Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
studiestart
Sjølv om undervisninga vert digitalt tilgjengeleg, seier over 80 prosent av dei studentane som allereie er i gang med eit studium ved NHH at dei vil koma attende til studiestart.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Definitivt, svarar 56 prosent av studentane ved Noregs Handelshøgskule.
Høgskulen har spurt dei studentane som allereie er i gang med eit studium om dei ønskjer å koma attende til Bergen til semesterstart i august. Over halvparten seier altså at dei heilt sikkert vil koma, 22 prosent seier at det er truleg at dei kjem. I tillegg er det ein god del av dei som seier nei som svarar at dei vil koma seinare i semesteret. Totalt er det 82 prosent av studentane som ønskjer å koma attende.
— Dette er tilfelle sjølv om me har lova studentane at det skal vera mogleg å følgja undervisninga i alle fag i haustsemesteret på nett, skriv prorektor Linda Nøstbakken i ein epost til Khrono.
Ho trur det gode studiemiljøet er årsaka til at studentane vil attende.
— Det er eit aktivt og godt studentmiljø på NHH som eg godt forstår at studentane ønskjer å koma attende til og vera del av. I tillegg er det mogleg at studentane set endå litt meir pris på det å delta i undervisinga på campus etter å ha måtta gjort alt på nett i ein lengre periode.
I starten av juli skreiv Khrono om ei undersøking blant tilsette ved OsloMet. Der sa over seksti prosent at dei kan tenkja seg å jobba meir heimefrå òg i ein normalsituasjon, og berre 13,5 prosent ønskjer å jobba frå kontoret kvar dag til hausten. Samstundes er det berre vel seks prosent som ønskjer å berre jobba heimefrå.
— Eit interessant funn er at mange opplever det som ein fordel å ha fleksibilitet og kunne jobba noko heimefrå, og det kan gi oss ein idé om korleis ein kan organisera arbeidskvardagen òg i framtida. Men det er nok fleksibiliteten og kombinasjonen mellom heime og jobb som vert opplevd som eit gode, ikkje anten — eller, sa HR-direktør Geir Haugstveit.
På NHH er det flest bachelorstudentar som ønskjer å koma attende. Nøstbakken trur dette har samanheng med at det blant masterstudentane er fleire som skal skriva masteroppgåve og difor ikkje har kurs eller undervisning.
— Det kan nok forklara mykje av denne skilnaden, seier prorektor.
Ho seier at høgskulen reknar med at dei aller fleste nye bachelorstudentane møter til studiestart.
— Det er særleg viktig for dei heilt nye studentane å verta kjende med skulen og medstudentane, og me vil særleg legga til rette for at dei får ein god studiestart. Samstundes skal me også i denne gruppa legga til rette for at dei som ikkje kan følga undervisinga på campus får eit godt tilbod, seier Nøstbakken.
Nylige artikler
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Unge forskere vil ha tydeligere skille mellom jobb og fritid
Eksamener avlyst på grunn av datainnbrudd
28 søkere ønsker å bli ny kommunikasjonssjef på Universitetet i Oslo
NTNU har fordømt 7. oktober-terroren, men styrer ikke hva ansatte mener
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)