språk

Styremedlem: Ikkje nok å seia at ein manglar nynorsk­kompetanse

Utdanningsinstitusjonane har eit ansvar for å skriva korrekt både på nynorsk og bokmål, seier Nina Refseth. Ho er styremedlem hos NTNU og styreleiar hos Det norske teatret.

Utdanningsinstitusjonane i vest gjer det best i nynorskprosent, kommenterer Nina Refseth. Ho meiner alle utdanningsinstitusjonane bør klara å følgja Språklova. Sjølv sit ho i styret til NTNU. Her saman med Gunnar Bovim, Svein Richard Brandtzæg og Aksel Tjora.
Publisert Oppdatert

20 universitet og høgskular klarar ikkje å oppfylla krava i Mållova, som slær fast at statlege organ skal nytta kvar av dei to norske målformene minst 25 prosent. Heller ikkje Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet eller Unit klarar dette. Konkret er det nynorskprosenten som er for låg.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Norske utdanningsinstitusjonar har eit særskilt ansvar for norsk fagterminologi. Det er ikkje nok å seia at ein manglar kompetanse i nynorsk. Alle har hatt sidemålsopplæring, seier Nina Refseth.

Ho er direktør for Norsk Folkemuseum, styreleiar for Det norske teatret, har tidlegare vore direktør i Samlaget, og er nyleg oppnemnd som styremedlem ved NTNU for ein ny periode.

Meiner studentane må få møta språket sitt

Nettopp NTNU er blant verstingane i klassen når det gjeld nynorskbruk. Som Khrono har skrive, har Språkrådet no varsla Kunnskapsdepartementet om manglande nynorskprosent og manglande progresjon med språkarbeidet ved universitetet.

Refseth understrekar at ho ikkje uttalar seg på vegne av NTNU-styret. Ho ønskjer heller ikkje å seia noko om korleis NTNU-styret bør gå inn i språkarbeidet. Men:

— Eg meiner språk bør vera eit tema i styra med jamne mellomrom. Dette er noko ein må vera medviten om, seier Refseth.

Ho peikar på at mykje av det utdanningsinstitusjonane publiserer av tekst ikkje er forskingsresultat, men administrative tekstar. For vitskapeleg publisering går det no føre seg ein debatt om publisering på norsk eller engelsk.

— Det er ei naturleg utvikling at ein skriv meir engelsk. Men når ein klarar det, burde ein òg klara å få på plass eit nynorsk fagspråk, seier Refseth.

— Utdanningsinstitusjonane har studentar med både nynorsk og bokmål som hovudmål. Slik det er i dag, møter ikkje nynorskbrukarane språket sitt i stor nok grad.

Fekk meir direkte språk

Sjølv har Refseth, som er trønder, konvertert til nynorsk i vaksen alder.

Nina Refseth vaks opp som bokmålsbrukar, men gjennom jobb i Universitetsforlaget, Samlaget og styreleiarverv i Det norske teatret har ho konvertert til nynorsk som hovudmål.

— Det kan skje den beste, humrar ho.

Ho fortel at då ho hadde ansvar for høgare utdanning i Universitetsforlaget hadde ho fleire nynorskforfattarar på lista.

— Eg er over snittet interessert i språk, og òg oppteken av at språket skal vera lesevennleg. Eg såg at språket mitt vart meir direkte då eg gjekk over til å skriva nynorsk, seier Refseth, og legg til at då ho kom til Samlaget skreiv alle nynorsk.

Som Khrono har skrive, har Universitetet i Stavanger (UiS) fått på plass ein betre nynorskprosent dei siste åra. UiS-rektor Klaus Mohn er sjølv nynorskbrukar, og sa nyleg til Khrono at språkbruk er noko leiinga har ansvar for å setja fokus på og at leiarane må gå føre som gode døme.

— Dei tilsette veit kva eg føretrekkjer, noko som gjer at det òg har vorte fleire saksutgreiingar og styresaker på nynorsk, sa Mohn.

Refseth er samd, og seier at ho skjønar at det kan vera krevjande å skriva nynorsk dersom ein har det som sidemål sjølv og er den einaste som skal nytta målforma.

— Det er eit leiaransvar å vera medviten om språk. Eg ser at det er fleire som skriv nynorsk når dei ser at eg gjer det, eg trur mange tenkjer at det er bokmål som er forventa av dei.

Powered by Labrador CMS