Høgskulen i Volda

Leverte varsel. Så vart dei kalla inn på teppet

Fråsegna tilsette leverte førte til at dekanen ikkje fekk ein ny periode i leiarstilling. Men medan dekanen fekk ei nyoppretta stilling, vart dei som signerte fråsegna kalla inn til møte med høgskuledirektøren.

Det ville vore klokt å ta oppretting av denne stillinga opp med fagforeiningane på førehand, seier NTL ved Høgskulen i Volda.
Publisert Oppdatert

Våren 2023 fekk ikkje Unni Hagen, som var dekan ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda, ein ny dekanperiode. I staden vart ho tilsett i ei stilling som spesialrådgivar.

Måten tilsetjinga skjedde på, har skapt reaksjonar.

— Det er ikkje ulovleg, eller uvanleg, å gi tilsette i åremålsstilling ei retrettstilling når det er kort tid mellom avslutning av åremålet til pensjonsalder. Stillingskoden spesialrådgivar, som er nytta for Hagen si retrettstilling, har ikkje vore nytta ved høgskulen tidlegare. Det ville vore klokt å ta opprettinga av denne stillinga opp med fagforeiningane på førehand, seier Sylvi Gulla Hovdenakk, leiar og hovudtillitsvald for NTL ved Høgskulen i Volda (HVO).

Det var høgskuledirektør Ann Kristin Emblem som oppretta stillinga. 

Khrono har fått innsyn i Hagen sine arbeidskontraktar. I kontrakten frå 2019, då ho vart dekan, stod det ingenting om retrettstilling. Stillinga ho fekk i 2023 er fast, med ei årsløn på 1.030.000 kroner. 

Tok to månader før tilsett fekk svar

Hovdenakk i NTL seier at fleire har stilt spørsmål ved å gi ei slik stilling til ein tilsett på 68 år — altså over vanleg pensjonsalder.

Også Akademikerne reagerer.

— Me stiller oss svært undrande til at direktøren bryt med plan for lokal lønspolitikk. 'Spesialrådgivar' er ikkje ein stillingskode som ligg inne i HVO sitt system frå før. Me har heller ikkje vore involverte i saka, seier hovudtillitsvald Torstein Drabløs.

Saka har tydeleg engasjert breitt ved høgskulen. «Umusikalsk», er eitt av omgrepa som vert brukt til Khrono om direktøren si handsaming.

Ein tilsett frå ei heilt anna avdeling sende sommar spørsmål direkte til direktøren om saka. Spørsmåla i e-posten, som Khrono har sett, var mellom anna desse: Kva er innhaldet i stillinga, kva behovsvurderingar vart gjort før stillinga vart oppretta, kven skal stillinga vera rådgivar for og i kva type saker, vart stillinga lyst ut eller oppretta ad hoc?

Vedkomande som sende e-posten, fekk ikkje svar frå direktøren. Til slutt sende hen ein e-post til høgskulen sitt postmottak, og fekk då, to månader etter at spørsmåla vart stilt, følgjande svar frå høgskuledirektør Ann Kristin Emblem:

— Stillinga er direkte underordna høgskuledirektør, og får oppgåver frå denne ut frå behov og kompetanse til ei kvar tid.

— Me er kritiske til grada av openheit i denne prosessen, seier Drabløs i Akademikerne.

— At stillinga verkar å ikkje ha konkrete oppgåver framstår rart.

Sa at retrettstillingar var vanleg

Då Khrono våren 2023 bad om Hagen si arbeidskontrakt, var svaret at det var at det hadde vore praksis å inngå avtale om retrettstilling der søkjarar på stilling som dekan har kort tid att til pensjonsalder når åremålet går ut.

Khrono har i januar 2024 bede om å få svar på kor mange slike avtalar om retrettstilling som er inngått dei siste ti åra, sidan høgskulen seier at dette har vore praksis.

Svaret er: Berre Hagen si.

I ein e-post frå personalavdelinga heiter det at omsynet bak retrettstilling er at ikkje nokon skal verta ståande utanfor arbeidslivet på grunn av høg alder. Ved intern rekruttering vil ikkje dette vera aktuelt då desse returnerer til den opphavelege stillinga si etter enda dekanperiode.

— Som oftast er det avtala ved tilsetjing, ein går ut ifrå at dette har skjedd som ein del av forhandling av lønn og arbeidsvilkår. For nokre har det skjedd etter tilsetjing, skriv høgskulen.

Høgskuledirektør Ann Kristin Emblem viser til rektor når Khrono vil stilla spørsmål i saka.

Måtte stilla i møte med direktør

Tilsetjinga av Hagen heng saman med noko som skjedde nokre månader tidlegare: Då det vart kjent internt at Hagen søkte eit nytt åremål som dekan, sende tilsette ved Avdeling for kulturfag inn ei fråsegn, altså ein offisiell uttale. Denne er underteikna av meir enn tjue tilsette, mellom andre tre av fire instituttleiarar ved avdelinga.

