internasjonale studentar

Studentar kan måtta pendla mellom Noreg og Bangladesh etter visumavslag

Måndag møtte berre 10 studentar opp på Høgskulen på Vestlandet sitt studium i maritime operasjonar. Resten av kullet, 40 studentar frå land utanfor EU/EØS, hadde ikkje fått opphaldsløyve.

På fremste rekk: Jorunn Steensnæs, viseinstituttleiar ved Institutt for maritime studier/HVL; Gerhard Kreutz, president ved Hochschule Emden/Leer; Marcus Bentin, dekan ved Hochschule Emden/Leer og Wenke Meyer, studiekoordinator ved Hochschule Emden/Leer. På biletet er det åtte studentar. Det kom eit par til, men så langt er det berre studentar frå Noreg og Tyskland som er på plass i Haugesund.
Publisert Oppdatert

Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Hochschule Emden/Leer i Tyskland samarbeider om masterprogrammet Maritime operasjoner. Første semester er i Tyskland, andre i Noreg, og for dei to siste semestera vel studentane anten Noreg eller Tyskland.

Då HVL måndag skulle ta imot nye studentar i Haugesund, var det mange pultar som stod tomme. Årsak: Alle studentane utanfor EU/EØS, 40 i talet, har fått avslag på visumsøknaden. 

— Dette har me aldri opplevd før. Me har hatt dette programmet sidan 2017, og det har vore organisert på same måten alle åra, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne Grethe Naustdal.

Meiner studentane kan reisa fram og tilbake

Studiet vert på høgskulen si heimeside presentert som samlingsbasert. Det betyr ikkje at det er eit deltidsstudium, seier Naustdal, men at undervisninga er i bolkar, med periodar til eigenstudium mellom. Arbeidsmengda er rekna til førti timar i veka. 

Prorektoren viser til at stipendiatar har det på same måten. Dei har heller ikkje undervisning eller fast opplegg heile tida.

HVL skriv på sine nettsider at studiet denne hausten har i alt tre veker med undervisning. I desse vekene er det både førelesingar og praktiske oppgåver i grupper. Det er om lag fire veker mellom kvar samling.

Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner studentane berre treng å vera på campus når det er obligatorisk undervisning.

Det har fått rektor Gunnar Yttri og viseinstituttleiar Jorunn Steensnæs til å protestera:

«Når UDI i sin begrunnelse skriver at det ikke er nødvendig for studentene å være på campus utover samlingene, er vi uenige i dette, og det går imot vårt faglige mål om å bygge et godt læringsmiljø rundt masterprogrammet. Å studere på distanse er ikke likeverdig med å være fysisk til stede. Da mister studentene mulighet til faglig diskusjon og kollokvium med sine medstudenter. Hvis studentene ikke kan få studietillatelse og faktisk være studenter i Haugesund, må HVL vurdere om vi i det hele tatt kan ta opp studenter utenfor EU/EØS på programmet», skriv dei i eit brev til UDI som vart sendt før helga. 

I brevet skriv dei òg at det å ikkje ha høve til å vera i Haugesund heile tida medan ein er student, vil skapa eit skilje mellom studentar innanfor og utanfor EU/EØS.

— Ikkje akseptabelt, oppsummerer Yttri og Steensnæs.

Dei peikar òg på at det ikkje er mogleg å følgja undervisninga digitalt.

Unntak frå betaling

Ingen av studentane frå land utanfor EU/EØS møtte måndag. Dei om lag ti studentane som kom, kjem alle frå Noreg og Tyskland. I tillegg er det venta nokre fleire studentar dei næraste dagane, opplyser HVL.

Studentane som no ikkje kjem seg til Noreg, skulle betalt studieavgift. Men dei nye reglane har unntak, og det heiter mellom anna at «studenter som er omfattet av et institusjonelt utvekslingssamarbeid» kan få unntak frå å betala avgift.

— Først sa me at desse studentane måtte betala. Men mot slutten av juni kom lovheimelen for studieavgift og forskrift om unntak på plass. I og med at fellesgrader kunne få unntak, så gjekk me for det, og søkjarane vart informerte, seier Naustdal.

— Reglane var altså ikkje klare før like før sommaren, og studentane søkte difor om visum forholdsvis seint.

Studentane som no ikkje kjem seg til Noreg, kjem frå land som India, Pakistan og Bangladesh. Dette er ikkje land som står på regjeringa si liste over land ein har sanksjonar mot.

— UDI har ikkje teke kontakt med oss før dei fatta vedtaka, seier Naustdal.

UDI: Besøksvisum

— Me har vore i kontakt med HVL om det konkrete studieprogrammet det blir spurd om her. Me har etterspurd informasjon om studieprogrammet og behovet studentane har for å opphalda seg i Noreg for å gjennomføra studiet. Me har fått opplyst at det berre er obligatorisk oppmøte i ei av tre undervisningsveker det første semesteret, opplyser Christiane Heffermehl Lange, einingsleiar for opphald i UDI, i ein e-post til Khrono.

Lange skriv at når ein utlending søkjer om opphaldsløyve er UDI pålagd å vurdera om den det gjeld, ut ifrå formålet han eller ho har oppgitt, har behov for å opphalda seg i landet i meir enn seks månader i løpet av året det er søkt om.

— Viss studiet er samlingsbasert, vil me alltid vurdera om studenten har behov for å opphalda seg i Noreg for å gjennomføra det. Denne vurderinga er basert på opplysningar om studiet, som kor ofte det er undervisning eller samlingar, kor lange samlingar det er, og kor lang periode studenten må vera fysisk til stades for å delta i studiane, skriv Lange.

Ho skriv vidare at viss dei vurderer at studenten ikkje har behov for å opphalda seg ved studiestaden, vil dei som hovudregel avslå søknaden om opphaldsløyve.

— Til dømes gir me i hovudregel ikkje opphaldsløyve til studentar som har opptak til nettstudium. Men studentar kan søkja om visum for å delta på obligatoriske samlingar eller avleggja eksamen. Eit besøksvisum kan givast for inntil 90 dagar. Studentar som kjem frå land der det ikkje er krav om visum for å koma til Noreg, kan òg studera i Noreg i inntil 90 dagar av ein 180-dagarsperiode utan å søkja om opphaldsløyve.

Det er tre vekers klagefrist på vedtaket. Om ein kan vera i Noreg medan klaga vert handsama, vil ifølgje UDI vera ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Endringslogg

30.08.2023, kl. 16.10: Sitatene fra UDI er korrigert. Det handler særlig om bruk av ordet samling kontra undervisningsuke.



Powered by Labrador CMS