universitetet i bergen

Vurderer å halda igjen DFØ-pengar

— Me har framleis ikkje fått den leveransen me skulle, seier Universitetet i Bergen sin økonomidirektør.

— Me tok ein støyt, sa økonomidirektør Per Arne Foshaug til UiB sitt styre.

Fem år etter at ein inngjekk ein avtale og snart tre år etter at Universitetet i Bergen (UiB)  gjekk over til DFØ sitt økonomisystem, er framleis ikkje alt på plass. 

Khrono har skrive mange saker om problema, og fordi alt ikkje har gått knirkefritt, valde universitetsleiinga å legga saka om ein avtale mellom dei fire BOTT-universiteta (Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø) fram for universitetsstyret.

— Me har endå ikkje fått den leveransen me skulle, sa økonomidirektør Per Arne Foshaug i møtet.

Brukar framleis årsverk

I november 2021 skreiv Khrono at fleire hundre tilsette var råka av problem knytt til det nye DFØ-systemet

Fakta

Dette er BOTT-samarbeidet

Samarbeid mellom de fire eldste universitetene i landet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og NTNU blir kalt for BOTT (Bergen, Oslo, Trondheim, Tromsø)-prosjektet.

De fire institusjonene har samarbeidet om anskaffelsesprosessen for felles administrative systemer innen lønn, personal og økonomi med tilhørende moduler.

Tidslinje lønn og økonomi

  • Januar 2021: Produksjonsetting versjon 1.0 ved UiB.
  • Mai 2021: Produksjonsetting versjon 1.0 ved UiO.
  • Våren 2021: Feilretting og stabilisering
  • Våren 2021: Utvikling og testing versjon 1.1
  • Høsten 2021. Opplæring UiT og NTNU
  • Januar 2022. Oppstart UiT
  • Januar 2023. Oppstart NTNU

Kilde: Unit

I saksframstillinga styret hadde på sitt bord i møtet torsdag 14. september, heiter det at tenester ikkje er ferdigstilt. Vidare heiter det at «det er videre forhold knyttet til drift, arbeidsdeling, versjonsoppdatering mm som gir driftsmessige utfordringer som medfører høyere organisatoriske kostnader for BOTT-institusjonene enn det som var tilfelle ved tidligere løsninger».

— Når alt fungerer som det skal, vil det frigjera fleire årsverk hos oss, sa Foshaug.

Han sa at avtalen frå 2018 sa noko om leveranse og kostnad, investeringar, innføringsløp og samarbeid.

— Dei alvorlege feila er retta, men me har ei restanseliste. DFØ skal levera ein framdriftsplan i løpet av året for desse.

Har ikkje fått robot

Ei av dei konkrete tenestene som ikkje er levert, er ein reiserekningsrobot. 

— Det hadde me i det gamle systemet, sa Foshaug.

— Sidan det ikkje er på plass, vurderer me å halda tilbake nokre av pengane.

Men sidan DFØ — Direktoratet for forvaltning og økonomistyring — er staten sitt fagorgan for økonomistyring, har ikkje UiB betalt i kroner og øre for overgang til DFØ sine system. I staden vert pengar tekne direkte frå UiB si ramme.

— Me har fått inn i avtalen at me kan gå ut av avtalen og få att det som er teke frå ramma. Det skal heller ikkje takast pengar frå ramma før alt fungerer, sa økonomidirektøren.

Betre hos dei to siste

Foshaug sa i møtet at overgangen til DFØ sin system har vore krevjande for UiB som organisasjon.

— Eg erkjenner at ein del brukarar framleis opplever systema som tung, men me har kome veldig mykje lenger enn i 2021. Oppstarten ved NTNU og UiT har vore mykje lettare enn ved UiB og UiO. Me tok ein støyt.

Khrono skreiv nyleg om NTNU sin overgang. Ikkje alt gjekk knirkefritt der heller, sa økonomidirektør Ingrid Volden. Ho sa at tilsette har fått løn til rett tid, men at ho var usikker på om alt som har gått inn og ut av konto har vorte ført på rett måte.

DFØ: Utbetringar

DFØ-direktør Hilde Singsaas skriv i ein e-post til Khrono at det er laga ei liste over kva som gjenstår, som partane er samde om.

— Det viktigaste er utbetringar knytt til innkjøpsløysinga og reiseroboten, skriv Singsaas.

Ho seier at ein slik robot er noko som eksisterer, og som er i bruk hos mange av DFØ sine kundar. Men det skal gjerast utbetringar som gjer at roboten vert betre tilpassa universiteta sine behov.

— UiB seier at overgangen har vore krevjande, men at det no har gått betre ved innføring hos NTNU. Kva endringar har de gjort frå 2021? 

— Me brukte erfaringane frå innføringane ved UiB og UiO aktivt for å gjera utbetringar før UiT og NTNU vart kundar, både på DFØ og universiteta si side. Mange utbetringar vart gjort i systemløysingane etter at UiB vart kunde, særleg innanfor innkjøp og faktura, skriv Singsaas.

Powered by Labrador CMS