varsling

Avviser varsling på NHH. Tilrår tiltak for arbeidsmiljøet

To professorar leverte varsel om trakassering mot kollegaer etter hard debatt om skatt.

Ein fagleg debatt om skatt enda med varslingssak på NHH. No har ei undersøking konkludert med at ingen har blitt trakassert, men at det er behov for å gjere noko med arbeidsmiljøet.

Norges Handelshøyskole (NHH) har konkludert med at ein lang debatt om formuesskatt ikkje har medført trakassering eller utilbørleg oppførsel ifølgje arbeidsmiljølova, skriv Dagens Næringsliv

I løpet av fleire månader gjekk ein hard debatt i avisa mellom fagfolk på NHH.

Etter gjennomgangen av varselet slår rapporten frå NHH samstundes fast at konflikten samla sett har vore uheldig for samarbeidsklimaet og i liten grad i tråd med høgskulen sine forventningar til å vere sakleg, vise respekt og samhandling med kollegaer, ifølgje DN.

NHH tilrår derfor at det blir sett i verk tiltak for å betre arbeidsmiljøet.

Det var ifølgje DN professorane Guttorm Schjelderup og Petter Bjerksund som varsla mot professor Karin Thorburn og førsteamanuensis Jøril Mæland. Alle jobbar på NHH, men på ulike institutt.

Schjelderup og Bjerksund held til ved Institutt for føretaksøkonomi i femte etasje i høgblokka på NHH. Thorburn og Mæland er tilsette ved Institutt for finans to etasjar over.

I ein debatt om formuesskatt som gjekk over fleire månader i DNs spalter blei Thorburn og Mæland mellom anna skulda for å ha brote «normale vitenskapelige normer», som det var formulert i eit innlegg 2. september 2025.

Powered by Labrador CMS