Høgskulen i Volda

Det stormar på høgskulen — i media. — Eit stygt angrep

Eit senioransvar, seier professor emeritus om å gå ut i media og støtta den sitjande rektoren når det stormar.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim seier han vart overraska over lesarbrevet frå Unni Hagen, som sjølv underteiknar med at ho er ein del av leiinga ved Høgskulen i Volda.

Som Khrono har skrive dei siste månadane, er det konfliktar ved Høgskulen i Volda: Fagforeiningar har levert varsel mot både høgskuledirektør og studiedirektør, høgskuledirektøren får kritikk for å ha blanda seg inn i eit forskingsprosjekt, og høgskulestyret hadde denne veka det åttande ekstraordinære styremøtet i 2024.

Khrono har dei siste månadane snakka med mange tilsette, men få har snakka ope om kva som er usemja. Før no. Før helga vart eit lesarbrev publisert i lokalavisa Møre-Nytt, underteikna av Unni Hagen. Ho er spesialrådgivar, tidlegare dekan, og ein part i minst ei av sakene som det har vore mykje snakka om ved høgskulen det siste året. 

I det som var skrive som eit ope brev til rektor Tonheim, stilte ho spørsmål ved leiinga og kommunikasjonen hans. I same avis hadde redaktøren ein leiar der han skreiv om leiarmodellen til høgskulen.

No kjem reaksjonane frå andre tilsette.

Hadde konflikt i ope lende

To av dei som reagerte på både lesarbrevet og innlegget i Møre-Nytt, var emeritusane Kåre Heggen og Tor-Johan Ekeland. Dei skriv i Khrono at det går føre seg ein maktkamp ved høgskulen.

Det er ikkje så lett for dei som er tilsette no å ytra seg, seier professor emeritus Tor-Johan Ekeland.

— Me såg på dette som eit senioransvar. Det er ikkje så lett for dei som er tilsette no å ytra seg. Me syntest dette var eit stygt angrep på rektor, utan at me har noko spesielt forhold til han, seier Ekeland til Khrono.

Han seier at dei to er glade i den gamle arbeidsplassen sin, og at dei begge har hatt eit langt forhold til høgskulen.

— No sit me litt på utsida, men me kikkar inn. Mange synest det som skjer er ubehageleg, og ein del er engstelege, seier Ekeland.

Han legg til:

— Me kjem frå den gamle distriktshøgskulekulturen. Der var det konflikt i ope lende. Eg synest ikkje så mykje om slik det er no, det er eit paradoks at ein må lesa Khrono for å få vita kva som skjer ved eigen arbeidsplass.

Avviser «takk for sist»

Ekeland og Heggen kritiserer mellom anna Møre-Nytt sin redaktør Tormod Utne for ikkje å informera om at han er gift med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Ho var dekan ved Avdeling for mediefag, men vart omplassert mot sin vilje. Rotevatn slutta sjølv i stillinga ved høgskulen i 2020.

— Det som rir høgskulen no, har ingenting med den saka å gjere, og det ligg jo også fleire år tilbake i tid, seier Utne til Khrono.

På spørsmål om han vurderte å informera om ekteskapet sitt i samband med publiseringa av leiarartikkelen, svarar Utne eit klart og tydeleg «nei».

— For det første fordi det ikkje har noko med problema ein ser i dag å gjera, og for det andre fordi det er godt kjent for dei aller fleste her at me er gifte.

«Leiarmodell til besvær», er tittelen på leiarartikkelen, og Utne kritiserer i hovudsak det faktum at Høgskulen i Volda framleis opererer med vald rektor som leiarmodell. Redaktøren viser mellom anna til at det ved dei siste fire vala ved Høgskulen berre har vore éin kandidat, og karakteriserer det heile som lite tillitvekkjande. Utne peikar også på at tilsette i Volda, ifølge val-reglementet, ikkje har høve til å stemma blankt.

— Det er demokratisk usunt, skriv Utne.

Overfor Khrono avviser Utne at den kritiske leiarartikkelen i Møre-Nytt er eit slags «takk for sist» frå han sjølv til HVO.

— På ingen måte. Her er det snakk om ein intern strid, som lammar høgskulen. Det er mange som er uroa for den djupe splittinga ein no ser, og som lokalavis er det vårt samfunnsansvar å meina noko om dette, seier Utne.

Han meiner at det ikkje har vore noko reelt val ved HVO sidan 2006, og peikar elles på at han ikkje kjem med noko personkritikk i leiarartikkelen.

— Det er mange sider av denne saka, men me meiner i første rekke at det er sjølve systemet og strukturen som har ført til problema me no ser, seier Utne.

Reagerte med vantru

Redaktør i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø, sa til Khrono før helga at det at ei slik sak vert løfta fram i ei lokalavis kan gjera at konflikten vert forsterka.

— No kan politikarar, andre innbyggjarar, nokon som kjenner nokon verta engasjerte. Då kan konflikten veksa, sa Lerø.

Han sa òg at ein hovudregel er at ein løyser konfliktar internt.

Unni Hagen sjølv ønska ikkje å kommentar lesarbrevet i Khrono.

— Eg vart overraska av både nyheitssaka om brevet og sjølve brevet. Først lenge etter digital publisering tok Møre-Nytt kontakt, skriv rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i ein e-post til Khrono.

— Korleis er det som rektor å først få eit ope brev mot seg i lokalavisa og deretter få støtteerklæringar same stad?

— Eg er ikkje så viktig i dette. Det viktige er at me behandlar varsel og klager på ein skikkeleg måte som gjer at dei som varslar og dei som vert varsla på er trygge. Det er positivt at det kjem fram ulike perspektiv på kva fagleg leiing ved ein høgskule er. Kritisk debatt basert på kunnskap og ulike ståstader er positivt, sjølv om det kan vere ubehageleg for alle å verta eksponerte, skriv Tonheim til Khrono.

Han seier at han som rektor for ei journalistutdanning er positiv til både ei kritisk lokal- og fagpresse. 

— Dei ulike media har ulike vinklingar og perspektiv som supplerer kvarandre. Lokalavisa skapar naturleg nok meir merksemd lokalt og det pregar då i større grad praten i lokalsamfunnet. Elles bør me kunne forvente same grundigheit i metode, kjelder og arbeid. 

— Korleis er det som rektor å sjå at tilsette til dels går ut mot kvarandre i lokalavisa?

— Usemje skal me tola, og takhøgda må vera høg i akademia. Men eg tenkjer ofte at å lytta til kvarandre over ein kopp kaffi og ei svele er betre enn å gå i avisa. Då er det rom for fleire nyansar.

Hadde tenkt å sitja stille i båten

Professor Stig Helset og 15 andre skreiv eit svar som vart publisert både hos Khrono og Møre-Nytt allereie laurdag. Også tidlegare rektor Johann Roppen har svara i Møre-Nytt.

Helset seier at både han og dei andre som underteikna innlegget i utgangspunktet hadde tenkt å sitja stille i båten.

— Me går ikkje inn i sakskomplekset. Men når dette vert publisert slik at Møre-Nytt sine 5000 abonnentar kan lesa det, tenkte me at dette ikkje kunne stå uimotsagt. Det gir heilt feil inntrykk, seier Helset.

Han seier at både han og andre reagerte med vantru då dei vakna til innlegget i lokalavisa fredag.

— Me las at både spesialrådgivaren og redaktøren, som sjølv inntil nyleg var tilsett ved høgskulen, kjem med eit subtilt angrep på vår valde og sitjande rektor. Me reagerte òg på at det var laga ei redaksjonell sak med utgangspunkt i innlegget frå Hagen, seier Helset.

I saka som er utgangspunkt for dei mange ekstraordinære styremøta, er rektor inhabil.

— Me meiner han har gjort det rette i denne saka, og me både håpar og trur at styret handsamar saka mot direktøren på profesjonelt og rett vis, seier Helset.

Powered by Labrador CMS