ytringsfridom
Universitetstopp fekk sparken etter at han laga pornofilm med kona
Universitetsleiar Joe Gow mista jobben på dagen etter at styret oppdaga videoar med pornografisk innhald på nettet. Gow meiner avgjersla om å avsetje han bryt med ytringsfridomen.
Etter 17 år som øvste leiar for University of Wisconsin-La Crosse er det slutt for Joe Gow.
Denne veka bestemte eit samrøystes styre å seie han opp frå stillinga, etter at det vart gjort kjent med pornografiske videoar Gow har lagt ut på nettet.
«Vi er opprørte og skaka», heiter det i ei pressemelding frå Universities of Wisconsin, som er det overordna organet for dei offentlege universiteta i staten Wisconsin i USA. Det Gow har gjort er eit «fullstendig og uomtvisteleg brot med rolla hans», heiter det vidare,
Gow meiner derimot at avgjersla om å avsetje han ikkje er rett, og bryt med ytringsfridomen.
Også Jow Goes kone er fråteken ei ubetalt stilling, som ho har hatt i samband med mannens jobb.
Sexy Happy Couple
Styret spesifiserer ikkje kva det er dei reagerer på. Men det er klart at paret har spelt inn videoar med sexscener saman, og saman med andre, under namnet «Sexy Happy Couple».
I eit intervju med The New York Times seier den avskilta universitetsleiaren at han og kona har laga videoar i årevis, men relativt nyleg bestemt seg for å publisere dei på pornosider på nettet. Dei legg vekt på at dei aldri har nemnt universitetet eller jobbane sine i videoane.
Paret har mellom anna laga ein serie innslag under vignetten «Sexy Healthy Cooking», der dei lagar mat saman med inviterte pornostjerner, og deretter har sex. Ifølgje Gow er målet mellom anna å vise fram dei menneskelege sidene til pornoskodespelarane på «måtar dei ikkje har høve til i arbeidet sitt».
— Det er ein interessant prosess, og folka vi jobbar med er fullstendig profesjonelle, og topp å arbeide med, seier Gow.
«Bryt med akademisk fridom»
Ifølgje New York Times meiner Gow at universitetet bryt med «sine eigne retningslinjer for akademisk fridom og ytringsfridom» forankra i den amerikanske grunnlova.
Denne påstanden kallar presidenten for University of Wisconsin System, Jay Rothman for «latterleg». Han meiner Gows åtferd har skada omdømmet til universitetet.
— Vi forventar at våre leiarar skal vere rollemodellar, seiar han.
Joe Gow har også tidlegare kopla ytringsfridom til pornografi. Under «Free Speech Week» på universitetet i 2018 inviterte han ein pornoskodespelar til å halde foredrag for studentane om pornoindustrien. Den gongen fekk han ei åtvaring frå arbeidsgivaren sin.
Ein ekspert på ytringsfridom, som New York Times har snakka med, meiner Gows sak fører med seg interessante spørsmål om kva slags uttrykksformer eit universitet meiner dei er forplikta til å tillate.
— Enten det er intensjonen eller ikkje, kastar han fram ein tanke om at dei som seier dei er svært opptekne av ytringsfridom, og ønskjer diskusjon om alle moglege emne, eigentleg ikkje meiner det, seier Mary Ann Franks, som er jussprofessor ved George Washington University.

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager