varslingssak
Professor mot professor på NHH. Leverte varsel etter debatt om skatt
Diskusjon om formuesskatt på NHH eskalerte. No har to professorar levert offisielt varsel mot to kollegaer.
Ifølgje Dagens Næringsliv skal professorane Guttorm Schjelderup og Petter Bjerksund ha varsla mot professor Karin Thorburn og førsteamanuensis Jøril Mæland. Alle jobbar på Noregs handelshøgskole (NHH), men på ulike institutt.
Dei fire har dei siste månadene hatt friske meiningsutvekslingar om formuesskatt i DNs debattspaltar. Ifølgje næringslivsavisa er den denne debatten mellom ulike faglege leirar på NHH som har utvikla seg til varslingssak.
Schjelderup og Bjerksund held til ved Institutt for føretaksøkonomi i femte etasje i høgblokka på NHH. Thorburn og Mæland er tilsette ved Institutt for finans to etasjar over.
Brot på normer
Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH, Geir Mikalsen, stadfestar til DN at dei har ei varslingssak knytt til dei to institutta på bordet. Avisa har vore i kontakt med partane og fått ein kommentar frå den eine av dei:
Professor Karin Thorburn stadfestar i e-post at der er ei sak til behandling hos arbeidsgivaren.
«Slik vi oppfatter det, gjelder den vår deltagelse i den offentlige fagdebatten», skriv Thorburn.
Kritikken mot Thorburn og Mæland går ut på at dei har brote «normale vitenskapelige normer» i sine debattinnlegg i DN, slik Schjelderup og Bjerksund formulerer det i eitt av innlegga frå 2. september 2025.
«Når de ikke publiserer sine resonnementer i de former som faget krever, unndrar de seg den kvalitetssikringen som all sunn akademisk diskusjon hviler på», skreiv dei to professorane og avslutta med at dei ikkje ønskte å diskutere vidare.
Ifølgje DN vart varselet sendt på den tida dette innlegget var publisert.
«Uvanlig»
Dei to professorane fekk svar på debattplass i DN: «Dette er en uvanlig og lite fruktbar tilnærming til akademisk uenighet», svarte Thorburn og Mæland.
«Når forskere trekker ulike konklusjoner, er det ikke et tegn på normbrudd, men et uttrykk for at vi står overfor komplekse spørsmål som fortjener en åpen, grundig og kritisk diskusjon», skreiv dei to.
Debatten har også involvert fleire andre på dei to institutta i dei to etasjane i høgblokka på NHH.
Saka og dokumenta er unntatt offentlegheit.
