Styremøte UIB februar 2018 Frå venstre Dag Rune Olsen, Kjell Bernstrøm. Foto: Silje Katrine Robinson

UiB-leiinga var litt for ivrige med berekraft

Berekraft. UiB-ledelsen får skryt for berekraftsinitiativet, men styret vil vere med på avgjerda.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dette er ei veldig gledeleg sak, og kunnskapsdepartementet fremmar òg berekraftmåla som ein del av vår måloppnåing, sa Kjersti Fløttum UiB sitt styremøte denne uka, ifølgje På Høyden.

Men universitetsstyret ga klar beskjed om at leiinga hadde vore litt vel raske med å peike ut eit nytt, viktig område for UiB, i tillegg til eksisterande strategiar og klyngesatsingar. Difor var rektor Dag Rune Olsen òg tidleg ute med å varsle at han ville gjere saka om frå ei rein orientering til å bli ei mellombels orientering om noko som kjem til å bli ein diskusjon i styret på eit seinare tidspunkt.

— Eg har ei innvendig som går i retning av det rektor sa i innleiinga, og som dreier seg om det reint formelle. Men denne saka er så viktig og så overgripande at eg synest det er noko styret burde fått lov til å diskutere og ha meiningar om. Eg forstår kor viktig det er å komme fort i gang med dette, men reint formelt synest eg dette burde vore noko styret kunne ha delteke i og kome med sine synspunkt på, seier Kjersti Fløttum.

Gruppe for berekraft

I førre veke arrangerte UiB ein stor konferanse om korleis norske universitet kan bidra til å nå berekraftsmåla. Statsminister Erna Solberg, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og utviklingsminister Nikolai Eivindssøn Astrup gjesta alle konferansen, som UiB-leiinga ser på som ein stor suksess. Konferansen var eit høve for UiB til å markere seg som eit universitet som er tidleg ute med å ta berekraftsmåla til FN inn over seg.

Vi må ikkje gå i den fella at vi kastar oss over ting fordi vi må vere først.

Erik Andreas Hanson

UiB-leiinga orienterte i saksframlegget styret om at det vil bli jobba med å gjere berekraft til ein del av strategien til UiB, og det er oppretta ei gruppe og eit eige sekretariat som jobbe med å gi vitskaplege råd om berekraft. Dessutan vil berekraftskonferansen bli arrangert årleg.

Ikkje gå i fella

I saksframlegget heiter det blant anna at «I revisjonen av UiBs strategi i 2018 vil bærekraftsmålene være en sentral dimensjon på tvers av universitetets eksisterende satsninger, forskningsstrategier og utdanningsprogrammer.» Men UiB-styret har enno ikkje avgjort korleis den reviderte strategien skal vere, sjølv om rektoratet i saksframlegget ga uttrykk for at bærekraft kjem til å bli sentralt.

– Vi har ikkje så valdsamt hastverk. Vi må ikkje gå i den fella at vi kastar oss over ting fordi vi må vere først. Det virkar på meg som om det er ein prosess som har gått veldig fort. Og eg kan forstå at ein har lyst til å kaste seg på når det har vore ein konferanse, og at ein har lyst til å posisjonere seg som berekraftsuniversitet, sa Erik Andreas Hanson.

Bra for verda og UiBs profil

Trass i at styret fann at rektoratet og leiinga var litt overivrige med å gjere berekraftsmåla sentrale på UiB, var det likevel semje om at det både er riktig og viktig.

— Eg synest dette er eit utruleg viktig strategisk grep for UiB. Berekraftsmåla skal ikkje leve sitt eige liv, men bli ein sentral del av strategirevisjonen, sa Bjørn K. Haugland.

I tillegg til å vere eksternt styremedlem ved UiB er han mellom anna konserndirektør for berekraftig utvikling i DNV GL.

Studentrepresentant Vegard Fosso Smievoll var glad for initiativet:

— Dette er eit veldig bra initiativ, og om vi får det til trur eg vi har gjort noko bra både for verden, for UiB og for UiBs profil. Dette er noko unge menneske bryr seg om.

— Det er trass alt vi som er framtida og alt det der, la han til, og siterte med det rektor Olsens innleiingsinnlegg på konferansen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS