USA

To studentar vart drepne i masseskyting under eksamen

To studentar vart drepne og ni er kritisk skadde etter at ein person byrja å skyta under eksamen på elite­universitetet Brown, på Rhode Island i USA.

Medlemer av etterforskingsteamet til FBI arbeider på åstaden på Brown University i Providence, Rhode Island, etter ei masseskyting som kosta to studentar livet og såra ni andre 13. desember 2025.
Publisert Sist oppdatert

Det var laurdag ettermiddag lokal tid at nokon byrja å skyta på Brown universitetet på Rhode Island i USA. Ifylgje CNN skjedde skytinga i eit bygg der ingeniørstudentar sat og hadde avsluttande eksamen.

Under ein pressekonferanse i natt norsk tid, stadfeste politiet at to av dei skotne er drepne og at åtte er kritisk skadde. Seinare vart det kjend at det også var ein niande person som var skadd.

Sende tekstmelding til studentar og tilsette

Brown-universitetet har offentleggjort eit kart der dei kjem fram kva delar av universitetsområdet som er nedstengd. Alle som oppheld seg i området må halda seg innandørs til dei får melding om anna, står det i biletteksten.
Brown-universitetet har offentleggjort eit kart der dei kjem fram kva delar av universitetsområdet som er nedstengd. Alle som oppheld seg i området må halda seg innandørs til dei får melding om anna, står det i biletteksten.

Det var både tilsette og studentar på campus då hendinga fann stad.

CNN skriv at tilsette og studentar ved universitetet fekk ei tekstmelding med oppmoding om å koma seg i tryggleik. I meldinga stod det at dei måtte låsa dører, setja telefonen på lydlaus og gøym dykk inntil vidare.

«Hugs:
SPRING – dersom du er i det råka området, evakuer trygt om du kan.
GØYM DEG – dersom evakuering ikkje er mogleg, søk dekning.
KJEMP – som siste utveg, grip inn for å verna deg sjølv.»

Delar av universitetsområdet rundt Barus & Holley vart steng ned, og var ikkje opna att sundag føremiddag. 

Rektor oppdaterer

Rektor ved eliteuniversitetet la sundag morgon ut ei pressemelding på nettsidene til universitetet. Der skriv Christina H. Paxson:

Rektor Christina H. Paxson på talarstolen under ein seremoni ved Brown universitetet
Rektor Christina H. Paxson på talarstolen under ein seremoni ved Brown universitetet

«Eg kan stadfesta at dei ni medlemene av fellesskapen vår som vart frakta til lokale sjukehus, alle er studentar. Og me har mist to studentar som fylgje av dagens øydeleggande skytevåpenvald. Dei har vår medkjensle. Dette er ein dag prega av djup sorg. Ingen forelder eller familiemedlem burde nokon gong måtta oppleva ein dag som denne.»

Rektor ved Ivy league-universitetet skriv òg i meldinga at dei ber foreldre og familiar om å ikkje reisa til universitet, sidan det framleis ikkje er rekna som trygt.

Lokalt politi trur det at det berre er snakk om ein gjerningsperson. Fleire enn 400 politifolk leitar etter gjerningspersonen, skriv CNN.

Powered by Labrador CMS