Styring og retorikk

«Absurd teater»: Meiner universiteta blir utsette for språkleg imperialisme

— På universiteta er vi gode til å late som om vi gjer det styresmaktene i sin naivitet trur vi gjer, seier sosiolog Arve Hjelseth.

Sosiolog Arve Hjelseth ved NTNU i Trondheim er kritisk til korleis styringa av universiteta utviklar seg, og konsulent- og byråkratspråket som kjem på kjøpet. Han meiner akademikarane har lært seg å spele med og levere i sjargongen for syns skuld når det er nødvendig.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det liknar eit teater, kanskje absurd, der partane meir eller mindre innforstått utvekslar replikkane som sjangeren og systemet forlangar, meiner førsteamanuensen og idrettsforskaren på NTNU.

— Vi har fått eit sjikt av eksterne konsulentar, rådgivarfunksjonar, roller internt på universitetet, i Forskingsrådet og i departementet som baserer samtalen på eit språk som er fullstendig framandgjerande for sektoren sjølv. Det er holt og absurd, og ei form for språkleg imperialisme og forståingsimperialisme, seier Hjelseth.

Han har lenge markert seg som ein kritikar av styringsmåtane i akademia, særleg knytt til eit stadig sterkare innslag av mål- og resultatstyring.

Hjelseth deler bekymringane som fagretorikaren Kristian Bjørkdahl uttrykker i eit essay i Khrono, der sjølve språket og retorikken blir sett under lupa.

«Herre som pisker trell»

Frå ein heller original synsvinkel går Bjørkdahl til åtak på ein nærast autoritær styringsiver han meiner byråkrati og regjering utøver mot universiteta. Han analyserer Tildelingsbrevet, departementets årlege, sentrale styringsdokument til institusjonane. Bjørkdahl konkluderer mellom anna med at styresmaktene

  • viser «eksepsjonelt liten forståelse for hvordan den andre parten forstår seg selv», og at dette «neppe er bærekraftig i lengden».
  • i «liten grad anerkjenner at universitetene er noe annet enn «enheter» underlagt departementet.

Ifølgje Bjørkdahl reflekterer Tidelingsbrevet ein relasjon mellom departement og universitet noko som liknar «en herre som pisker en trell».

«So much for akademisk frihet og selvråderett; universitetene skal styres, og dette er ikke noe myndighetene kvier seg for. Tvert imot, får man nesten si, for her aner man en viss styringsglede, for ikke å si -kåthet», skriv Bjørkdahl.

Men sjølv om Hjelseth meir enn gjerne skriv under på desse observasjonane, trur han ikkje «språkimperialismen» er så farleg. Det vil seie, språket og haldninga i Tildelingsbrevet og haugevis med andre byråkratiske styringsdokument er irriterande — men fagfolka har lært seg spelet, meiner Hjelseth.

— Det er fordummande, ikkje minst språket i mange rapportar og utgreiingar. Men maktforholdet trur eg er meir balansert enn artikkelen til Bjørkdahl skal ha det til.

— Rapportering til skodebrød

Hjelseth meiner fagfolka i realiteten står ganske fritt.

— Kontroll er blitt eit stadig viktigare styringsinstrument. Ein skal vise at pengane er vel anvendt. Men vi gjer fortsatt det vi meiner er fruktbart, for eksempel når det gjeld å lære studentane det dei treng å lære. I rapporteringa greier vi å omsetje praksisen til eit språk som ser ut slik at det tilfredsstiller eksterne krav og kriterium, meiner Hjelseth.

Ein skriv om og omset praksisen til eit språk som ser tilforlateleg ut

Arve Hjelseth, forskar NTNU

Han meiner forskarane tilpassar seg rapporteringsregime, sjargong og språk som må til i søknader og andre dokument i «systemet» — er med på leiken – før dei går tilbake til det dei eigentleg held på med.

— Ein skriv om og omset praksisen til eit språk som ser tilforlateleg ut. Når det er levert, held ein i stor grad fram som før. På universiteta er vi ganske gode til å late som om vi gjer det styresmaktene i sin naivitet trur vi gjer. Men vi gjer noko anna. På universiteta har vi gode føresetnader for å gjere rapportering til skodebrød utan at det har særlege konsekvensar. Vi har fortsatt veldig stor autonomi på forskargruppe-nivå. Eg bestemmer kva konferansar eg skal på, kva tidsskrift eg publiserer i, bøker eg vil skrive, når og kor eg skal jobbe. Det er vanskeleg å styre, seier Hjelseth.

I Hjelseths analyse er dermed forholdet mellom dei styrande og dei som blir styrte ikkje ulikt eit teater, der skodespelarane utvekslar langt på veg innforståtte replikkar for tene systemet.

— Ja, det er til dels det, seier Hjelseth.

Han meiner dette synet er utbreidd blant akademikarane.

—Det er også relevant for andre enn oss gamlingar. Eg snakkar mykje med yngre folk som erfarer det på ganske lik måte.

Å spå om impact

Tekstforskar og skuleforskar Marte Blikstad-Balas er i denne kategorien, yngre. Den unge professoren ved Universitet i Oslo er også medlem i Akademiet for yngre forskarar.

Marte Blikstad-Balas er forskar og medlem i Akademiet for yngre forskarar

— Eg trur det delvis stemmer, at forskarane tilpassar seg det byråkratiske språket, seier ho.

Derimot er ho ikkje sikker på at det alltid berre er negativt.

— Spesielt når det gjeld søknadsprosessar i ein beinhard konkurranse om knappe midlar, forstår eg at intensjonane bak det til tider altfor byråkratiske språket. Det er jo med å sikre mest mogleg rettferdig vurdering av søknader, og prioritere søknadene som i størst grad samsvarer med dei kunnskapsbehova vi veit vi har. For min eigen del merkar eg faktisk at det kan våre ei påminning om at forskinga eg søker pengar til må ha ein verdi for heile samfunnet som betalar for den, og at eg blir utfordra på kvifor dette er meir «excellent» forsking enn anna forsking.

Samstundes tviler Blikstad-Balas på alle desse intensjonane alltid fungerer i praksis.

— Det kan vere ganske krevjande å stipulere forskinga sin impact, for eksempel, fordi det betyr at du må spå kva slags funn du får. At forskinga både skal vere banebrytande og på same tid ha føreseieleg impact er ganske sjølvmotseiande.

Powered by Labrador CMS