høgskolen i østfold

Stipendiat: — Å ta doktorgrad er eit verds­meisterskap i sjølvstende

— Når eg er stipendiat og novise, då skal eg stå åleine. Det er noko sjølvmotseiande i det, sier Camilla Gjellebæk som tek doktorgrad ein annan stad enn der ho er tilsett.

Aldri har eg kjent meg så attraktiv som då eg vart stipendiat, seier Camilla Gjellebæk. Å rettleia stipendiatar er noko mange vil, nokre stader heng det saman med merittering og professoropprykk. Gjellebæk meiner kursing av rettleiarar er ein god ide.
Publisert Oppdatert

I Noreg er det no om lag 150 aktive stipendiatar som tek doktorgrad utanfor eigen institusjon. Dei kan møte andre utfordringar enn dei som tek graden «heime». 

— Mange stipendiatar opplever at det vert sendt ut signal om at å ta doktorgrad, det er eit verdsmeisterskap i sjølvstende. Med andre ord, medan ein framleis er student er det venta at ein skal gjera alt åleine.

Fakta

Disputasar ved annan institusjon

  • 2018: 63 disputasar. Flest tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (17) og OsloMet (10)
  • 2019: 48 disputasar. Flest tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (11), Universitetet i Søraust-Noreg (7) og NTNU (7)
  • 2020: 71 disputasar. Flest tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (25) og OsloMet  (12)
  • 2021: 33 disputasar. Flest tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (13) og OsloMet (5)
  • 2022: 31 disputasar. Flest tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (14) og OsloMet (7)
  • Høgskulane med få og/eller nye doktorgradsprogram; i Molde, Volda og Østfold, har alle kandidatar som har teke doktorgrad ved annan instituisjon dei siste fem åra. Østfold har 17, Volda 11 og Molde 1.

Det seier Camilla Gjellebæk. Ho er stipendiat ved Høgskolen i Østfold og har fram til nyleg leia stipendiatforeininga der. 

Saman med Helene Ingierd, direktør for dei nasjonale, forskingsetiske komiteane, og førsteamanuensis Leonora Onarheim Bergsjø frå Høgskolen i Østfold sit Gjellebæk i panelet når høgskulen og Khrono arrangerer panelsamtale 27. september. Tema: Korleis sikra god nok rettleiing?

Panelsamtalen ser du her frå klokka 12.30 onsdag.

Rettleiar langt unna

Tal frå HK-dir viser at det er om lag 150 stipendiatar i Noreg som er i eit løp der dei tek doktorgrad ved ein annan institusjon enn der dei er tilsett. Flest er det ved dei institusjonane som ikkje har, eller som har få, eigne doktorgradsprogram.

I 2020 var det over 70 nye doctores som hadde vore tilsett ved eit anna universitet eller høgskule enn der dei fekk doktorgrad. Dei siste åra har det vore i overkant av 30. Om lag like mange vert tekne opp som stipendiatar i denne kategorien kvart år, viser tala.

 Høgskolen i Østfold har nyleg fått sitt første doktorgradsprogram.

— Me er opp mot femti tilsette her som er i eit doktorgradsløp, seier Gjellebæk.

Ho seier at det kan vera store utfordringar knytt til å vera stipendiat ein annan stad enn ein faktisk er tilsett.

— Ein er i ei formell forskarutdanning, det trur eg er lett å gløyma. Høgskolen i Østfold er arbeidsgivaren vår, men dei tenkjer kanskje at me vert tekne vare på av institusjonen der me har fått opptak. Doktorgradsprogramma me er ein del av tenkjer at det er høgskulen som har hovudansvar for oss, seier Gjellebæk.

— Korleis er det å sitja langt unna rettleiar og forskingsgruppe?

— Eg har høyrt mange historier om dette, og det verkar veldig tilfeldig. Nokre er ein integrert del av eit forskingsmiljø, andre har overhovudet ikkje kontakt med forskargrupper der dei tek doktorgrad.

Stipendiaten seier at stadig fleire av dei frå Høgskolen i Østfold som tek doktorgrad, har hovudrettleiar ved heimeinstitusjonen. Ho understrekar òg at det finst solskinshistorier, som dei rettleiarane som til dømes tek stipendiatane med når dei skal gjera arbeid, til dømes for tidsskrift. Slik får dei ferske forskarane med seg ei ekstra erfaring.

Maktbalanse

Nyleg presenterte dei forskingsetiske komiteane ein rettleiar om rettleiing. Her har rettleiarane fått stort ansvar. Dei skal både sikra at stipendiatane kjenner til forskingsetiske normer, men dei skal òg vera medvitne om den asymmetrien som er i eit rettleiar-stipendiat-forhold.

Khrono har tidlegare skrive om førsteamanuensis Sofie Høgestøl, som opplevde at ho ikkje fekk rettleiing då ho var fersk stipendiat.

— Maktfordelinga er ei utfordring. Når ein tek doktorgrad etter at ein har fått fast tilsetjing får ein eit anna forhold til folk ein elles er på like fot med. Det kan gjera at ein tenkjer seg om; «vil eg ta opp dette», seier Gjellebæk.

Ho seier òg at maktbalansen kan visa seg mellom anna når ein drøftar rekkefølgja på forfattarane til ein vitskapeleg artikkel.

— Kvifor står stipendiat-rettleiar-forholdet over Vancouver-reglane, spør ho tørt.

Vert sitjande åleine

Sjølv tek Gjellebæk doktorgraden sin ved Högskolan Väst i Trollhättan i Sverige, innanfor informatikk. Ved denne høgskulen må alle som skal rettleia ha gjennomført eit eige rettleiingskurs, noko professor Trine Fossland også har teke til orde for i Khrono.

Eg plar seia at det trengst ein landsby for å oppdra ein forskar

Camilla Gjellebæk

— Eg plar seia at det trengst ein landsby for å oppdra ein forskar. Det må riggast eit miljø rundt stipendiaten, der ein mellom anna seier noko om kven som har ansvar, seier Gjellebæk.

Stipendiaten meiner at Noreg ville utdanna betre forskarar dersom ein såg bort frå det ho altså kallar ein verdsmeisterskap.

— Mange stipendiatar analyserer rådata åleine. Eg trur ikkje at dei verken juksar eller gjer ein dårleg jobb, men eg trur det mellom anna hadde heva den forskingsetiske standarden dersom rettleiar og stipendiat hadde sett på dette saman.

Ho legg til:

— Samstundes som eg er stipendiat, leier eg eit anna forskingsprosjekt. I sistnemnde kan eg samarbeida, men når eg er stipendiat og novise, då skal eg stå åleine. Det er noko sjølvmotseiande i det.

Powered by Labrador CMS