Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
sjukemelde studentar
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Eg vil formidla denne saka til både arbeids- og sosialministeren og helseministeren, seier Ove Trellevik (H).
Khrono har fortalt historia til Thomas Hellevang: Han vart sjuk då han jobba som kokk, og ville byrja å studera. Men då han igjen vart sjuk, som student, hadde han ikkje krav på sjukepengar.
— Det er ei utruleg spesiell sak, og stikk i strid med det me ønskjer, seier Trellevik.
Han seier han vil melda attende til ansvarlege statsrådar korleis systemet verkar i praksis.
Då pandemien kom, vart det gjort endringar som gjorde at permitterte kan ta utdanning medan dei ventar på å koma seg attende i arbeidslivet. Hellevang tenkte at dette òg kunne gjelda for dei som vart sjukmelde.
Trellevik er samd:
— Me ønskjer at det skal vera lettare å kombinera sjukepengar og utdanning, og me ønskjer òg at folk skal omskulera seg og kunne ta anna arbeid, seier høgrepolitikaren.
— I ei anna sak viser statsråden til at det er rom for skjønn i Nav-systemet. Er det brukt skjønn her?
— Det kan verka som om det ikkje er brukt godt. Dersom regelverket er utydeleg, må me som politikarar gjera det tydeleg, seier Trellevik, og legg til:
— Det er noko som skurrar fantastisk i denne saka.
Thomas Hellevang var klar over at han kom til å verta registrert som student då han byrja på årsstudium ved Høgskolen i Molde. Men at han ikkje hadde krav på sjukepengar då han vart sjukmeld på nytt, visste han ikkje. Han informerte Nav om studieplanane allereie i august i fjor, og han vart ikkje informert om kva han risikerte.
— Det er ikkje innanfor Nav si rettleiingsplikt å informera friskmelde personar om framtidige eventuelle sjukepengerettar, skriv Birgit M Hårvik, avdelingsdirektør i Nav Arbeid og ytelser Karmøy, i ein epost til Khrono.
Hellevang si eiga tidslinje viser at han var i kontakt med Nav gjennom deira chatteteneste medan han framleis var sjukmeld. I ettertid har også sjukepengeperioden hans vorte forlenga heilt fram til studiestart.
På nettsidene sine skriv Nav at ein ikkje får sjukepengar medan ein er under utdanning.
— Er du i stand til å studera på heiltid, går Nav ut frå at du òg kan jobba, heiter det.
Dersom du vert sjuk som student, kan du få gjort om lån til stipend. Men det betyr ikkje at du får meir pengar kvar månad.
Hellevang, som er vaksen student med mellom anna huslån, har no flytta inn hos mor si for å spara pengar, sidan han ikkje veit kor lenge det er til han får pengar neste gong.
Men Hellevang kan ha sjukepengerett frå 12.januar i år. Då vart han sjukmeld på nytt, etter å ha innsett at han ikkje klarte å studera. Men for at han skal ha rett på sjukepengar, må sjukmeldinga ha vorte vurdert til å ha ein årsakssamanheng med ein tidlegare godkjent yrkesskade. Som Khrono har skrive, har Hellevang fått avslag på dette - men har klaga.
— I denne saka var vilkåra for å få godkjent yrkesskade i folketrygdlova ikkje oppfylt. Hellevang har klaga på avslaget, og saka vil no verta vurdert på nytt i Nav Klageinstans. Nav vil også vurdera om Hellevang sine plager kan verta godkjent som yrkessjukdom, skriv Hårvik.
— I kor stor grad kan Nav visa skjønn i saker som Hellevang si?
— Nav forvaltar folketrygdlova, og har ikkje høve til å utøva skjønn på vilkår som er gitt i folketrygdlova §§8.2 og 8.3.
Desse paragrafane handlar om vilkår for sjukepengar.
Khrono har òg vore i kontakt med Arbeids- og sosialdepartementet. Statssekretær Saida Begum skriv i ein e-post at det ikkje er planar om å endra reglane som seier at ein person som i byrjar på heildagsskule eller studium i mange tilfelle ikkje vert rekna som arbeidsufør.
— Personar som studerer kan reknast som arbeidsuføre med rett til sjukepengar i nokre tilfelle, til dømes i ein situasjon der vedkommande er klart arbeidsufør til dei fleste yrke, men likevel kan gjennomføra ein teoretisk skulegang. Det vil òg kunne ytast sjukepengar under skulegang dersom skulegangen er godkjend av Nav som eit arbeidsretta tiltak, men då må ein søkja om dette før ein byrjar å studera, skriv Begum.
Ho viser til at regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å bidra til vidareutdanning og kompetansebygging, mellom anna ei ordning som gjer det enklare å kombinera dagpengar med utdanning og opplæring.
Thomas Hellevang vart sjuk då han var på jobb for eit reiarlag i Ghana. Først i vinter fann han ut at skjema som vart fylte ut då han vart sjuk, aldri nådde verken Nav eller Sjøfartsdirektoratet.
Khrono har vore i kontakt med OSM Maritime, som skaffa mannskap til reiarlaget. Selskapet har ikkje svara på Khrono sine spørsmål.
Nylige artikler
Søknad klar. Kan bli landets første private universitet
Skulle se forelesninger og skrive oppgaver for studentene. Nå er «Einstein AI» lagt ned
To kulturer blant administratorene
Samme forskningssystem — men hvor er viljen til kompromiss?
Historielause namn på NTNU-bygg
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat