Debatt ● Lars nYRE
Universiteta kjem ingen veg med å gjera narr av innovasjon
Satsinga på innovasjon er her for å bli. Fagmiljøa på universitetet må ta eigarskap til den, skriv Lars Nyre.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Forsking og utdanning handlar stadig meir om innovasjon, men satsingane er vage og har uklare forventningar til resultat, skriv Kristoffer Chelsom Vogt i innlegget «Innovasjonssnakk». Han vil ha strengare etterprøving.
Eg har arbeidd med innovasjon i forsking og utdanning i cirka tolv år. Dessutan har eg undervist i det næringsorienterte Media City Bergen i fem år. Ikkje nok med det, eg er til og med leiar for eit HK-dir-finansiert prosjekt med namnet «Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar». Kan det bli verre?
Kritikken frå Vogt rammar mi verksemd midt i planeten, utan at han nødvendigvis hadde meg i tankane. Eg er ein av dei akademikarane som har lykkast med å få pengar ved å laga søknader med ordet innovasjon i seg. Eit dusin unge folk får lønn ved hjelp av desse pengane, og dei underviser og gjev råd til hundrevis av studentar i Bergen, Stavanger og Volda. Tiltaket er meint å bidra til innovasjon i akademia, og eg bidreg dermed til å vatna ut dei edle verdiane i grunnforskinga (musikken byrjar, alle reiser seg og held handa for brystet ...).
Eg anerkjenner at Chelsom Vogt har gode poeng i kronikken sin. Det skjer ei gigantisk omstilling der universitetet vert forventa å bidra meir aktivt til verdiskapinga i samfunnet. Me lever i eit stadig meir teknologidrive samfunn der verdiskapinga krev kompliserte ferdigheiter og teknikkar som igjen krev høgare utdanning innanfor ingeniørfag, informatikk og så vidare.
Mange av dei mest vellukka teknologimiljøa i verda, slik som Silicon Valley, er basert på såkalla trippel helix-innovasjon. Staten gjev pengestøtte, næringslivet utviklar produkt og universitetet gjev unge folk den høge kompetansen som trengst. Omstillinga er enno ganske umoden i Noreg, særleg innan humaniora og samfunnsfag. Det er mykje tomt innovasjonssnakk og Chelsom Vogt gjer rett i å ynskja seg tydelegare resultatkrav. Det går ikkje an å gje allslags vage prosjekt pengar berre fordi dei kallar seg innovative.
Men eg har likevel ei grunnleggande anna oppfatning av akademias rolle for innovasjon enn Chelsom Vogt. Universitetet kjem ingen veg med å forskansa seg i elfenbeinstårnet og gjera narr av omgrepet innovasjon. Det er som å skvetta vatn på gåsa. Fagmiljøa må ta eigarskap til innovasjonsfenomenet, og sørga for at kvaliteten på innovasjonen aukar.
Dyktige akademikarar må legga seg i selen for å etablera nye praksisar og nye fagtradisjonar på universitetet. Det gjeld å kopla innovasjonen saman med forsking og utdanning, og gje den fagleg tyngd og eit samfunnskritisk blikk. Jo meir fagleg engasjement i akademia, jo meir relevant og verdifull innovasjon i samfunnet.
Eg åtvarar mot sterke scener i dei følgjande avsnitta. Eg skal nemleg skildra min kvardag som professor på ein måte som er positiv til innovasjon.
Aktivitetane mine er naturleg nok innretta mot mediesektoren, sidan eg er medieforskar. Eg har ein draum om at Noreg skal verta meir sjølvberga når det gjeld media og kommunikasjon. Eg mislikar at me er så avhengige av Facebook, Netflix og Amazon, og eg skulle ønskt det var gode alternativ som kultiverte norske veremåtar og verdiar. Det ville vore bra både for demokratiet, vår kulturelle sjølvforståing og for næringslivet vårt.
Dette er jo ein parade av vage omgrep, seier du sikkert. Men eg skal fortelja om noko som ikkje er vagt. Hausten 2020 vart det lansert ein mobilapp der borgarar kan senda inn nyheitstips til lokalavisa, og den er særleg innretta på ungdom. Appen har det talande namnet Tipps. Den vart laga av studentar ved Universitetet i Bergen i samarbeid med firmaet Future Solutions frå Bømlo og avisa Hallingdølen på Ål.
Tipps-appen byrja med at fire bachelorstudentar i 20-åra jobba hardt med ein prototype i eit halvt år. Future Solutions brukte prototypen som utgangspunkt for søknader til Skattefunn og til Medietilsynet, og begge vart innvilga. Deretter vart Tipps produsert av eit profesjonelt designbyrå og tatt i bruk.
Innovasjon på universitetet må nødvendigvis vera næringsorientert. Skrekk og gru, seier den kritiske grunnforskaren (musikken byrjar, alle reiser seg, etc.) Men fagmiljøa må samarbeida med aktørar utanfor universitetet, seier eg. Det er særleg viktig å støtta små verksemder. Mi forteljing handlar om eit konsulentfirma på Bømlo og ei uavhengig lokalavis frå Hallingdalen. Dei er ikkje akkurat multinasjonale onde aktørar.
Sosiale medium frå Silicon Valley stel merksemda til både unge og gamle, og tek annonsekronene attpåtil. Kva kan små lokalaviser gjera? Dei må enten lata seg kjøpa opp av store konsern, klara seg sjølv så godt dei kan, eller samarbeida med akademiske institusjonar om å utvikla nye løysingar. I andre bransjar vil det vera liknande problem som kan løysast med liknande tilnærmingar. Men viss alle tenkjer slik som Chelsom Vogt vil det ikkje bli mykje samarbeid. Då må små aktørar som lokalavisa Hallingdølen klara seg sjølv.
Ein ting trur eg Chelsom Vogt og eg er samde om. Innovasjon på universitetet må vera kritisk informert. Faglærarar og forskarar må bruka etiske og sosiale kriterium for å vurdera det arbeidet studentar og næringspartnarar utfører. Forskarar må sikra at syntetiske og konstruktive løysingar vert stadig betre fordi dei vert evaluert med analytiske og kritiske metodar. Min kollega Gunnar Liestøl ved UiO kallar dette det «syntetisk-analytiske kretsløpet». Slike metodar må utviklast så dei tilfredsstiller kvalitetskrav på innsida av fagmiljøa.
Eg trur ikkje Chelsom Vogt vil at universiteta skal stå utanfor den teknologiske og økonomiske utviklinga av samfunnet. Det er jo på universitetet den kritiske ekspertkunnskapen finnest, det er her alle dei dyktige folka får sin start, og det er hit samfunnet ser når det er snakk om langsiktig utvikling av landet vårt.
Satsinga på innovasjon er her for å bli. Fagmiljøa på universitetet må ta eigarskap til den.
Nyeste artikler
Magne Haakstad (1942-2024)
Det hellige tallet tre i doktorgradsløpet
Får stipendiatar som fuskar like streng straff som andre studentar?
Forskningsetiske utvalg føler seg overkjørt. — Bør tenke seg om
Hevdet hun var utdannet ingeniør — dømt for dokumentfalsk
Mest lest
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Realnedgang for universiteter og høgskoler, mer til fagskoler
Ny rangering: Disse rektorene leder Nordens beste universiteter