Lærarutdanning

SV, Sp og Ap: Vil stanse «avskiltinga» av lærarar

Sosialistisk venstreparti (SV) rosar laksemilliardærs initiativ for distriktskulen. Opposisjonen på Stortinget vil ha handlingsplan for desentralisert lærarutdanning.

SVs utdanningspolitiske talsperson, Mona Fagerås, har engasjert seg sterkt i kampen for utdanning på Nesna i Nordland. Her flankert av aksjonistane i Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland, Jenny Myklebust (til venstre) og Cathrine Hole. — Vi har ei lærarkrise mange stader i landet, seier ho.
SVs utdanningspolitiske talsperson, Mona Fagerås, har engasjert seg sterkt i kampen for utdanning på Nesna i Nordland. Her flankert av aksjonistane i Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland, Jenny Myklebust (til venstre) og Cathrine Hole. — Vi har ei lærarkrise mange stader i landet, seier ho.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Veldig spennande, seier SVs utdanningspolitiske talsperson, Mona Fagerås, om «Lovund-modellen».

Ho er blant representantane som no legg fram ei liste med 16 tiltak dei meiner må til for å få utdannings-Noreg på rett kjøl. Forslaget skal opp til høyring i utdanningskomiteen 4. februar.

SV-politikaren, i samarbeid med komitémedlemmene frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet, krev at regjeringa stansar det dei omtalar som «avskiltingen» av lærere. Dei vil mellom anna endre opplæringslova for å kunne gjere unntak for det såkalla kompetansekravet til allmennlærarar.

Kompetansekravet vart innført av Solberg-regjeringa i 2015 og krev at lærarar på barnetrinnet må ha minst 30 studiepoeng for å kunne jobbe på barnetrinnet, og 60 studiepoeng for ungdomstrinnet frå og med 2025.

— Selskap som tar samfunnsansvar

Tidlegare denne veka fortalte Khrono historia om Aino Olaisens initiativ for å skape «verdas beste distriktsskule». Olaisen er ein av eigarane av det suksessrike oppdrettsselskapet Nova Sea som har hovudsete på den vesle øya Lovund på Helgelandskysten. På Olaisens initiativ er ei styringsgruppe i full gang med å arbeide fram ein modell for ei lærarutdanning og eit pedagogisk opplegg retta inn mot dei små skulane i utkantane.

Aino Olaisen, som har fortid som varaordførar for Ap i Lurøy kommune, ønskjer seg allmennretta lærarar som kan undervise i mange fag, både på barne- og ungdomstrinnet.

Som tidlegare fylkesråd for næring er SV-politikaren Fagerås godt kjent med Nova Sea og Olaisen.

— Det er eit selskap som tar stort samfunnsansvar. Men det er trist at det er dei private som må redde skulen. Det burde vere ei oppgåve for nasjonale politikarar å sørge for at vi har godt utdanna lærarar over heile landet. Det er eit ansvar Stortinget ikkje har tatt, seier ho.

— Lærarkrise

Opposisjonspolitikarane vil også ha ein handlingsplan for desentralisert lærarutdanning.

Eit hovudmål i «Lovund-modellen» er å gjenopprette lærarutdanninga på Nesna, som er vedtatt lagt ned av Nord universitet. Både Sp, Ap og SV har tidlegare erklært støtte til vidare utdanningtilbod på Nesna.

— Vi har ei lærarkrise, ikkje berre i mitt heimfylke Nordland, men mange stader i landet. Så initiativet til Olaisen må vi berre setje pris, seier Fagerås.

I Khrono har professor i pedagogikk, Peder Haug, ønskt initiativet frå Lovund og Helgeland velkommen. Han er kritisk til effekten av dei mange utdanningsreformene siste 20 åra. Ei stadig sterkare spesialisering forsterkar sentraliseringa og gjer det vanskelegare å sikre lærarar til mindre skular, meiner han.

I 2010 var det nettopp SV, Sp og Ap som i regjering skipa utdanningsreforma som fasa ut den tradisjonelle allmennlæraren til fordel for ein meir spesialisert grunnskulelærar. I 2017 vart grunnskulelærarutdanninga, med ei borgarleg regjering i spissen, utvida frå fire år til eit femårig masterprogram.

Ap: Nei til allmennlærar

— Eg er einig i at alle reformene, i sum, aukar sentraliseringa til utoleleg nivå, seier Nina Sandberg, som sit i utdannings- og forskingskomiteen for Ap.

— Den kursen ønskjer vi å endre. Derfor vil vi mellom anna fjerne kompetansekrava med tilbakeverkande kraft, og har lagt fram det største distriktsløftet sidan 70-talet. Men det å ønskje seg allmennlæraren tilbake vil ikkje løyse lærarmangelen. Vi meiner at læraren bør ha studert faget ungane skal undervisast i. Problemet er for lite satsing på rekruttering, for lite gjennomstrøyming og for mange lærarutdanna som går over i andre jobbar. Det er også altfor dårleg utdanning i distrikta til å dekke behovet. Nesna er eit kroneksempel på kor galt dette kan gå når regjeringa manglar ein plan for utdanning i heile landet.

Ho seier Ap er positive til det som skjer på Lovund, og tiltak som gir utdanning til fleire. Men Ap ønskjer seg ikkje lokale eller regionale variantar av lærarutdanninga, som er særskilt innretta for å utdanne lærarar til små skular, slik ein av ideane i «Lovund-prosjektet» er.

— Lærarutdanninga bør vere slik at du kan ta utdanning over heile landet og jobbe over heile landet, seier Sandberg.

Sp: Fryktar massenedlegging

Senterpartiet er ikkje framand for tanken om ei spesialisert utdanning for distriktslærarar.

Marit Arnstad, Senterpartiet, meiner det var feil å reformere bort allmennlæraren til fordel for meir fagspesialiserte grunnskulelærarar.
Marit Arnstad, Senterpartiet, meiner det var feil å reformere bort allmennlæraren til fordel for meir fagspesialiserte grunnskulelærarar.

— Vi kan ikkje stille oss slik at dagens rigide krav står i vegen for at alle elevar blir sikra retten til ein kvalifisert lærar. Då må vi finne løysingar, seier Sps Marit Arnstad.

Ho seier ho vil minne om at Sp var imot å fase ut allmennlæraren. Arnstad seier ho er svært bekymra for kva som vil skje etter 2025, når overgangsperioden for innføring av kompetansekravet er over.

— Vi fryktar det vil bli ei nedlegging av små skular over heile landet, seier Arnstad.

Powered by Labrador CMS