styremøte
Student vart felt for å bruka KI på eksamen
Kjeldene studenten viste til, viste seg ikkje å vera reelle. Studentjuks er ei av sakene Høgskulen i Volda skal handsama på styremøte 7. mars.
Rapport frå arbeidet i Nemn for studentsaker er ei av sakene som står på dagsordenen når Høgskulen i Volda har styremøte 7. mars. Her kjem det fram at høgskulen i åra 2021—23 har handsama 14 saker om studentfusk. Blant dei fjorten er det både ulovleg samarbeid, ulovlege hjelpemiddel til eksamen og plagiering.
I tillegg har høgskulen det siste året handsama to saker som handlar om bruken av kunstig intelligens (KI) på eksamen.
Styremøtet ser du direkte her frå klokka 9.
Tek lenger tid
Den første studenten som nytta KI, gjorde dette før retningslinjene ved høgskulen var heilt klare, kjem det fram i saksframstillinga. Vedkomande fekk difor eksamenen annullert, men fekk ikkje nokon annan reaksjon.
Den andre studenten leverte oppgåva si etter at høgskulen hadde gått ut med informasjon om at bruk av KI ikkje var lov. I tillegg hadde høgskulen arrangert to webinar om kunstig intelligens. Denne studenten fekk annullert eksamen og vart i tillegg stengt ute i to semester.
I begge desse sakene kom det fram at kjeldene som det vart referert til i oppgåvene til studentane, ikkje handla om det som vart referert til.
«Så lenge det ikke finnes gode systemverktøy, for eksempel KI-detektorer, for å
avsløre bruk av KI, vil saksutredningen i stor grad bestå i at saksutredere gjennomgår
oppgavene og kildene manuelt. Dette kan medføre at det denne typen saker får noe lengre
saksbehandlingstid enn for eksempel plagiatsaker», heiter det i saksframstillinga.
Skal tilsetja dekan
Høgskulestyret skal òg mellom anna handsama årsrapport og årsrekneskap, og det skal tilsetja ny dekan ved Avdeling for mediefag.
Her er heile sakslista:
- 8/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
- 9/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret — 7.12.2023 — 19.12.2023 — 22.12.2023 — 21.01.2024 — 06.02.2024
- 10/24 — Orientering frå rektor
- 11/24 — Årsrekneskap 2023
- 12/24 — Langsiktig investeringsplan 2024 — 2028
- 13/24 — HMS-årsrapport 2023, HMS-handlingsplan 2024 og AMU-årsrapport 2023
- 14/24 — Studiekvalitetsrapport for Høgskulen i Volda 2022—2023
- 15/24 — Årsrapport — Status Høgskulen i Volda — personvern og informasjonssikkerhet året 2023
- 16/24 — Rapport fra arbeidet i Nemnd for studentsaker
- 17/24 — Årsrapport for HVO 2023
- 18/24 — Tildelingsbrev HVO 2024
- 19/24 — Etatstyringsmøte 10. juni 2024
- 20/24 — Orientering om avtale mellom Sunnmøre kulturnæringshage og HVO/AKF
- 21/24 — Styreseminar 6. mai 2024: Opplegg for seminaret
- 22/24 — Innføring av institusjonell rettigheitspolitikk (IRRS) ved Høgskulen i Volda
- 23/24 — Reakkreditering av samfunnsutvikling — bachelor
- 24/24 — Oppnevning av ny institusjonsansvarlig for skikkethetssaker ved Høgskulen i Volda og representant fra sosialutdanningene
- 25/24 — Forlenga kalling Rune Krumsvik
- 26/24 — Tilsetting i st. nr. 34/2023 — Dekan ved AMF
- 27/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
- 28/24 — Ymse
Nyeste artikler
Dette vet vi om statsbudsjettet
Slik vil det høyreekstreme partiet endre akademia
Regjeringen har satt lista høyt — nå må de levere!
Kommunen skal spara pengar. Det får konsekvensar for forskarane
Det er ikke bare distriktene som gjelder
Store akademiske forlag hindrer vitenskapelig fremgang
Mest lest
«Pornoprofessor» sparka for andre gong
Fryktar maktmisbruk og trynefaktor i rekruttering til universitetet
Disse skal granske Norges mest publiserende forsker
— Det er regnearkenes seier over den sunne fornuft
Privat høgskole utelukker ikke oppsigelser. 31 årsverk skal bort
Stipendiat fra UiO til topps i Forsker Grand Prix