Vil ha innsyn i studentsamskipnadane

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Presseorganisasjonar vil at offentleglova skal gjelde studentsamskipnadane. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Norsk Presseforbund, Norsk Redaktørforeining og Norsk Journalistlag ønskjer meir openheit.

Dei meiner journalistar treng innsynsretten for å få innsikt i studentsamskipnadane. Difor går dei inn for at dei 14 studentsamskipnadane skal omfattast av offentleglova, skriv Journalisten.

Presseorganisasjonane har saman sendt eit innspel til Universitets- og høgskuleutvalet med ønskje om dette. I si grunngjeving skriv dei blant anna:

«Studentsamskipnadene er selvstendige rettssubjekter som utfører et viktig samfunnsoppdrag med å ivareta velferdsbehovet til studenter ved universiteter, høyskoler og fagskoler. De forvalter betydelige offentlige midler».

Og vidare:

«Studentsamskipnadenes sitter med betydelig makt og økonomisk handlefrihet, som må kunne ettergås og kontrolleres av allmennheten».

At nokre av samskipnadane har ein «offentlegheitspolicy», er lite verd i praksis, legg presseorganisasjonane vekt på i sitt innspel. Dei viser til ei sak publisert i Universitas i mars 2018:

«SiO skryter av gode tilbakemeldinger, men nekter å vise hvor det kommer fra».

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS