningar, nybygg eller leige i den private marknaden. Vi gjennomfører konseptvalsutgreiinger som viser kva samfunnøkonomisk perspektiv alternativa har.
Statsbygg er ein forvaltningsbedrift underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet og har ingen privatkapitalistisk mål for verksemda si. I rådgivinga vår legger vi vekt på å forstå leigetakaranes og brukaranes ønsker og framtidige behov og korleis lokala kan legge til rette for deira mål for verksemda.
Når det gjeld lokalisering følger Statsbygg statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging der det heiter at:
«Utbyggingsmønster og transportsystem bør fremje utvikling av kompakte byar og tettstadar, redusere transportbehovet og legge til rette for klima- og miljøvennlege transportformer. I samsvar med klimaforliket er det eit mål at veksten i persontransporten i storbyområda skal takast med kollektivtransport, sykkel og gonge.»
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager