Debatt steinar vagstad

Svar til advokat Birthe Eriksen: Vi har rutinar på korleis vi handterer konfliktsaker

Vi representerer imidlertid berre medlemmer som ber oss om hjelp, skriv Steinar Vagstad i Forskarforbundet ved Universitet i Bergen.

Viss fleire involverte partar i ei sak ber om assistanse, så vil dei tillitsvalte dele seg, slik at ein eller fleire representerer den eine parten, medan andre tillitsvalte representerer den andre parten, fortel Steinar Vagstad..
Viss fleire involverte partar i ei sak ber om assistanse, så vil dei tillitsvalte dele seg, slik at ein eller fleire representerer den eine parten, medan andre tillitsvalte representerer den andre parten, fortel Steinar Vagstad..
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Advokat Birthe Eriksen har 5. januar eit lengre innlegg i Khrono, der ho oppsummerer tyskarvits-saka slik ho ser den. Eriksen har vore engasjert som advokat for den tyske studenten som står i sentrum av saka.

Forskarforbundet ved UiB oppfattar saka som avslutta, og ønskjer derfor ikkje å gå inn på saka i si fulle breidde, men Eriksen undrar seg over korleis Forskarforbundet engasjerer seg i konfliktsaker der det er medlemmer på begge sider. Eg kan ikkje uttale meg på vegner av heile forbundet, men vil gjerne informere om korleis vi som er tillitsvalde for Forskarforbundet ved UiB tenkjer.

Forskarforbundet kjem regelmessig opp i situasjonar der vi har medlemmer på alle kantar. Det kan ikkje vere slik at viss du opplever at ein leiar behandlar deg på ein urettmessig måte, så kan du ikkje få hjelp av fagforeininga di fordi leiaren også er medlem. Det kan heller ikkje vere slik at leiaren ikkje kan få støtte viss kritikken frå ein medarbeidar kjennest urimeleg.

Vi har derfor rutinar på korleis vi handterer slike saker. Viss fleire involverte partar i ei sak ber om assistanse, så vil dei tillitsvalde dele seg, slik at ein eller fleire representerer den eine parten, medan andre tillitsvalde representerer den andre parten. Skulle vi ikkje ha nok disponible tillitsvalde, vil vi be om assistanse frå forbundet sentralt.

Vi representerer imidlertid berre medlemmer som ber oss om hjelp. Den tyske studenten har ikkje tatt kontakt eller bede oss om hjelp. Svein Larsen bad oss om hjelp, og vi yter, i denne saka som alltid, slik assistanse utan tanke på om andre involverte også er våre medlemmer.

Powered by Labrador CMS