Styremøte
Vil legga ned to bachelorprogram og oppretta to nye
Styret ved Høgskulen på Vestlandet skal ta stilling til om det skal legga ned to bachelorprogram med få søkjarar. Samstundes ønskjer fagmiljø ved høgskulen å greia ut to nye bachelorprogram og eit masterprogram.
Styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har todagars møte denne veka. Onsdag møtte styret mellom anna studenttinget og fekk ei orientering om Kronstad-torget, som skal inn i lokalet der bokhandelen på høgskulen tidlegare var. I tillegg hadde styret ein lukka seminardel.
Torsdag skal styret drøfta ordinære styresaker. Du kan følgja strøyming frå klokka 9 via denne lenka.
Vil legga ned to i Sogndal
Ei av sakene som skal drøftast, er om høgskulen skal legga ned to bachelorprogram. Det er bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv i Sogndal og bachelor i energiomstilling, også det i Sogndal. Det førstnemnde studiet har ikkje tatt opp studentar sidan studieåret 2023/24, og det er forventa få konsekvensar av ei nedlegging, heiter det i saksframstillinga.
For bachelor i energiomstilling er det konsekvensar. Det var ikkje opptak til studiet i år, men det vart teke opp studentar i fjor. I saksframstillinga heiter det at det vil vera arbeidsoppgåver knytt til programmet i 2025/26, men i 2026/27 vil enkelte tilsette ha auka behov for nye oppgåver. Fagseksjonar og instituttet er i gang med eit arbeid med langsiktige planar for undervisning og FoU-aktivitet, for å avklara dette, heiter det.
Begge bachelorprogramma ligg under Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, og rektor støttar fakultetet sine vurderingar.
Vil ha yrkesfaglærarutdanning
På den andre sida ønskjer Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett å greia ut to nye bachelorprogram. Det eine er bachelor i yrkesfaglærarutdanning.
I saksframstillinga vert det peika på at søkjartala til yrkesfag i vidaregåande skule er høge. Utdanninga er tenkt som samlingsbasert, og skal leggast både til Bergen, Sogndal og Stord. Det vert understreka at fylkeskommunen er svært interessert i at HVL får i gang eit slikt tilbod.
Den andre bachelorgrada styret skal ta stilling til om ein skal jobba for å få i gang, er bachelor i tolking og omsetjing. I saksframstillinga heiter det at HVL i dag tilbyr tre grunnemne innan tolking i offentleg sektor. Fakultetet ønskjer no å oppretta eit bachelorstudium innan same område, som ei fellesgrad saman med Universitetet i Agder (UiA). Bachelorgraden skal førebu kandidatane til å møte den aukande etterspurnaden etter kvalifiserte tolkar og omsetjarar i offentleg sektor.
Planen er at studentane skal ta 150 studiepoeng ved HVL og 30 ved Universitetet i Agder, og studieplanen er eit deltidsstudium over fire år.
— Dersom det viser seg at ei fellesgrad med UiA ikkje er gjennomførbar, verken praktisk eller økonomisk, vil fakultetet halda fram med utgreiing av eit sjølvstendig HVL-program
innan tolking og omsetjing, heiter det i sakspapira.
I tillegg til desse to ønskjer også HVL å oppretta ein eigen entreprenørskapsskule. Den skal organiserast som eit toårig masterprogram med tjue studentar på campus Bergen.
