Universitetet i Bergen
Tre interne vil verta nestkommanderande
Ni personar, blant dei tre som allereie har ei direktørstilling, står på søkjarlista når Universitetet i Bergen skal tilsetja assisterande universitetsdirektør.
Tore Tungodden vart tilsett som assisterande universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2015. Då hadde han vore konstituert i stillinga i nokre månader — frå Kari Tove Elvbakken gjekk av som universitetsdirektør og økonomidirektør Kjell Bernstrøm, som var avløysande direktør, vart konstituert som direktør.
I juni i år vart Tungodden tilsett som universitetsdirektør, og no er det hans assisterande som skal tilsetjast.
I alt ni personar, sju kvinner og to menn, har søkt stillinga.
Fire interne
På søkjarlista finn ein tre UiB-direktørar: Kari Fuglseth er i dag stabsdirektør og har arbeidsplassen sin ved universitetsdirektøren sitt kontor.
Kim Ove Hommen er fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet, og Maria-Carme Torres-Calvo er direktør for universitetsbiblioteket.
UiB-forskar Marwa Jalal er òg intern søkjar.
Desse vil verta assisterande universitetsdirektør
| Namn | Noverande stilling |
| Sehrish Hamid Butt (35) | National University of Sciences and Technology) |
| Ella Jeanette Helgesen (52) | Avdelingsleiar |
| Marwa Jalal (45) | Forskar |
| Jalil Azizzifar (49) | Beton Saze Torbat |
| Ana-Isabella Oen (26) | Rekneskaps- og HR-medarbeidar |
| Anne Line Grepne (44) | Seniorkonsulent, AFF |
| Kari Fuglseth (56) | Stabsdirektør |
| Kim Ove Hommen (47) | Fakultetsdirektør |
| Maria-Carme Torras-Calvo (52) | Avdelingsdirektør |
Utsett frist
UiB skal òg tilsetja kommunikasjonsdirektør. I vår vart det kjent at Olaf Erlend Gundersen går til ei stilling i Bergen kommune, og stillinga hans vart lyst ut med søknadsfrist tidleg i oktober. No er fristen forlenga til 30. oktober.
Også tidlegare har både UiB og Universitetet i Oslo brukt lang tid på å tilsetja kommunikasjonsdirektørar. UiB måtte mellom anna lysa ut stillinga to gongar for nokre år tilbake.

Nylige artikler
Hun er studentenes nye leder
Planlegg tariffoppgjøret og meld fra hvor du går
Pasientene trenger oss — vi har ingen menn å miste
Hun forsket i eget felt
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet