FB-debatt

Alarm! Statssekretær i kommentarfeltet

Det er ikkje måte på kor mange vidløftige, kreative og fantasifulle tolkingar og analysar om løynde motiv som det er mogleg å få ut av ei departemental oppnemning av fire eksterne styremedlemer, meiner Oddmund Hoel. (Smilefjes).

I sprikande og underhaldande debatt på Facebook: Oddmund Løkensgard Hoel. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Svein Tuastad og Kåre Vagle (Norsk Petroleumsforening)
Publisert Oppdatert

«Dette er ikke noe å sutre over. Du burde heller være glad på universitetets vegne at gode næringslivsfolk kommer inn i styret fremfor media og politikere.» 

Orda kjem frå dagleg leiar i Norsk Petroleumsforeining, Kåre Vagle, i ein lang debattråd på Facebooksida til førsteamanuensis og tidlegare representant i styret ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad. 

Sist helg gjekk debatten om Kunnskapsdepartementets oppnemning av eksterne representantar til styret, etter at Khrono hadde omtalt saka og intervjua Tuastad som var krass i sin kritikk. Han etterlyste i saka representantar frå politikk, kultur og media — og ikkje berre næringsliv og «oljå». Og det blei både sarkasmar, temperatur — og underhaldande for oss som følgde med frå utsida.

Alarm!

 «Etter 8 år i universitetsstyret som valt vitenskapeleg representant (no tar andre dyktige representantar over) har eg sett kor viktige dei eksterne kan vere. No har Borten Moe og departementet brote heilt med tidlegare praksis og fjerna alle eksterne som ikkje har næringslivsbakgrunn (i tillegg er ein helsebyråkrat med). Dette har store konsekvensar fordi det faktisk gjeld styringa av universitetet. Alarm!»

Dagleg leiar Vagle i Norsk Petroleumsforeining, syntes ikkje kritikken var særleg godt begrunna: 

«Flere fra akademia er neppe hva universitetet trenger for å følge med i tiden. Tenker at de «utskjelte» vil vise seg tilliten verdig og gi gode og nyttige innspill i styret.» skriv han, og meinte at dei  tre nye representantane frå næringslivet i UiS-styret. Han meinte vidare at dei som ble valde  «fremstår med bakgrunn som utvilsomt vil være nyttig i UiS styret. Synes det ble for enkelt og overfladisk å avfeie dem bare fordi de jobber i næringslivet».

Fekk så hatten passa

Men både han og Kunnskapsdepartementet fekk så hatten passa. Og statssekretær Oddmund Løkensgaard Hoel (Sp) engasjerte seg også etter kvart.

«Det er et sterkt universitetspolitisk signal. Det er den økonomiske bunnlinjen som er hovedsaken, ikke faglig kvalitet og relevans», meinte jussprofessor Jan Fridthjof Bernt .

Professor ved Universitetet i Stavanger, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen meinte mellom anna: «Jaudå, her ser vi den nye universitetspolitikken i bløming — det er berre å stålsetje seg. Problemet er at etter omlag 20 år med NPM og 12 år med ei automatisert finansieringsordning (det UiS har klart seg bra med stor produktivitet) er det vitskaplege personalet langt på veg utskifta; dei nye (mange utlendingar) veit ikkje av nokon annan representativitet enn at det er linjekommando, og både unge og gamle er i villreie om kva som kan gjerast for å bevare kontrollen over vitskapen på hendene til vitskapsfolk. Eg har sagt det i åresvis utan respons: UiS er prøvekaninen for kor langt ein kan gå. Og no når vi har vent oss til det meste utan at protestane har utgjort så mange decibel, vert skruen stramma fleire omdreiningar på ein gong. Berre vent: det same ventar alle andre universitet.»

Og professor ved NTNU, Arve Hjelseth, følgde opp: «Det blir i hvert fall ikke denne regjeringen som bremser utviklingen av forretningsuniversitetet, det har vi sett en god stund.»

