Sterke historier om forfylgde akademikarar
Ein forfylgd kvinneleg akademikar frå Iran og ein forfylgd mannleg akademikar frå Kongo. Dei er hovudpersonane i stykket «The Forbidden Science Monologues» som blir framført av den forfylgde dramatikaren Naila Al Atrash frå Syria.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Det er ikkje lett for meg som dramatikar å leva opp til idealet om å distansera meg frå karakterane eg spelar i dette teaterstykket. Når det handlar om å forlata familien sin, vennene sine og heimlandet sitt, handlar det også om meg. Då er det også eg som gret og ikkje berre dei karakterane som eg spelar, seier Naila Al Atrash frå Syria.
Verna av Scholars at Risk
Før ho måtte flykta frå Syria på grunn av at ho demonstrerte for dei politiske rettane til det syriske folket under Den arabiske våren, underviste ho på Damacus´ Higher Institute for Music and Theatre. No er ho ei av dei landflyktige akademikarane som er blitt tatt under organisasjonen Scholars at Risk sine vernande venger. Scholar at Risk er leiia av Randi Øien Guldvog frå Høgskolen i Oslo og Akershus.
I dag får Atrash arbeidsro og føler seg trygg som gjesteforskar ved Universitetet i Agder.
Stykket « The Forbidden Science Monologues» blei skrive i Nederland i 2010.
– Opphavleg var det stemmene til fleire forfylgde akademikarar som blei dramatitiserte og framførte av fire skodespelarar. Deretter blei stykket sendt på turné og delt i to, slik at det blei to forfylgde akademikarstemmer i kvart stykke, fortel avdelingsdirektør Karen Lise Knudsen ved Universitetet i Agder.
Plukka dei to sterkaste historiene
Ho blei tipsa om stykket og foreslo at Naila Al Atrash framførte delar av det. Ho valde å plukka ut det ho meinte var dei to sterkaste historiene.
– For oss blir det ekstra sterkt at den forfylgde dramatikaren Naila Al Atrash frå Syria er den som framfører stykket. Organisasjonen Scholars at Risk har no fått rett til å visa stykket over heile verda, opplyser Knudsen.
Dei to monologane som blir framførte i dette stykket, handlar om ein iransk kvinneleg akademikar og ein mannleg akademikar frå Kongo. Begge føler seg både makteslause og rotlause i eksil i eit framandt land, sjølv om dei har fred og arbeidsro rundt seg. Likevel kan dei ikkje lata vera å føla at dei heller skulle vore i heimlandet og kjempa kampen vidare der med familie, venner og andre akademikarar.
– Vondskapen er ein diktator
Og Naila Al Atrash synest sjølv at det er eit svært viktig stykke:
– Ja, det viser fortvilinga over å vera borte frå sitt eige land og vera makteslaus. Er dette eit svik overfor familie og venner eller skulle eg ha dratt tilbake og jobba på ein kafé, sjølv om eg er akademikar? Den viktigaste lærdomen i teaterframsyninga er at når katastrofen og vondskapen er stor nok, står folk saman, og lir på same måten uansett kvar dei kjem frå.
Og i alle landa har vondskapen ein fellesnemnar: Ein diktatorisk president som kan heita Mahmood Ahmadinejad i Iran, Bashar al-Assad i Syria, Ilham Aliev i Aserbajdsjan eller Isaias Afewerki i Eritrea. Alle liknar dei på kvarandre, synest Naila Al Atrash frå Syria.
På turné
I neste veke skal stykket visast på Universitetet i Tromsø. Tidlegare er det blitt vist både ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder. Dessverre har ikkje NTNU i Trondheim klart å finna eit tenleg lokale til teaterstykket.
Scholars at Risk har fått pengar frå Fritt Ord til å finansiera turneen.
– Elles ville me gjerne ha tatt turen dit også, fortel Karen Lise Knudsen.
I Oslo blei stykket denne veka framført i Chateau Neuf og rundt 90 personar såg stykket. Det vil seia at heile salen var nesten full. Naila Al Atrash fekk velfortent applaus etter at framsyninga var over.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!