Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
khio
Trine Skei Grande (V) er uroa over ytringsfridommen ved Kunsthøgskolen i Oslo. Henrik Asheim vil ikkje gripa inn.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sidan i sommar har det vore ein debatt ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Det handlar om både ytringsfridom og akademisk fridom, og debatten har gått, mellom anna i Morgenbladet og magasinet Subjekt.
No har saka vorte politisk. Trine Skei Grande (V) løfta saka frå Stortingets talarstol.
I ein interpellasjon seier Grande at «på bakgrunn av den omfattende omorganiseringen høgskolen har gått igjennom, og det som fortsatt gjenstår, og den pågående debatten, bør omorganiseringen evalueres. Vil statsråden ta initiativet til en evaluering av omorganiseringen av Kunsthøgskolen i Oslo så langt, for å sikre at institusjonen styrkes som en arena for fri tenkning, faglig grundighet og utdanning av morgendagens kunstnere?»
Grande sa vidare, i debatten i Stortinget, at det som uroar henne, er at ein har ein stor kunstinstitusjon, som står for basisen av opplæringa av kunstnarar, og samstundes vert det oppfatta og sagt at det ikkje vert gitt rom for ytringar i det læringsmiljøet som er der.
Venstre-politikaren understrekar at ho på ingen måte meiner at politikarane skal gå inn i slike faglege debattar, men ho ønskjer ein gjennomgang som både evaluerer doktorgradsprogramma ved KHiO og for å sjå på korleis kunstutdanninga skal sikra ein breidde som kan sikra at Noreg kan utvikla og få gode kunstnarar framover — kunstnarar som kan vera med på å påverka den offentlege debatten.
– Når ein ikkje torer å snakka fritt innad i kunsten, misser kunsten drivkrafta si, seier Grande til Aftenposten.
Men Asheim vil ikkje gjennomføra ei evaluering av korleis KHiO organiserer si eiga verksemd, sa han i Stortinget, og viser til Universitets- og høgskulelova.
Statsråden meiner likevel diskusjonen er viktig.
— Slik eg ser det, er det to ting som kan trua akademia. Det eine er innstramming i ytringsfridommen og å ikkje tillata at andre ytrar ting me ikkje likar. Det andre er sterkare styring frå politikarar av kva som skal vera innhald og pensum i utdanningane, og kva som skal forskast på, sa Asheim.
Han understrekar at han ikkje har mistenkt Grande for å ville ha ei politisk styring av KHiO. Men han seier at han har vorte kontakta av andre med ønske om at han skulle gå inn og styra pensum og innhald i høgare utdanning.
— Då opnar me ei heilt ny dør og ein måte å styra akademia på som dei gjer i land me ikkje likar å samanlikna oss med, til og med land me tidlegare likte å samanlikna oss med, men ikkje så mykje lenger.
Den aktuelle saka ved KHiO handlar om fleire ting: Ei gruppe studentar reagerte på eit kunstverk dei meinar er rasistiske og sexistisk. Eit opprop med 130 underskrifter reagerte deretter på at høgskulen ikkje agerte i lys av Black Life Matters-rørsla. Men andre studentar, som Khrono har snakka med, reagerer på det dei kallar «obligatorisk indoktrinering».
Statsråd Asheim seier til Aftenposten at han er uroa over debattklimaet ved høgskulen, og seier at enkelte studentar departementet har snakka med, seier dei kjenner seg utstøtt dersom dei er usamde i saker.
— Eg er redd for at det vert teke i bruk ein metode der andre ikkje har lov til å meina noko anna. Det er ein måte å drepa debattar på, seier Asheim.
KHiO-rektor Måns Wrange har tidlegare sagt at han hadde planar om å lansera ein treårig handlingsplan for mangfald, inkludering og antidiskriminering, men at den vart stoppa på grunn av pandemien.
— Dette arbeidet skal sjølvsagt ikkje føre til at skulen blir konformistisk der studentar ikkje tør å ha ei motsett meining, tvert i mot, har Wrange tidlegare sagt til Khrono.
No seir han til Aftenposten at det er positivt at politikarane diskuterer saka, men meiner det er viktig at utdanningsinstitusjonane sjølve utformar kva verdiar dei styrer etter.
— Diskusjonar om tiltak for mangfald og mot diskriminering som går føre seg på skulen, kan verta sett på som ein velkommen effekt av ei ope debattklima, seier Wrange, og vidare:
— Det har etter sommaren vore teikn på at ikkje alle har opplevd meiningsbrytinga som konstruktiv. Leiinga ved skulen planlegg å gjennomføra ekstra tiltak denne hausten for å sikra eit ope og trygt debattklima.
Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte