Debatt ● Atle Møen

Vrangsyn, stråmenn og tvisyn

— Sensor Leif Ove Larsen har vurdert meg til stryk. Men hans arge tilsvar er retta mot ein tekst som eg ikkje har skrive, svarar Atle Møen i ein replikk til UiB-kollegaen. Og medgir feil på eitt punkt.

Mitt poeng var å stilla fram ein svært vellykka universitetsstrategi. Å danna kunnskapsklynger er effektivt både med tanke på å fornya ein vitskapeleg disiplin og når det gjeld å gjera kunnskapen meir aktuell og relevant for samfunnet omkring, skriv kronikkforfattaren (innfelt).
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg står til stryk med mine innspel om forskarnettverk, klynger og innovasjon, ifølgje min vyrde kollega Leif Ove Larsen. Ja, gjennom denne sensordommen kjenner eg ikkje just på ein invitasjon til eit ope ordskifte mellom like og frie forskarar innanfor ein vitskapleg offentleg sfære. Eg vil likevel forsøka å klargjera nokre modererte standpunkt, som kanskje så vidt oppnår ståkarakter, og kan sleppa gjennom sensuren?

Professor Leif Ove Larsen sitt arge tilsvar er retta mot ein imaginær tekst, ein tekst som eg ikkje har skrive. Når eg les «sensoren» si grunngjeving for strykkarakteren, må eg medgje at dette er tilsvar på ein «stråmannstekst» som berre har ein svak att skin av det eg meinte. Det første vilkåret som bør finnast for å etablera eit akademisk ordskifte, er å gje ei nokolunde korrekt attgjeving av diskusjonsmotstandaren sitt standpunkt. 

Eg kjenner meg ikkje igjen i det som Larsen meiner er mine standpunkt, og her støttar eg meg på Arne Næss si lære i En del elementære logiske emner om å vera sakleg eller usakleg, der det er viktig å unngå tendensiøs bruk av stråmenn. Dette vil seia å tillegga motstandaren sitt standpunkt eit innhald han ikkje står inne for.

Det vesle eg skreiv om klyngedanning, var absolutt ikkje eit forsøk på å illustrera kor ille det kan gå, mitt poeng var heller å stilla fram ein svært vellykka universitetsstrategi. Å danna kunnskapsklynger er effektivt både med tanke på å fornya ein vitskapeleg disiplin og når det gjeld å gjera kunnskapen meir aktuell og relevant for samfunnet omkring.

Eg er ingen machiavellisk debattant med skjulte strategiske bodskap og ein agenda.

Atle Møen

Eg er sjølvsagt ikkje kritisk andsynes Institutt for informasjons- og medievitskap. Kvifor skulle eg vera det? Heller ikkje eg skit i eige reir. Eg kjenner stor sympati med og eg identifiserer meg med det det kultursosiologiske perspektivet ved instituttet, og den mønstergyldige sameininga av samfunnsvitskap og humaniora som finst ved dette instituttet.

Det er likevel ein påstand eg sette fram i artikkelen som eg vil kvalifisera og moderera: Eg skreiv heilt feil at det er ingen interne grunnar til den enorme styrken til dette instituttet, og at det berre er eksterne årsaker til det sterke fagmiljøet, noko som skuldast klyngedanninga. Dette er opplagt feil, og eg beklagar at eg skreiv dette.

Vi lever i eit samfunn der kulturen har ekspandert veldig og på mange måtar lever vi i eit kultur-, media- og informasjonssamfunn, slik at gjenstandsområdet for dette instituttet har blitt monaleg utvida. Det er soleis fleire og fleire samfunnsområde som kan studerast gjennom kultur -, informasjon- og medievitskaplege perspektiv, noko som er den teoretiske harde kjernen ved instituttet. Instituttet er etter det eg forstår mønstergyldig når det gjeld å ta pulsen på vår samtid, og lodda ned i djupet av vår tids meiningar, standpunkt og ulike perspektiv.

Professoren meiner eg kjem med «insinueringar». Eg er ingen machiavellisk debattant med skjulte strategiske bodskap og ein agenda. Eg ser på ein akademisk debatt som ein sivilisert veremåte med utvekslingar av analysar og meiningar om tema som er felles for oss som er privilegerte skaparar og formidlarar av kunnskapar om samfunn, kultur, politikk og økonomi. Det er totalt framand for meg å insinuera noko som helst, eg seier det eg meiner så klart som eg kan, og om eg seier noko som er feil, inviterer eg dei som les tekstane mine til å seia meg i mot, men ver grei å ikkje fabrikkera imaginære meiningar som eg ikkje har.

Powered by Labrador CMS