Sommar i Khrono
Vil ha eit eige fakultet for lærarutdanning ved NTNU
Det står ein del arbeid att før NTNU er éin einskapleg institusjon, meiner professor Jørgen Klein.
![Jørgen Klein er klar for sommaren. Her utanfor EC Dahls stiftelse, som no husar Institutt for lærerutdanning på Campus Kalvskinnet i Trondheim](https://image.khrono.no/701940.webp?imageId=701940&x=0.00&y=23.72&cropw=100.00&croph=76.03&width=968&height=554&format=jpg)
— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?
— Eg har vore redaktør for ei bok om forsking på utanlandspraksis for lærarstudentar, som om kort tid kjem på Universitetsforlaget.
— Kva er dei største utfordringane på arbeidsplassen din neste studieår?
— NTNU har framleis store utfordringar med å bli ein einskapleg institusjon etter fusjonen for nokre år sidan. På mitt institutt (Institutt for lærarutdanning) er det nesten 500 tilsette, noko som er uhensiktsmessig stort på nivå tre i organisasjonen og det burde etter alle solemerke vore eit eige fakultet.
— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?
— Veldig lite på heimekontor.
— Kva er dei største utfordringane i akademia framover, slik du ser det?
— Det kan verka som finansiering av den frie forskinga kjem til å verta utfordrande framover, noko vingeklippinga av forskingsrådet kan tyda på.
— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?
— Eg er sjeleglad for at eg ikkje er minister, men meir tillit til institusjonane ville vorte prioritert.
— Kva skal du gjera sommar?
— Eg skal bada i Mjøsa, sykla i Trysilfjellet og drikka øl i Göteborg.
— Kva bør Khrono verte betre til?
— Eg synest Khrono er vorte veldig bra, spesielt etter at det har kome meir stoff om det som skjer utanfor ring 3. Hald fram slik!
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen