USA
Trump tar nesten tjue milliardar frå to universitet
Donald Trump held igjen støtte til Cornell og Northwestern tilsvarande nesten 20 milliardar norske kroner.
Først Columbia, så Harvard, Brown, Princeton, Stanford og Pennsylvania.
No står Cornell og Northwestern University for tur, melder fleire amerikanske media.
Cornell University i staten New York kan miste overføringar på ein milliard dollar. Northwestern University får 790 millionar dollar lagt på is. Det svarer til nær 20 milliardar norske kroner etter dagens kurs.
Grunnen er ifølgje Trump-administrasjonen at begge universiteta er under etterforsking etter skuldingar om antisemittisme og rasediskriminering, som følgje av tiltak for fremje mangfald.
Skulding om antisemittisme
Ein representant for Cornell-universitetet seier til New York Times at dei ikkje har fått informasjon frå styresmaktene om at forskingsmidlar på ein milliard dollar er stansa. Ein talsperson for Northwestern stadfestar derimot at dei er blitt informert.
Cornell høyrer til dei såkalla Ivy Leauge-universiteta, ei gruppe private universitet med tradisjonelt høg prestisje. Northwestern er også rekna for å vere eit av dei beste universiteta i landet.
Blokkeringa av forskingsmidlane til Cornell og Northwestern er ledd i ei varsla, massive omstrukturering av den amerikanske forskings- og utdanningssektoren i regi av Trumps regime. Så langt er 60 universitet sett under gransking, på grunnlag av skuldingar om antisemittisme.
Harvard: 100 milliardar
Columbia University i New York var det første som vart utsett for massivt press av Trump, som trua med å fjerne finansiering tilsvarande 4,3 milliardar norske kroner dersom dei ikkje etterkom ei rekke krav.
Det enda med at Columbia gav etter for presset og presenterte eit memorandum med oversikt over tiltak og endringar av reglar og rutinar leiinga ville gjennomføre. Blant desse var å innføre eit slags campus-politi med mandat til å gjennomføre arrestasjonar av studentar og tilsette.
I slutten av mars kunngjorde amerikanske styresmakter at dei ville gå kontraktane med Harvard etter i saumane — verd om lag 2,6 milliardar i norske kroner. I tillegg er Trump-regimet i ferd med gå gjennom fleirårige avtalar om forskingsstøtte med ein samla verdi på meir enn 8,7 milliardar dollar.
Harvard står dermed i fare for å miste støtte tilsvarande nesten 100 milliardar norske kroner.

Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Sats på russiskfaget — tre enkle tiltak
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager
Så mye tjente «kjendisene» i akademia