Innlegg med smilefjes

Statssekretærar og andre høgt opp i statsapparatet har gjerne ein høg terskel for å delta i debattar i sosiale medium, men statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) melder seg på her, og avsluttar sine innlegg med emoji-smilefjes: 

«Må seie eg les kommentarfelta her og andre stader med ein viss fascinasjon. Det er ikkje måte på kor mange vidløftige, kreative og fantasifulle tolkingar og analysar om løynde motiv som det er mogleg å få ut av ei departemental oppnemning av fire eksterne styremedlemer. 3»skriv han, medan Tuastad held på sitt om at ei brei samansetning i styret er viktig. 

— Ja, kritikk og diskusjon er heilt legitimt, svarar statssekretæren og legg til at når departementet set saman desse styra, er det ei rad ulike omsyn som skal kokast ned til fire faste og to vara: «kjønn, kontinuitet/fornying, kompetanse, geografi, yrkesbakgrunn, mangfald, alder, strategiar/kompetansebehov i institusjonane, om kandidatane er føreslegne av institusjonen sjølv osb. Grunnane til at det då vart desse fire+to svært kompetente folka er eg sitert på i Khrono. Elles er mitt inntrykk at ikkje berre dei fire eksterne, men også dei sju interne representanane i styret i lyse stunder kan ha ei viss innverknad på styringa av institusjonane3» understrekar statssekretæren.

Men professor Kvalsvik Nicolaysen gir seg ikkje:

«Ei meir massiv påkalling av næringstarv i eit universitetsstyre har ein aldri sett her i landet. Dette blir truleg fylgt opp elles. Ein skal vere særs urøynd universitetspolitikar for ikkje å sjå kva veg dette ber», hevdar han.

«Særs urøynd»

— Då får eg berre bøye meg for konklusjonen om at eg er ein «særs urøynd universitetspolitikar» i motsetnad til deg som i eit par kommentarar har fortalt oss "kva veg det ber" når løyndeplanen til OBM blir sett i verk, repliserer Oddmund Hoel.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen understrekar at Hoel «er no politikar. Ikkje universitetspolitikar, men representant for statsmakta mot universiteta. Eller reknar du deg som tillitsvald for UH-sektoren?» spør han.

Tenkte eg kunne våge meg på ein liten sarkasme ut frå kvar du la lista, skriv Hoel til Kvalsvik Nicolaysen, men lovar å aldri gjere det igjen.

«Svar på dei to spørsmåla: (1) Eg er regjeringspolitikar, ikkje tillitsvald for UH-sektoren. Men vil omgrepsavklaringa di seie at ein 'samferdselspolitikar' er tillitsvald for samferdselssektoren og ikkje ein politikar? (2) Framlegg om føretaksorganisering kjem ikkje frå denne regjeringa. Koplinga mellom UiS-styreutnemninga og føretaksorganisering er noko du har dikta opp», repliserer Hoel.

«Ikke tett på Sp»

«Ja, fint med noen fra næringslivet; men ikke de som er tett på SP», skriv ein annan. 

«Enig. Nortura er ei forbanning og spesielt i jordbruksfylket Rogaland.», skriv ein tredje. 

Den reoppnemnde eksterne styreleiaren ved UiS-styret er Anne Marit Panengstuen, konsernsjef i Nortura.  Statssekretær Oddmund Hoel tek ho i forsvar: 

«Panengstuen var 34 år i Siemens, m.a. som adm.dir, før ho byrja i Nortura for nokre år sidan. Ho vart oppnemnd av Solberg-regjeringa (Iselin Nybø) i 2019, og me er svært nøgde med at ho ville gå på ein ny periode. For kontinuiteten i institusjonsleiingane er det også ein fordel om styreleiarane sit i to periodar.»

Kjell Høibraaten får avslutte det heile: «Jeg gikk gjennom alle styrene. Mer forferdelig er alle statsbyråkratene og folk i byråkratibedrifter» skriv han, før Tuastad, som starta heile debatten via Khrono, takkar statssekretær Oddmund Hoel for deltakinga i diskusjonen: «Det er ofte dilemma for politiske styresmakter fordi det då fort blir mye å svare på. Men ved å delta viser han indirekte ei interesse for temaet og for kritikken (sjølv om eg altså er usamd og, ja, svært kritisk til utnemninga ).

Så siste ord er nok ikkje sagt. 

Powered by Labrador CMS