Høgskulen i Volda

Varslar krevjande økonomiske tider

Høgskulen i Volda ser ut til å få mindre å rutta med i 2026 enn dei hadde i 2024 og 2025. Sjå styremøte direkte her.

Fleire universitet og høgskular har nytta årets siste styremøte til å drøfta økonomi. No er det styret ved Høgskulen i Volda sin tur.

«Det har vært tøffe budsjettrunder, og det er lagt inn reduksjoner som de ansatte vil kjenne på videre fremover».

Det heiter det i saksframstillinga som styret ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått på bordet og skal handsama på årets siste styremøte 11. desember.

Møtet ser du direkte her frå klokka 10.

Ein halv milliard

I 2024 viste rekneskapen til Høgskulen i Volda at inntekter, gjennom løyvingar og bidrags- og oppdragsinntekter til saman utgjorde like over ein halv milliard kroner. Prognosen for i år viser vel 494 millionar, og for 2026 ligg talet an til å verta 492 millionar kroner. 

Særleg er det bidrags- og oppdragsinntektene som ser ut til å verta lågare. For 2025 var det budsjettert med 43 millionar her, men prognosen no viser at inntektene ser ut til å verta om lag 36 millionar kroner. For 2026 er det lagt inn 37 millionar.

I kommentarane til budsjettforslaget heiter det at inntekter frå løyvingar viser ein realnedgang, noko som gir store utslag i budsjettildelinga. Det heiter også at utviklinga i bidrags- og oppdragsinntekter uroar høgskuleleiinga, men at avdelingane har dette på agendaen.

Interne skilnader

Dei ulike avdelingane ved høgskulen kommenterer budsjettet i eit eige dokument. Det er skilnader mellom korleis dei ser på situasjonen: Avdeling for mediefag skriv at dei vurderer den økonomiske situasjonen ved avdelinga som tilfredsstillande.

Fellesadministrasjonen skriv at dei vil jobba hardt for å snu trenden med fallande økonomiske handlingsrom, og at det er fleire prosessar i gang som kan hjelpa situasjonen framover.

Avdeling for lærarutdanning har sett i gang eit arbeid for å få kontroll på ressursbruken: Prinsippa som institutta bruker ved tildeling av undervisningsressursar vert samordna og reviderte, og studieporteføljen vert gått gjennom for å sjå om drifta kan rasjonaliserast utan å at det går utover viktige studietilbod. 

— Me må prioritere godt kva me faktisk bruker tida vår til, både når det gjeld forsking, undervisning og administrasjon, heiter det.

Kostnadsreduksjon åleine er ikkje eit godt tiltak, åtvarar økonomidirektør Janicke W. Driveklepp.

I kommentarane frå økonomidirektøren, som står som sakshandsamar, vert det peika på at det er lett å gripa til kostnadsreduksjon når løyvingane går ned. Men direktøren legg til:

«HVO må imidlertid også sette søkelyset på aktivitet og handlinger som øker inntektene våre fremover. Det er på disse områdene vi kan vise at vi har en sunn og forutsigbar finansiell stilling fremover, som også vil kunne gi oss handlingsrom til å utvikle oss». 

Direktøren skriv òg at like viktig som å tilpassa det totale kostnadsnivået til framtidige tøffare økonomiske utsikter, vert ei tydeleg satsing på og arbeid med å auka inntektene via auka studiepoengproduksjon eller auka gjennomføring til normert tid, samt å auka eksterne inntekter.

Dette skal dei drøfta

Styret skal også mellom anna dela ut pris for kvalitet i utdanninga og tilsetja ein mellombels dekan ved avdeling for kulturfag. Sakspapira finn du her.

  • 105/25 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 106/25 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 30.10.2025
  • 107/25 — Orientering frå rektor
  • 108/25 — Budsjett 2026
  • 109/25 — Langtidsbudsjett 2026—2028
  • 110/25 — Studieportefølje og opptaksrammer for studieåret 2026—2027
  • 111/25 — Pris for kvalitet i utdanninga 2025
  • 112/25 — Opptaksrapport 2025
  • 113/25 — Reakkreditering av Idrett og kroppsøving — bachelor med tilhørende årsstudium
  • 114/25 — Reakkreditering av PR, kommunikasjon og media — bachelor
  • 115/25 — Reakkreditering av Friluftsliv og naturguide — bachelor med tilhørende årsstudium
  • 116/25 — Oppnevning nytt vitenskapelig varamedlem til Nemnd for studentsaker
  • 117/25 — Styrande dokument — Instruks for Nemnd for studentsaker
  • 118/25 — Endring av samansetjing — TUFO
  • 119/25 — Forlenga mellombels tilsetjing høgskuledirektør
  • 120/25 — Møteplan studieåret 2026/27
  • 121/25 — Styreseminar januar 2026
  • 122/25 — Mellombels tilsetjing dekan ASH
  • 123/25 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 124/25 — Ymse
Powered by Labrador CMS