USA
Studentar og professorar arresterte over heile USA. Nærmar seg 900
Demonstrasjonane mot Israel spreier seg raskt til stadig fleire universitet.
Laurdag
vart 275 personar arresterte etter demonstrasjonar ved ulike universitet i USA,
melder Associated Press.
Med det er talet oppe i nesten 900 arrestasjonar i heile landet, sidan 18. april då 100 studentar vart arresterte under protestaksjonar ved Columbia-universitetet i New York.
Mange er blitt mellombels utviste frå institusjonane dei studerer ved, som følgje av at dei har deltatt i demonstrasjonar.
Også tilsette og professorar er blitt arresterte, ifølgje fleire nyhendekjelder. Ved New York University, vart ei gruppe professorar arresterte då dei slo ring om demonstrerande studentar.
Ved Indiana University i Bloomington skal fleire professorar ha vore mellom dei arresterte torsdag førre veke, då ei gruppe på 34 personar demonstrerte på Campus.
Teltleir ved Yale
Det har vore uro og harde frontar ved amerikanske universitet heilt sidan Hamas-angrepet mot Israel 7. oktober i fjor, då om lag 1200 menneske vart drepne og 250 gislar tatt.
Etter demonstrasjonane på Columbia i april har protestane spreidd seg raskt til andre universitet i 18 ulike statar, viser ei oversikt i Chronicle of Higher Edcuation.
Også ved fleire av dei kjende eliteuniversiteta, aukar protestane i omfang.
Ved Yale åtvarar leiinga no, ifølgje CNN, om at studentar kan risikere å bli arresterte eller suspenderte frå universitetet. Ei gruppe studentar har den siste tida sett opp teltleir på campus.
Største sidan 1960-talet
Studentdemonstrasjonane i USA er dei mest omfattande sidan 1960-talet.
I 1968 vart 700 studentar, som protesterte
mot Vietnam-krigen, arresterte ved Columbia, etter at dei hadde okkupert fleire
bygningar på universitetet.
På 1970- og 80-talet var fleire campusar prega av demonstrasjonar mot apartheid-regimet i Sør-Afrika. I mai 1977 vart 294 studentar arresterte under ein fredeleg demonstrasjon ved Stanford-universitetet.
Også den gongen kravde studentar og tilsette at universiteta skulle stanse investeringar og kutte økonomiske band og støtte, den gong til universitet i Sør-Afrika.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager