Høgskulen i Volda

Forskerforbundet:
— Direktøren burde ikkje ha blanda seg inn

— Eg stiller spørsmål ved om direktøren har ei rolleforståing som let seg kombinera med vår leiingsmodell, seier hovudtillitsvald ved Høgskulen i Volda.

I eit styremøte ved Høgskulen i Volda var det opa konflikt mellom fagleg og administrativ leiing. — Fleire leiarar og medarbeidarar har gitt klart uttrykk for at dei opplever spenning mellom rektor og høgskuledirektør, seier Forskerforbundet ved høgskulen.
Publisert Oppdatert

Som Khrono har skrive, skal høgskuledirektøren ved Høgskulen i Volda (HVO), Ann Kristin Emblem, ha prøvd å stoppa ei spørjeundersøking som vart sendt ut til tilsette ved høgskulen. Dette skjedde etter at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim hadde sagt ja og undersøkinga var sendt ut.

— Eg oppfatta at eg hadde avklart med leiinga før eg sende ut e-posten, fortalde prosjektleiar, førstelektor Leif Longvanes, til Khrono.

Saka er no til handsaming i høgskulestyret. Styret har vedteke at det skal be om ekstern advokathjelp i saka.

Saka om spørjeundersøkinga som vart forsøkt stoppa er ei sak som opptek tilsette ved Høgskulen i Volda, seier hovudtillitsvald Bjørn Gunnar Tafjord i Forskerforbundet.

Bjørn Gunnar Tafjord, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved høgskulen, seier til Khrono at saka opptek dei tilsette. 

Forskerforbundet har hittil ikkje hatt noka formell rolle knytt til denne saka.

— Men me er sjølvsagt svært opptekne av at akademisk fridom vert varetatt, seier Tafjord.

Han fortel at saka no er ein «snakkis» ved høgskulen.

—Usemje og konflikt på dette nivået vil få stor merksemd i ein kvar organisasjon. Eg veit at mange, både vitskaplege og teknisk-administrative, er svært opptekne av denne saka.

Krangel i ope møte

Det var i november spørjeundesøkinga vart sendt ut. I desember varsla førsteamanuensis Stein Conradsen. 

— Drygt, har han karakterisert saka som.

Verken rektor eller høgskuledirektør ville tidlegare denne veka kommentera saka.

At det ikkje er topp stemning mellom øvste faglege og øvste administrative leiing kom fram i eit styremøte i desember — det siste ordinære styremøtet før Conradsen sitt varsel vart handsama i to ekstraordinære møte.

I det ordinære møtet skulle styret vedta kven som skulle leia utvalet som skulle koma med innstilling når det skal tilsetjast ny dekan ved avdeling for mediefag. Direktøren meinte at direktør skulle leia utvalet, medan nokre av styremedlemmene meinte at det var prorektor som burde gjera det. Innleiingsvis informerte rektor om at han og direktør ikkje var samde om kven som skulle utpeika ein dekan til å sitja i utvalet.

— Direktør meiner at det er direktør. Styreleiar meiner det er styreleiar, sidan styret ikkje har nokon i gruppa.

Det var økonomidirektør Janicke W. Driveklepp som møtte for høgskuledirektøren. Ho var tydeleg på at direktør ikkje måtte få berre ei lita rolle i ei tilsetjing av ein dekan, som er ein viktig samarbeidspartnar for direktøren.

— Det er mange krefter i denne organisasjonen som meiner at direktør ikkje har noko på leiarnivå å gjera i den settinga her. Det vil vera ganske forutinntatt, og eg meiner at det ikkje er rett at utvalet skal setja seg sjølv. Det har også tidlegare prosessar vist, sa Driveklepp då det var snakk om at utvalet kunne konstituera seg sjølv.

Ho fekk klart svar frå prorektor Eirik Søvik:

— Du skal vera veldig forsiktig med å mistenkjeleggjera tilsette på den måten der. Det er ikkje verdig ein sekretær av styret.

Rektor: Greitt å vera usamde

Khrono har i slutten av denne veka prøvd på nytt å få kommentar frå både rektor og direktør. Direktør Ann Kristin Emblem har ikkje svara, verken på sms, e-post eller telefon. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim har svara på nokre av Khrono sine spørsmål i ein e-post.

— At me er usamde i ulike saker er naturleg, og at det kjem til synes i opne offentlege møte er heilt greitt. Me er ein offentleg institusjon, og diskusjonar kan gjerne vera i opne rom, svarar han på spørsmål om korleis stemninga mellom øvste administrative og faglege leiing er. 

Me er ein offentleg institusjon, og diskusjonar kan gjerne vera i opne rom, seier Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

— Kva gjer du for å ha ein god dialog?

— Øvste faglege leiing og øvste administrative leiing har både formelle møtepunkt og kontinuerleg samarbeid gjennom veka, og arbeider i lag for å nå strategiske og daglege mål for organisasjonen, svarar Tonheim.

Han viser til at rektoratet gjekk til val på eitt HVO, der alle arbeider på same laget.

— Det forpliktar, og er heile tida med oss i det daglege arbeidet. Rektoratet har kontinuerleg dialog med direktør, dekanar og andre om ulike saker, og vi er tilgjengelege for alle studentar og tilsette som har noko på hjartet.

Tonheim vil ikkje svara på nokre spørsmål som gjeld saka om den omtala spørjeundersøkinga.

Tilsette seier dei opplever spenning

Bjørn Gunnar Tafjord i Forskerforbundet stadfestar at mange har merkt seg den dårlege stemninga i den øvste leiinga ved høgskulen.

— Fleire leiarar og medarbeidarar har gitt klart uttrykk for at dei opplever spenning mellom rektor og høgskuledirektør. Det er sjølvsagt svært spesielt og uheldig at ei slik undersøking skulle utløysa slike unødvendige reaksjonar frå direktør, seier Tafjord.

— Kva tenkjer du om det som kjem fram?

— Eg stiller spørsmål ved om direktøren har ei rolleforståing som let seg kombinera med vår leiingsmodell — delt leiing — der høgskuledirektøren er øvste leiar for den merkantile drifta, og rektor for den faglege og akademiske aktiviteten. Dette krev at desse samarbeider godt for at høgskulen skal kunne utføra sitt samfunnsoppdrag på ein god måte. I denne saka har ikkje høgskuledirektør, etter mi meining, klart å skilje mellom sitt eige og rektor sitt ansvarsområde.

Jussprofessor: Pussig handtert

Jussprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen sat i utvalet som jobba fram ny universitets- og høgskulelov i 2020.

— Kan ein direktør stoppa eit forskingsprosjekt?

— I utgangspunktet kan ein direktør ikkje det. Men med ei vald leiing er dei tilsette i to linjer, så slik sett kan ein tenkja seg at ein direktør kan meina noko om dei administrativt tilsette skal delta. Uansett verkar denne saka litt pussig handtert, ein burde snakka om dette på møte før undersøkinga vart sendt ut, seier Søvig.

Khrono skreiv onsdag at fleire mellomleiarar ved høgskulen har sendt ut ei oppmoding til tilsette om å ikkje svara på undersøkinga, og vist til at direktøren ikkje hadde godkjent utsendinga.

Søvig stiller spørsmål ved om det er heldig å gå ut med ei oppmoding om ikkje å svara.

— Er det heldig?

— Det er eit godt spørsmål. Ein skal i alle fall tenkja seg om, det bør vera ein viss terskel for å gjera det.

Meiner rektor skulle avgjera

Tafjord i Forskerforbundet meiner det ikkje er unaturleg at rektor og høgskuledirektør har dialog om saker som gjeld tilsette i heile organisasjonen, men seier at det i denne konkrete saka er rektor sitt ansvar og mynde å ta ei endeleg avgjerd som høgskuledirektør må respektera. 

— Emblem burde difor ikkje ha blanda seg inn i ei sak som naturlegvis ligg innanfor rektor sitt ansvarsområde.

— Kan direktøren meina noko sidan det er administrativt tilsette òg som er spurde?

— Så langt eg har kjennskap til inneheld ikkje denne undersøkinga spørsmål og problemstillingar som burde bekymre nokon i leiinga ved høgskulen, seier Tafjord.

— Undersøkinga støttar alle forskingsetiske krav og omsynet til personvern er ivareteke — så det er vanskeleg å sjå kva som er problematisk ved sjølve undersøkinga — anna enn at det gjeld kven som har mynde til å tillate at den vart gjennomført. Det finst ingen god grunn til at høgskuledirektøren skulle ha sterke meiningar i denne saka — langt mindre prøva å stansa henne.

Endringslogg: Khrono gjer merksam på at Tafjord òg sit i høgskulestyret. I denne saka uttalar han seg utelukkande som tillitsvald.

Powered by Labrador CMS