I fråsegna, som Khrono har sett, peika dei på ting dei syntest var problematisk, mellom anna mangelfull tilgjengelegheit og oppmøte frå dekanen. Denne fråsegna vart sendt til tilsetjingsutvalet.

Medan den tidlegare dekanen altså fekk ei ny stilling ved høgskulen då ho ikkje vart innstilt til dekanstilling, vart dei tilsette som skreiv under på fråsegna kalla inn til direktør Emblem. Khrono har frå fleire kjelder fått stadfesta at dette vart opplevd som svært ubehagelege møte, og fleire har nytta omgrepet «avhøyr». 

Fråsegna har ikkje fått status som varsel, og er difor ikkje handsama vidare.

Styret handsamar direktørsak

Khrono skreiv i januar at direktør Emblem prøvde å stoppa eit forskingsprosjekt. Også no var det tilsette som reagerte.

— Klart angrep på den akademiske fridommen, sa førsteamanuensis Stein Conradsen, som sende eit varsel om saka.

Denne saka var handsama i to ekstraordinære styremøte like før jul og eit i januar. Det er henta inn ekstern advokathjelp i saka, og sidan både direktør og rektor er funne inhabile, er det styremedlem Silje Louise Dahl som er møteleiar når denne saka vert handsama. Hennar kommentar til Khrono sine spørsmål har vore «ingen kommentar».

Også Bjørn Gunnar Tafjord, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved HVO, var kritisk til direktøren si handsaming av forskingsprosjekt-saka.

Han sa til Khrono at saka er ein «snakkis» ved høgskulen.

—Usemje og konflikt på dette nivået vil få stor merksemd i ein kvar organisasjon. Eg veit at mange, både vitskaplege og teknisk-administrative, er svært opptekne av denne saka.

Ingen vil snakka ope

Khrono har snakka med mange kjelder i denne saka, men dei vågar ikkje å stå fram med namn. Blant årsakene som er nemnde er at dei er redde for konsekvensane. 

Khrono veit òg at leiinga ved HVO har sendt ein e-post til høgskulestyret etter at redaksjonen byrja å jobba med denne saka. Omgrepa 'stort mediepress' og 'innsynskrav' er her nytta.

Mange spørsmål, få svar

Direktør Emblem ville ikkje svara på spørsmål frå Khrono i saka om forskingsprosjektet. Då redaksjonen tok kontakt med spørsmål om tilsetjinga av Hagen, viste direktøren til rektor.

Redaksjonen sende då ei lang liste med spørsmål til rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, mellom anna desse:

— Kven bestemte at Unni Hagen skulle tilsetjast i ei seniorrådgivarstilling?

— Er det i tråd med god forvaltingsskikk å tilsetja i fast stilling utan utlysing?

— Er dette vanleg ved HVO?

— Kva oppgåver har Hagen?

— Kvifor tilsette ein ein person som er over 67, altså over normal pensjonsalder?

Tonheim svarar at han ikkje kan gå inn i denne konkrete saka.

— Men me vil gjera det tydeleg at hovudregelen ved Høgskulen i Volda er at faste stillingar skal lysast ut, i tråd med reglane i staten.

Vidare skriv Tonheim at det ikkje er uvanleg at åremålsstillingar, også ved HVO, opnar for avtale om retrettstillingar.

— HVO har hatt få avtalar om retrettstillingar, noko som nok har si årsak i at mange leiarar i åremålsstillingar ved HVO har vore internt rekrutterte og slik hatt permisjon frå den faste stillinga si ved høgskulen. 

Rektor seier at ekstern rekruttering med avtale om retrettstilling stadig har vorte meir vanleg.

— Me ser difor eit behov for å få på plass eit internt regelverk knytt til dette, noko det er sett i gang eit arbeid på.

Når det gjeld spørsmål om fråsegna og om det stemmer at tilsette vart kalla inn til direktøren, svarar Tonheim at han ikkje kan kommentera einskildsaker.

— Men på generelt grunnlag er det viktig at alle tilsette vert tekne vare på og at det på HVO skal vera ei stor takhøgd for ytringar. Alle som tek opp det dei meiner er kritikkverdige forhold på HVO skal verta høyrde og alle involverte skal verta tekne vare på på ein god og trygg måte.

Roppen var rektor

Tonheim vart rektor ved HVO i august 2023. Då Hagen si stilling vart oppretta og fråsegna vart levert, var det Johann Roppen som var rektor. Khrono har snakka med han, og spurt både om han visste om opprettinga av stillinga, om fråsegna og om at dei tilsette vart kalla inn til møte.

— Eg er ikkje rektor lenger og har ingen kommentar, seier Roppen.

Khrono har òg prøvd å koma i kontakt med Unni Hagen, utan å lukkast.

Powered by Labrador CMS