Debatt ● Jens Kristian Fosse

150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg

«Teknikken» i Bergen feirar 150 år. Lange linjer frå Bergen tekniske skole til det kommande Universitetet på Vestlandet viser seg. Men korleis har utviklinga verka inn på samfunnsoppdraget?

Studentar med studenterlue ved Bergen tekniske skole, ca. 1951
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I 1875 starta 26 studentar ved Bergen tekniske skole. I haust starta 600 nye ingeniørstudentar ved HVL. Mellom her ligg forteljinga om ingeniørutdanninga si framvekst og betydning. Ikkje berre i Bergen. Eller på Vestlandet. Men i nasjonen Noreg. 

Aller mest handlar historia om den moderne samfunnsutviklinga. Om industri- og næringsutvikling. Om å løysa utfordringar og problemstillingar. Om å ta i vare menneske og natur. Om klok bruk av ny teknologi. 

Men vi finn også debattar vi kjenner att. Om arbeidsdeling, dimensjonering, konkurranse, excellence, auka faglege krav, styring og autonomi. 

Når vi i dag diskuterer opptakskrav og vektlegging av realfag kan det vera greitt å sjå korleis opptakskrava var forma ut i 1875 ved Bergen tekniske skole. Eigen opptaksprøve måtte gjennomførast. Den skulle avklare om elevane tilfredsstilte følgjande krav: 

«Fylte femten år, god håndskrift, sikkerhet i rettskriving, kjennskap til morsmålets grammatikk, noen øvelse i å oversette fra tysk og engelsk, kunnskap om regning med alminnelig brøk og desimalbrøk og de fire regnskapsarter i bokstavregning samt begynnelsesgrunnene i geometri og aritmetikk». 

«Fylte femten år, god håndskrift, sikkerhet i rettskriving.» Krava til nye studentar ved Bergen tekniske skole var ikkje enkle. Her er ei gruppe maskinstudentar ein gong mellom 1901 og 1905.

Det er lett å smile når ein les dette. Men grunnleggjande fagkunnskap og ferdigheiter går aldri av moten. I boka «I støpeskjeen, Ingeniørutdanning i Bergen 1975 — 2000» av Egil Ertesvaag og Peter Haugan, er det lett å få auge på nettopp det. Forfattarane fortel at fagkretsen i oppstarten av skulen var sentrert rundt realfag og tekniske fag. Bygningsfysikk, saman med kjemi- og maskinlinja utgjorde fundamentet. 

Bergen var på denne tida i stor utvikling. Industriverksemder vaks fram innan maskin og tekstil. Byen fekk vassverk og gassverk, bankar og forsikringsselskap. Folketalet auka og det var trong for folk med teknisk innsikt. 

Det blei konstruert bruer, jernbaner og vegar. Det blei bygd skip og nye hus. Elevar og lærarar var sentrale i utviklinga. Kunnskapen deira var ettertrakta. Skulen gav elevane eit praktisk innblikk i arbeidslivet. Ekskursjonane var mange. Praksisnær kunnskap var like viktig den gangen som i dag. 

Postkort frå Bergen tekniske skole, ca. 1903.

Trass i den positive «driven» vart etableringa av Norges tekniske høgskole i Trondheim i 1911 eit tilbakeslag for Bergen. Dei tekniske skulane utanfor Trondheim blei redusert frå treårige til toårige utdanningar til såkalla mellomtekniske skular. 

Ifølgje forfattarane blei det sagt at dei tekniske skulane kunne bli eit høgskulesurrogat som utdanna «[ …] halvstuderte fuskere i ingeniørfaget». Det skulle gå 50 år før ingeniørutdanninga i Bergen igjen vart treårig.

Historia fortel at elevane kom seg raskt i arbeid. Fleire reiste utanlands til Tyskland for vidare studium. Andre utvandra til Amerika der teknikarar og ingeniørar var ettertrakta. 

Brorparten blei verande på heimebana. Her bygde dei opp det moderne industrielle Norge. 

Etter krigen auka talet på studentar. Nye linjer kom til. Kapasiteten på skulane måtte aukast. I 1963 flytta Bergen tekniske skole inn i nytt bygg i Lars Hilles gate. Etter kvart fant ingeniørskulane sin plass i eit høgare utdanningssystem med staten som eigar. Med Bergen Ingeniørhøgskole blei det ei sterk oppgradering i fagplanar, undervising og nivå. 

Studenter ved Bergen tekniske skole, ca. 1954.

Nye, store samfunnsendringar rulla på utover 70-, og 80-talet. I den nemnde boka les vi at «tradisjonsrike industribedrifter blei lagt ned og at næringslivet var i omstilling og endring. Oppdrettsnæringa vaks fram, offentleg sektor ekspanderte og olje- og gassfunna i Nordsjøen fekk store ringverknader for heile regionen, ikkje minst for høgskulen. Ingeniørkompetanse spelte ei nøkkelrolle i det nye næringslivet og nyutdanna ingeniørar blei svært ettertrakta.» 

Utover på 90- og 2000-talet følgde nye reformer og fusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Nye næringar og arbeidsmarknadar såg dagens lys. 

I 1994 gjekk Bergen Ingeniørhøgskole inn i Høgskolen i Bergen. Nye utdanningsløp fann stad gjennom knoppskyting. Nye profesjonsfellesskap blei forma. Små forskingsprosjekt vaks seg store. Kompetansen i fagstaben auka. Midt i dette etablerte ein «Senter for nyskaping» kor entreprenørskap, innovasjon og samarbeid med regionale aktørar fekk bløma. Mykje takka vera solide bidrag frå mange gode støttespelarar som Trond Mohn og andre. 

Nokre få år før Høgskulen på Vestlandet vart skipa i 2017 flytta ingeniørutdanninga inn i moderne lokale på campus Kronstad. Om kort tid vil Bergen tekniske skole ha sin heim i Universitetet på Vestlandet. Eit engasjert profesjons- og arbeidslivsretta universitet med ei av landets største ingeniørutdanningar. Spreidd over fleire campus. 

Korleis har samfunnsoppdraget endra seg på desse åra? 

Ingeniørutdanninga står rimeleg støtt i samfunnsoppdraget. Sjølvsagt med endringar og justeringar. Med tilpassingar til nye tider, nye utdanningar og nye faglege krav. Til nye undervisingsformer og nye pedagogiske grep. Til skiftande politisk vindar. Til nye arbeidsmarknader. Til vår tid med ein ny tryggleikspolitisk situasjon. 

Det er lett å få auge på avgjerande utviklings- og skiljelinjer. Tilhøve som vi kjenner att i dag. 

Ei gruppe studentar har samla seg rundt ein dampmaskin, ca. 1908.

For framleis handlar det om å finne den rette balanse mellom det praksisorienterte og anvende — og det meir akademiske. Framleis handlar det om å sjå inn i framtida kor både teknologiskifter og KI vil prega studie- og læringsmiljø. Framleis handlar det om å utvikla det gode samarbeidet med samfunns- og arbeidslivet rundt oss. 

Men mest av alt handlar 150 år med ingeniørutdanning i Bergen om menneska. 

Om engasjerte og lærevillige studentar. Kjent for gøyale innslag i 17. mai-prosesjonen. Studentar som fort finn seg arbeid etter utdanning. Som kjem igjen for vidareutdanning, påbygging til sivilingeniørstudium, doktorgradsstudium — eller som dyktige rettleiarar for våre studentar sine bachelor- og masteroppgåver. 

Så handlar det ikkje minst om dyktige fagtilsette. Som dagleg leverer god undervisning, som koplar høgskule og arbeidsliv, som styrkar seg fagleg — og som forsyner samfunnet med gode ingeniørar. År etter år. Det er eit samfunnsbidrag i 150 år som sjølv den beste matematikar vil streva med å rekna ut verdien av.

Powered by Labrador CMS