ureieleg
Stipendiat juksa med bilete, vart kasta ut
Då framgangen var i minste laget, vart stipendiaten freista til å visa bilete av arbeid andre hadde gjort. No har han mista studieretten sin ved Universitetet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Å lata som dette er hans eige, synest eg er å gå for langt. Kan det ha konsekvensar?
Dette vart skrive i ein intern epost ved Universitetet i Bergen (UiB) i desember 2020. Ein stipendiat ved Institutt for biovitskap hadde då hatt ein presentasjon i samband med midtvegsevalueringa av doktorgradsprosjektet sitt. Fleire av dei som såg denne, merka seg at noko av arbeidet hadde dei sett før.
Stipendiaten har innrømma å ha plagiert andre sitt arbeid. Før jul 2021 oppheva fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet studieretten hans. Det vil òg verta ei oppseiingssak, sidan mannen var tilsett.
Det var Forskerforum som skreiv om saka først.
Tok frå masteroppgåve
Konkret har stipendiaten brukt eit bilete som er brukt frå ein annan student si masteroppgåve, utan at det er referert til kjelda. I tillegg er andre bilete manipulerte, og nokre er kopiar frå ein artikkel stipendiaten ikkje har skrive sjølv.
— Vitskapeleg ureieleg, sa reielegheitsutvalet ved UiB, og meiner at stipendiaten har visst kva han gjorde.
Stipendiaten sjølv har innrømma dette, og sa ifølgje eit møtereferat at han visste at han ikkje burde gjera det. Men han hadde så få eigne resultat å visa til.
Stipendiaten peika på fleire forhold som årsak til at han ikkje hadde kome skikkeleg i gang med doktorgradsarbeidet. Rettleiaren peika på at stipendiaten var lite på laboratoriet, og var usikker på om stipendiaten ville koma i mål med prosjektet. Midtvegsevalueringa vart ikkje godkjent.
Eiga oppseiingssak
Saka har vore handsama på instituttet, mellom anna har instituttet sitt forskarutdanningsutval vore inne i saka. Dei ba om at kandidaten vart skriven ut av ph.d.-programmet. Bakgrunnen er manglande progresjon.
— Utvalet er ikkje kjent med at kandidaten har vore til stades på instituttet sidan han var i oppfølgingsmøte med instituttleiinga i januar/februar 2021. Han har heller ikkje respondert på innkalling til møte med rettleiar for å diskutera progresjonen i arbeidet med avhandlinga, heiter det i dokument Khrono har fått tilgang til.
Under dette møtet sa kandidaten, ifølgje saksframstillinga til fakultetsstyret, at han for tida ikkje jobba med avhandlinga si.
Når stipendiaten no har mista studieretten, misser han tilgang til rettleiing, forskingsinfrastruktur og IT-tilgang. Ei eiga sak om oppseiing vil verta fremja for fakultetsstyret. Fakultetsstyret ved Det matematiske-naturvitskapelege fakultetet har årets første møte 23. februar.

Nylige artikler
OsloMet vil i gang med å utdanne jurister
Universiteter stenger ned og legger om undervisningen
Når studenter blir straffet for å være syke
De kniver om å bli Norges mektigste student
Storbritannia stanser studentvisum fra fire land
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas