Korona og undervisning

6 av 10 lærer mindre med digital undervisning

Mange studentar kjenner seg einsame og lærer mindre etter overgangen til digital undervisning, viser ei spørjeundersøking.

— Resultata i undersøkinga underbygger det vi veit, at studentar har godt av å vere saman i ulike læringssituasjonar, seier Andreas Trohjell, påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er Høgskolen i Østfold som har kartlagt studentane sine erfaringar med fulldigital undervisning etter at universitet- og høgskular i midten av mars vart stengt for å hindre spreiinga av koronavirus.

Meir enn 60 prosent av studentane meiner læringsutbyttet frå undervisninga er blitt dårlegare eller svært mykje dårlegare, samanlikna med undervisninga før stenginga. Tilsvarande meiner berre 14 prosent av studentane at den digitale undervisninga er blitt betre enn den tradisjonelle.

— Dette viser at ein del studentar opplever at mykje av det dei får i den tradisjonelle undersvisninga har gått tapt i overgangen til bruk av digitale plattformer. Det viser seg å vere vanskeleg å organisere den digitale studiekvardagen, seier Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, rektor ved Høgskolen i Østfold.

Manglar kontakt

Påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Andreas Trohjell, seier han ikkje er overraska over resultata.

— Det blir viktig at universitet og høgskular legg til rette for gode møteplassar til hausten. Resultata i undersøkinga underbygger det vi veit, at studentar har godt av å vere saman i ulike læringssituasjonar, seier han.

Undersøkinga tyder på at isolasjonen i den digitale studiekvardagen er ei viktig forklaring på at det fungerer dårleg for mange. Nær halvparten av dei spurte (48 prosent) seier at manglande kontakt og tilbakemeldingar frå faglærar er mest utfordrande.

Like mange opplever at det vanskelegaste er å strukturere ein digital studiekvardag.

4 av 10 peikar på mangel på kontakt med medstudentane som det største problemet.

— Læring blir til i fellesskap, seier Lars-Petter Jelsness-Jørgensen

Den digitale undervisninga har i hovudsak bestått av opptak av forelesingar og direkteoverført forelesing i Zoom, ifølgje svara til studentane. Halvparten av studentane svarer at dei har hatt tilbod om slik undervisning. Men nesten like mange, 46 prosent, seier undervisningstilbodet har bestått i ark frå Power Point, utan lyd eller bilde frå forelesar.

Studentane opplever forelesningane i sanntid som noko betre enn dei i opptak. Om lag halvparten meiner dei direktesende forelesingane på Zoom har vore gode eller svært gode. Samstundes rapporterer 74 prosent at den undervisninga som ikkje skjer i sanntid er blitt dårlegare eller svært mykje dårlegare etter stenginga i mars.

Negativt for psykisk helse

Å studere med skjermen som samtalepartnar ser ut til å slå negativt ut på studentane si psykiske helse, etter studentane sine vurderingar å dømme. Fire av ti gir uttrykk for at stenginga av høgskulen og overgang til fulldigital undervisning og rettleiinga har gjort dei meir einsame.

Ein av fire meiner situasjonen i stor eller svært stor grad har negativ verknad på den psykiske helsa.

Rektor Jelsness-Jørgensen er overraska over tala.

— Vi veit frå før at ein del studentar har utfordingar, og kjenner på dette også i ein normal kvardag. Undersøkinga viser kor viktig det er å møtes, at vi får opne campusane våre igjen og ta imot studentar som har behov for å stikke innom og få lufta tankar og diskutere med faglærarar og medstudentar. Læring og kunnskap er ikkje berre ei teneste, det er noko som blir til i eit fellesskap, seier han.

NSO-leiar Trohjell synest derimot resultata frå undersøkinga er meir som ein kunne forvente.

— Til hausten kjem studentar tilbake som nesten ikkje har sett kvarandre sidan mars. Då må det bli eit satsingsområde å legge til rette for å få både undervisning og det frivillige livet på campus til å fungere så godt som mogleg, seier Trohjell.

Resultata i undersøkinga som er gjort ved Høgskulen i Østfold skil seg frå ei liknande spørjeundersøking blant jusstudentane ved Universitetet i Oslo (UiO) som vart gjort kort tid etter stenginga.

Der svarte eit mindretal at læringsutbyttet var blitt dårlegare, fleirtalet opplevde det som likt eller betre.

Men også i denne undersøkinga vart mangel på kontakt med faglærar og medstudentar framheva som ei utfordring.

Til liks med undersøkinga frå Høgskolen i Østfold, meiner også dei fleste av jusstudentane ved UiO at undervisning i sanntid er betre enn den som går i opptak, der det ikkje er mogleg å kommunisere direkten med læraren.

Må lære om læring

Jelsness-Jørgensen trur det er nødvendig å tenke seg om for å finne den rette blandinga av digitale og tradisjonelle undervisningsformer framover.

— Eg trur vi må finne ein balanse mellom evangelisme og luddisme, mellom overdriven iver for og skepsis mot digitalisering.

Undersøkinga ved høgskulen viser at studentane jamt over taklar den reint tekniske overgangen til digitale plattformer.

— Det vil vere enklare å ta i bruk digitale verktøy framover, men det blir viktig å finne ut meir om korleis studentane lærer. Dette er alt noko vi jobbar mykje med. I tillegg må sjå nærare på bi-effektane som vi ser, som einsemd og psykisk helse.

649 studentar svarte på spørsmål i undersøkinga.

Sjå heile undersøkinga her

Powered by Labrador CMS