bokhandel
Studentane seier «ja» til bokhandel
Forslaget om å ikkje ha bokhandel på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen fekk berre fire røyster i studentparlamentet.
Bør det vera ein bokhandel på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen (UiB)? Nei, var innstillinga frå studentparlamentet sitt arbeidsutval.
Bakgrunnen for innstillinga var ein resolusjon frå Venstrealliansen, der det mellom anna heitte at «studentene har behov for et sted man kan tilbringe fritid i rolige omgivelser for å få et pust i bakken i en travel studenthverdag. Et slikt sted bør være i tilknytning til tjenester studentene benytter, slik som Sammen Studentliv. Her bør det også være rom som kan bookes til møter for studentorganisasjoner eller kollokviegrupper, i tillegg til avslappende friarealer til samtaler, brettspill, strikking, maling etc.».
Men studentane sa nei til resolusjonen.
Studvest skriv at det var ein omfattande debatt, og resolusjonen fekk berre røyster frå Venstrealliansen sine fire representantar.
— Dette er eit heilt surrealistisk resolusjon som er veldig lite gjennomtenkt, sa Kianosh Solheim i Sosialdemokratisk liste.
Meinte plassering ikkje kunne forsvarast
I august skreiv Khrono at Høgskulen på Vestlandet ikkje lenger ønskjer at bokhandelen Akademika skal ha butikk midt på campus Kronstad. Her samla tilsette inn underskrifter for bokhandel på campus.
Kaja Hovdenak, som leier studentparlamentet ved UiB, sa til Khrono før saka skulle handsamast i studentparlamentet at arbeidsutvalet hadde innstilt på vedtak fordi det var eit godt initiativ for utnytting av studentareal å bruka det på studentfrivilligheit.
— Me meiner bokhandelen ikkje vert brukt nok til at han forsvarar plasseringa si, som er midt i smørauga på campus, sa ho.
Kom med endringsforslag
Studvest skriv at Venstrealliansen sjølv kom med endringsforslag til resolusjonen før han vart handsama i parlamentet.
— Me er ikkje imot å ha ein bokhandel, og heller ikkje imot Akademika. Men me er positive til studentareal. Me synest ikkje indrefileten av campusareala skal gå til ein butikk, sa forslagsstillar Arvid Fauskanger Ekberg til Studvest.
I tillegg til Sosialdemokratisk liste var òg Moderat liste kritiske. Anne Aurora Bjørkly i Moderat Liste sa til Studvest at bokhandelen er den einaste staden der UiB-studentane kan få rettleiing i å vita kva pensumlitteratur som er viktig.

Nylige artikler
Tips til studentene: Slik lykkes du på eksamen
Nei til nedleggelse av ultralydutdanning for jordmødre ved NTNU
Vil satse fleksibelt i Hallingdal
Grande, hvorfor i all verden skal det være så vanskelig?
Slit framleis med personvern ved Nord universitet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte