Trusselvurdering 2026
Trusselvurdering: Sjå opp for gjesteforelesarar
Russland, Iran og Kina er dei største truslane mot forskings- og utdanningssektoren. Forskarar kan vere utsette utan å vite det.
Det kjem fram i den opne trussel- og risikovurderinga for 2026 som Etterretningstenesta, Politiets sikkerheitsteneste (PST) og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) la fram fredag.
Det er særleg Kina, med sin sterke posisjon innanfor teknologi og forsking, som peikar seg ut som ein trussel for forskings- og utdanningssektoren.
Den opne trusselvurderinga bygger på rapportar frå alle dei tre tryggleiksetatane.
«Utover det som er avtalt»
Ifølgje PSTs rapport vil forskingsmiljø vere utsett for framande statar sine forsøk på å skaffe seg tilgang til teknologi og kunnskap bak produkt som kan brukast militært. Målet er å kunne utvikle og produsere produkta sjølv.
Dette skjer for eksempel ved at land som Kina eller Iran vil prøve å skaffe seg tilgang til forskingsfasilitetar og fagmiljø i Noreg, ifølgje rapporten.
Når det gjeld konkret korleis dei vil gå fram for å få dette til, peikar rapporten på fleire ting. Trusselaktørane vil for eksempel misbruke data og informasjon delt i internasjonale forskingssamarbeid.
Vidare heiter det i rapporten:
«Vi forventer at trusselaktører vil forsøke å utnytte mulighetsrom tilknyttet blant annet gjesteforelesningsordninger og tilganger til spesialisert forskningsinfrastruktur til å utføre aktivitet utover det som er avtalt».
Ofte vil det ikkje vere kjent for forskarar som er involvert at informasjonen skal nyttast til militære føremål. Forskarar ved norske institusjonar kan dermed vere utsett utan å vite om det.
Kina ser mot nord
Sjef for E-tenesta, Nils Andreas Stensønes, peikte under pressekonferansen fredag på følgjene av den endra politiske kursen i USA under Trump.
— Dette får konsekvensar for korleis Russland og Kina tenker og handlar. For dei er dette ei ønska utvikling. Dei får store moglegheiter til å styrke sin innverknad, sa han.
Kina ser på dei norske nordområda som særskilt interessante — og særleg forskarar og studentar.
«Slik vi vurderer det, anser kinesiske aktører forsknings- og utdannelsessektoren i nordområdene som en av få arenaer som fremdeles er åpne for kultivering og samarbeid», ifølgje trusselvurderinga.
Dette skjer i stor grad på ein fordekt måte, utført av kinesiske forskingsinstitusjonar som opptrer på vegne av kinesiske tryggleiks- og etterretningstenester.
Trusselvurderinga og PSTs rapport for 2026 minner også om at alle kinesiske forskarar har plikt til å innan to dagar rapportere oppdagingar av sårbare punkt i programvare inn til styresmaktene.
Slike sårbare punkt er eit viktig verktøy i kinesiske cyberoperasjonar, også mot Noreg.

Nylige artikler
Som man roper i skogen, får man svar
Kjent studie om diskriminering i akademia er feil, ifølge forskere
25 prosent nedgang i doktorgradsavtaler ved universitetene
Varsler utredning etter fagskolekonkurs
Universitetet i Bergen vil berge logopedstudiet
Mest leste artikler
Skal selge «siving-ringer» for flere millioner kroner i år
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Slutt for denne lønnede utdanningen: — Dette er så viktig
PST-sjef advarer mot spioner på Arctic Frontiers