Høgskulen i Volda
Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte
Eit samrøystes styre sa denne veka opp direktøren ved Høgskulen i Volda.
Ann-Kristin Emblem mistar jobben som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. Det skriv avisa Møre-Nytt.
Avgjersla vart tatt i eit lukka, ekstraordinært møte tysdag 23. april, ifølgje avisa.
Emblem har jobba som
direktør ved høgskulen sidan hausten 2022.
Til Møre-Nytt seier Emblem at ho ikkje kjenner seg igjen i skuldingane og at ho kjem til å klage på oppseiinga til Kunnskapsdepartementet. Ho er også kritisk til saksgangen, og meiner at konfliktane kunne ha blitt løyst med dialog.
Vil klage
Emblem hevdar styret ikkje har tatt kontakt med henne sidan før jul.
Ifølgje ei pressemelding frå Høgskulen i Volda har Emblem fått høve til å uttale seg «før oppseiing vart vedteke – både sjølv og gjennom advokat. Ho har også fått møte styret og gitt sin munnlege versjon».
Vedtaket var einstemmig.
I pressemeldinga frå Høgskulen i Volda heiter det «at styret og direktøren har ulike og motstridande syn i fleire viktige saker. Summen av desse sakene gjer at styret ikkje lenger har tillit til direktøren».
Til Khrono seier fungerande styreleiar ved Høgskulen i Volda, Silje Louise Dahl, at ho ikkje ønskjer å kommentere Emblems påstandar om at ho ikkje er blitt kontakta.
— Det har vore ei vanskeleg sak å handtere. Vi har hatt veldig mange møter, for å vere sikre på at vi handterer saka på rett måte, seier Dahl.
Langvarige konfliktar
Som Khrono har skrive dei siste månadane, har det lenge vore konfliktar ved Høgskulen i Volda:
Fagforeiningar har levert varsel mot både høgskuledirektør
og studiedirektør, høgskuledirektøren får kritikk for å ha blanda seg inn i eit forskingsprosjekt. Det har vore fleire ekstraordinære styremøte i
samband med konfliktane.
Høgskuledirektøren skal mellom anna ha prøvd å stoppe ei spørjeundersøking som vart sendt ut til tilsette ved høgskulen. Dette skjedde etter at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim hadde sagt ja og undersøkinga var sendt.
Khrono har kontakta høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Ho ønskjer ikke å kommentere saka.
Saka er oppdatert 26.4.2024 kl. 12.37 med kommentar frå Silje Louise Dahl.

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager