Debatt ● Akademiet for yngre forskere
Sommarens varsku om maktrelasjonar krev handling
Arbeidet mot maktmisbruk og trakassering i norsk akademia er langt frå over. Akademiet for yngre forskere (AYF) krev betre opplæring og klare rutinar.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I det jamstilte og likeverdige Noreg er det lett å tenke at maktmisbruk og portvaktar var noko me gjorde oss ferdige med på syttitalet. Det er den offisielle forteljinga, og det er for så vidt riktig at mykje har blitt gjort og at det skjer mykje godt arbeid fleire stadar i sektoren. Men fleire oppslag og kronikkar i Khrono i sommar syner at dette er eit vedvarande arbeid.
I juni var me med på ein kronikk som peiker på dei mange utfordringane som kan treffe ein stipendiat som står i konflikt med rettleiar, og korleis mange i denne situasjonen opplever manglande støtte og dårlege rutinar både hjå arbeidsgjevar og blant kollegaer. I ei oppfølgingssak fortalde Sofie Høgestøl, også tidlegare AYF-leiar, at det var like før ho ikkje fullførte doktorgraden nettopp på grunn av dårleg rettleiing og manglande oppfølging frå institusjonen.
Førre veke skreiv postdoktor Ingvild Bergom Lunde ei rekke råd til nye stipendiatar og postdoktorar, og det er likeins ikkje lystig lesing. Etter ti år i norsk akademia teiknar ho eit bilete der stipendiatar må ta omsyn til maktspel, uformelle sanksjonar og intellektuell trakassering.
Alle utspela her spør etter betre rutinar og tydelege retningslinjer for å regulere maktrelasjonane i akademia, særleg mellom rettleiar og stipendiat. Løysingane, når dei har komme, kjem gjennom formelle prosedyrar og kjennskap til eigne rettar. Dette speglast også i vår rapport frå 2019 «Rom for mangfold i akademia», der 1251 yngre forskarar i Noreg melde tilbake at opplevd utanforskap og trakassering i mykje større grad finn stad i uformelle rom enn når ting skjer i formelle rammer.
Konsekvensane av dette er store. For den einskilde forskar kan det føre til stress, sjukdom og forseinking, og somme vil velje å bryte doktorgradsarbeidet. Dette gjer det i tur til eit problem for forskingsnoreg, der Forskerforbundet si medlemsundersøking «Jeg elsker å være forsker, men …» frå 2022 syner at 1 av 3 forskarar har vurdert å slutte i akademia og berre 1 av 5 postdoktorar vil råde andre å bli forskar.
For å gå riktig veg inn i framtida må forskings-Noreg rekruttere meir, breiare og betre, og me må sørgje for at kompetansen og mangfaldet som kjem inn i rekrutteringsstillingane blir med vidare inn i faste og etter kvart styrande stillingar. Då har me ikkje råd til at folk blir skvisa ut i maktkamp og trakassering.
Dette skal AYF halde fram med å arbeide for, og i våre nye politiske notat som me skal vedta på generalforsamlinga i oktober står det mellom anna at AYF vil arbeide for at:
- Institusjonane må sørgje for
opplæring i forskingsetikk for alle tilsette, med oppdatert kunnskap om gjeldande
forskingsetiske lovverk og rettesnorer.
- Arbeidsgjevarar og rettleiarar
skal legge til rette for at yngre forskarar kjenner seg trygge og får anerkjenning
for arbeidet dei gjer.
- Medforfattarskap skal bli
anerkjend med gjennomsiktige avtalar som er kjende for alle medlemmar i eit
forskingsprosjekt.
- Institusjonane sine
strategidokument og handlingsplanar for likestilling, mangfald og inkludering
skal vere tilgjengelege for alle tilsette og studentar, på norsk og engelsk.
- Varslingsrutinar må sikre tilsette både på og utanfor ordinært arbeidsstad, til dømes i samband med konferansar, feltarbeid eller prosjektsamarbeid. Varsel må bli følgde opp og føre til konkrete endringar dersom dette er naudsynt.
Tysdag 19. september er det årlege Forskningsetisk forum, der Dei nasjonale forskingsetiske komitear lanserer ein rettleiar for institusjonanes arbeid med forskingsetikk. Me i AYF er glade for at forumet i år set søkelys på rettleiing og rettleiar si rolle i samband med forskingsetikk, og dessutan ujamne maktstrukturar. Me ser fram til forumet og til å sjå innhaldet i retningslinjene og ikkje minst korleis dei blir teke opp og brukt i forskingsnoreg for å motverke maktmisbruk og trakassering i tidlege og avgjerande tidsrom i akademiske karriereløp.
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord