studiestart

Tok inn for mange studentar etter intern feil

Universitetet i Agder hadde plass til 68 studentar på bachelorstudiet i folkehelsearbeid, men gav tilbod til 133. No må timeplanen leggast om.

Tett i tett på fysisk opningsseremoni i Agder. No viser det seg at universitetet har teke litt mykje Møllers tran og invitert for mange studentar til seg.
Publisert Oppdatert

Universitetet i Agder har gitt for mange studentar studieplass på fire studium. Det skriv Fædrelandsvennen.

Dei fire studia er årsstudium i samfunnsretta ernæring, årsstudium i idrett, årsstudium i friluftsliv og bachelorgrad i folkehelsearbeid. For sistnemnde var det plass til 68 studenter, men det vart gitt tilbod til 133.

Seksjonsleiar for utdanningsavdelinga Marlene Romme Mørch stadfestar overbookinga, og seier at det skuldast ein intern kommunikasjonsfeil.

Må dela i grupper

— Me overbookar kvart år, seier utdanningsdirektør Greta Hilding til Khrono.

— Men i år er det fire studietilbod der ein intern kommunikasjonssvikt har gjort at me har overbooka meir enn me hadde tenkt.

Mørch seier til Fædrelandsvennen at universitetet no må kjøpa inn ekstra utstyr, ha meir gruppedelt undervisning og skaffa større undervisningsrom.

— Me skal gi dei ekstra studentane eit like godt tilbod som dei andre. Dei ferskaste tala me har er frå studiestart viser at talet på dei som møtte er færre enn dei som har takka ja, så for det eine studiet er utfordringa allereie borte. Så veit me ikkje korleis det vert utover i året, seier Hilding til Khrono.

Kan trenga fleire tilsette

Dekan ved Fakultet for helse og idrett, Anders Johan Wickstrøm Andersen, seier til Fædrelandsvennen at han er glad for at dei tilsette har vore villige til å snu seg rundt og strekka seg ekstra når ein får inn fleire studentar enn ein først hadde tenkt. Men det kan verta behov for fleire tilsette neste år, når bachelorstudentane skal ha praksis, seier han.

Meir enn hundre prosent møtte

At det vert teke inn for mange studentar til eit studium er ikkje noko nytt. I 2021 vart det via Samordna opptak sendt ut tilbod om studieplass til 110.119 personar. Det planlagte talet på studieplassar var 61.899, har Khrono tidlegare skrive.

I fjor var det godt samsvar mellom talet på studieplassar og talet på studentar som faktisk møtte til studiestart og betalte semesteravgift, men åra før var oppmøteprosenten totalt sett over hundre.

Kor mange som faktisk kjem til å studera frå hausten 2022, veit ein naturleg nok ikkje endå. Men det vart sendt ut 105 216 tilbod i sommar, til 62 500 studieplassar.

— Erfaringsmessig er det mange som takkar nei eller ikkje svarar, og ein god del av dei som takkar ja, møter likevel ikkje opp, heitte det i ei pressemelding frå Samordna opptak i juli.

Powered by Labrador CMS