samarbeid

UiO-delegasjon hamna midt i spent situasjon på Taiwan

Universitetet i Oslo trappar opp samarbeid og har sendt delegasjon same veke som Taiwans «separatistiske president» blir tatt i eid.

Viserektor og kinaekspert Mette Halskov Hansen står i spissen for delegasjonen som er på Taiwan for å utvide Universitetet i Oslos samarbeid på øya.
Publisert Oppdatert

I morgontimane torsdag, norsk tid, starta Kina ei storstilt militærøving kring Taiwan. 

Målet er ifølgje kinesiske styresmakter å sørge for «kraftig straff for Taiwans separatistiske handlingar» og rette ei «streng åtvaring mot innblanding og provokasjon frå ytre krefter».

Fleire tital jagarfly skal vere på vengene, og det skal ha blitt gjennomført simulerte rakettangrep mot militære mål, ifølgje NRK og Reuters. 

Den direkte bakgrunnen er innsetjinga av Taiwans nyleg demokratisk valde president Lai Ching-te denne veka. 

Samstundes er ein delegasjon på ni personar frå ulike fagmiljø ved Universitetet i Oslo (UiO) på Taiwan som ledd i arbeidet med å trappe opp utdannings- og forskingssamarbeid på øya. 

«Relevante miljøer»

Delegasjonen er leia av prorektor Åse Gornitzka og viserektor Mette Halskov Hansen, og dei fleste representantane er på heimveg torsdag.  

«Man har lagt mye tid i forarbeidet, hvor UiOs forskere har kartlagt relevante miljøer ved de taiwanske universitetene og hatt tett kontakt med de taiwanske forskerne for å sikre et givende faglig program for begge parter», får Khrono opplyst frå UiO.

Taiwan er i praksis sjølvstyrt, men som stat berre anerkjend av eit lite knippe nasjonar. Noreg ser offisielt på Taiwan som ein del av Kina, og noko anna vil bli rekna som rein provokasjon frå kinesisk side. Studentar og forskarar frå Taiwan blir dermed rekna som kinesiske statsborgarar av norske styresmakter. 

Kina har fleire gonger trua med å gå til krig mot Taiwan med sikte på annektere øya dei reknar som del av sitt land.

Då leiar i Venstre, Guri Melbye, var på Taiwan i fjor, var det første gong på 14 år at ein norsk politikar var på offisielt besøk. 

Møtte ambassadør

Universitetet i Oslo si satsing på utdannings- og forskingssamarbeid med Kina er godt kjent. Mellom anna husar universitetet det kinesiske Fudan-senteret, og har det rektor Stølen har karakterisert som «det sterkaste Kina-miljøet i Noreg». 

No er universitetet i full gang med å trappe opp samarbeidet også på Taiwan. 

I januar 2023 var Svein Stølen i møte med Taiwans ambassadør til Sverige.

Hausten 2023 var Stølen på Taiwan, der han besøkte fleire universitet med sikte på å utvikle samarbeid på fleire fagfelt. Med seg hadde han universitetsleiinga sin politiske rådgivar, Marianne Knarud. 

Delegasjonsreisa denne veka er ei oppfølgjing av dette besøket. 

UiO-rektor Svein Stølen og rektor/president ved National Taiwan University,  Wen-Chang Chen
UiO-rektor Svein Stølen og rektor ved National Taiwan University, Wen-Chang Chen, utvekslar gåver på Taiwan i 2023.

Universitetet i Oslo får også støtte frå det taiwanske utanriksdepartementet, til gjesteforelesingar og stipend til masterstudentar som ønskjer å ta emne knytt til taiwanesiske forhold. 

— Opp og ned

Koen Wellens, førsteamanuensis ved institutt for kulturstudier og orientalske språk, er ein av dei som har prosjekt og samarbeid på Taiwan. 

Koen Wellens blei nekta innreise i Kina og starta prosjekt på Taiwan i staden.

Dei starta han for nokre år tilbake, då han ikkje lenger fekk visum til å reise inn i Kina, der han har arbeidd tidlegare. Wellens seier han ikkje veit kvifor han er blitt nekta innreise, men går utifrå at det hadde samanheng med fredsprisutdelinga til Liu Xiaobo i 2010.

Ved Kinastudier på UiO er orienteringa mot Taiwan ledd i ein strategi for å skaffe seg alternativ til samarbeid og utveksling i tillegg til Fastlands-Kina, ifølgje Wellens.

Han trur ikkje samarbeidet på Taiwan vil føre til utfordringar i samarbeidet med Fastlands-Kina. 

— Nei, frå Kinas side er jo Taiwan ein provins. Dette er akademisk samarbeid ein godt kan ha, utan at det grip inn i den politiske sfæren.

— Det er altså ukomplisert, meiner du?

— Vi har ikkje støtt på store problem så lang, så vidt eg veit. Det har også vore rimeleg tett samarbeid mellom Fastlands-Kina og Taiwan i lange periodar. Det blei vanskelegare då eit parti som Beijing oppfattar støttar eit uavhengig Taiwan,  kom til makta i 2016. Det går opp og ned, og nokre gonger legg Beijing avgrensingar på tvers av Taiwanstredet.

Powered by Labrador CMS