Førsteamanuensis Marte C. W. Solheim og førsteamanuensis Jørgen Bølstad frå UiS er begge tekne inn i Akademiet for yngre forskarar (AYF). Foto: Universitetet i Stavanger.

12 nye yngre forskarar i Akademiet

Unge forskarar. Akademiet for yngre forskarar har teke opp nye medlemmar. Sjå lista her.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei nye medlemmane er tekne inn i Akademiet for yngre forskarar (AYF) for perioden 2019-2023. I den nye perioden vil Akademiet til saman ha 34 medlemmar frå ulike forskingsinstitusjonar, skriv AYF på sine heimesider.

Dei 12 nye medlemmane er: Alexander H. Sandtorv (Universitetet i Oslo), Anne Tjønndal (Nord Universitet), Jonas Stein (UiT - Norges arktiske universitet), Jørgen Bølstad (Universitetet i Stavanger), Lina Ingeborgrud (NTNU), Malgorzata A. Cyndecka (Universitetet i Bergen), Marte C. W. Solheim (Universitetet i Stavanger), Michael A. Riegler (Simula), Nils Hallvard Korsvoll (Universitetet i Agder), Ragnhild F. Dale (Vestforsk), Simen Å. Ellingsen (NTNU), Thomas Gjesteland (Universitetet i Agder).

Det er ei stor ære å få vere med. Eg ser fram til å bidra i diskusjonar med yngre forskarar på tvers av institusjonar og fagfelt.

Marte C. W. Solheim

På sine heimesider skriv AYF at «kvaliteten på årets søkarar var svært høg, og dei valte medlemmane representerer ei god breidde i både geografi, fagfelt og institusjonssektor».

Dei 12 nye medlemmane vert tekne opp offisielt ved Akademiet si haustsamling neste veke.

AYF er ein tverrfagleg møteplass og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar. Akademiet skal vere ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena.

To forskarar frå Universitetet i Stavanger

Marte C. W. Solheim, som er førsteamanuensis og leiar for Senter for innovasjonsforsking, og Jørgen Bølstad, som er førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag, er begge valte inn i Akademiet frå Universitetet i Stavanger (UiS).

Dei er begge stolte og glade for å ha kome seg gjennom nålauget og no vere medlemmar av det eksklusive akademiet.

Fakta

Akademiet for yngre forskarar

Det Norske Videnskaps-Akademi tok formelt initiativ til å opprette eit ungt akademi i Noreg i 2013, og fekk støtte av Kunnskapsdepartementet over statsbudsjettet for 2014.

Den første søknadsprosessen for medlemskap opna våren 2015. Nærare 160 yngre forskarar søkte då om medlemskap.

Hausten 2015 vart dei første 20 medlemmane tatt opp.

Medlemskapet varer i fire år og ein blir teken opp på bakgrunn av søknad etterfølgt av intervju.

Akademiet kan maksimalt bestå av 40 medlemmar.

— Det er ei stor ære å få vere med. Eg ser fram til å bidra i diskusjonar med yngre forskarar på tvers av institusjonar og fagfelt. Innovasjon skjer i krysningsfeltet mellom ulike typar kunnskap, og det er stas å få vere med og forme akademia framover, seier Solheim i ei pressemelding.

Det er Bølstad heilt samd i:

— Det er veldig gjevt å få delta. Eg har vore i utlandet i 10 år, så for meg er dette ei moglegheit til å bli betre integrert i det norske forskingsmiljøet, seier Bølstad i pressemeldinga.

Rektor Klaus Mohn ved UiS er glad for at to unge forskarar frå hans universitet har blitt valde inn i Akademiet.

— Dette er ei fin fjør i hatten for to av våre unge forskarar – og for UiS. Dei har begge vist at dei har det som trengst for å slå gjennom, på den akademiske forskingsfronten og i allmenta. Med stort pågangsmot har dei markert seg, kvar på sitt fagfelt, nasjonalt som internasjonalt, seier ein stolt Mohn i ei pressemelding.

Les også: Yngre forskere søker flere menn

Vil jobbe for eit faktabasert ordskifte

Malgorzata Cyndecka er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho er den einaste UiB-forskaren som er teken opp i Akademiet i denne omgang.

— Medlemskapet er ei moglegheit til å kunne framheve det eg brenn for som forskar, forelesar og rettleiar, seier Cyndecka i ei pressemelding.

Ho har klare tankar om kva slags spørsmål ho ynskjer å jobbe med i AYF:

Malgorzata Cyndecka er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB).

— Eg vil jobbe med spørsmål om korleis akademia kan sørge for at den offentlege debatten vert bygd på faktabasert kunnskap. Mangel på kunnskap om ulike konsekvensar av Norge si tilknyting til EU, eller betydninga av personvern for demokratiet, kan vere like farlig som mangel på kunnskap om vaksiner. I dag er det ikkje mangel på tilgang til informasjon som er problemet, det er i staden mangel på kritisk tenking og evne til å analysere den enorme mengda informasjon og data ein får, seier Cyndecka i pressemeldinga og legg til:

— Sidan det er spesielt unge menneske som er utsette for freistinga til å godta enkle, men ikkje nødvendigvis sanne svar på kompliserte spørsmål, er det særleg denne gruppa Akademiet bør fokusere på.

Dei som har vore med å velje inn dei nye medlemmane er fire av Akademiet sine eigne medlemmar: Sofie Snipstad, Eivind Valen, Alexander Refsum Jensenius, Marte Blikstad-Balas. I tillegg var Marianne Aasen, research director ved Simula og Eirik Holmøivik, professor ved det Juridiske Fakultet ved Universitetet i Bergen med som eksterne medlemmar i innvalskomiteen.

Les også: Akademiet sin strategi for 2017-2021

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS