noregs handelshøgskule

Har brukt 1,8 millionar på advokatar i varslingssak:­
 — Utgiftene vil auke

NHH firedobla utgiftene til eksterne juristar frå 2022 til 2023. Så langt har høgskolen brukt nær 1,8 millionar kroner på advokatar i samband med varslingssaka mot instituttleiar Leif Egil Hem.

NHH-rektor Øystein Thøgersen er tydeleg på at NHH ville gått for ei rimelegare løysing dersom det hadde vore mogleg for dei.

Advokatane tener gode pengar på personaltrøbbel på Noregs handelshøgskole (NHH). 

Ei oversikt Khrono har fått tilgang til, syner at dei totale kostnadene til advokatar knytt til varslingssaka mot Leif Egil Hem så langt i år er på nesten 1,8 millionar kroner.

— Advokatutgiftene i samband med denne saka vil auke, men eg vil ikkje spekulere i kor mykje, seier NHH-rektor Øystein Thøgersen til Khrono.

1,8 millionar kroner er nesten fire gonger meir enn advokatutgiftene i 2022. Då noterte HR-avdelinga ved høgskulen knappe 400.000 kroner i utgifter til advokatar.

I 2023 har NHH brukt nesten 600.000 meir på advokatar enn det dei gjorde i heile perioden 2014—2022.

— Hadde vi sett at det var mogleg å handtere denne saka på ein god måte på rimelegare vis, hadde vi sjølvsagt gjort det, seier Øystein Thøgersen.

Leverte rapport i april

Som Khrono tidlegare har skrive, har instituttleiar og professor ved NHH, Leif Egil Hem sendt eit omfattande «motvarsel» mot NHH-leiinga til Kunnskapsdepartementet. 

I varslingsbrevet kjem Hem med påstandar om fryktkultur. Han hevdar varslingsrapporten mot han er konstruert og at han er utsett for gjengjelding og heksejakt frå rektor Øystein Thøgersen og NHH-leiinga.

Det opphavelege varselet som Hem fekk mot seg, og som også var mot ektefellen hans, kom frå ein stipendiat dei var rettleiar og bi-rettleiar for.

NHH engasjerte hausten 2022 advokatbyrået Simonsen Vogt Wiig for å undersøke varselet. I april i år leverte advokatane ein rapport som konkluderte med at Hem hadde opptredd «utilbørleg i strid med arbeidsmiljøloven». 

Det er særleg undersøkinga av varselet mot Hem som har vore kostbar. I tillegg er det brukt noko pengar på å følgje opp varselet frå Hem mot NHH.

— Har eit ansvar

I fjor måtte NHH ut med 250.000 kroner til advokatane som er engasjert av NHH-leiinga for å jobbe med Hem-saka. Så langt i år har NHH betalt rekningar på over 1,5 millionar kroner i same sak.

— For det første reflekterer advokatutgiftene ei sak med fleire beklagelege sider, både for dei involverte og for NHH. Det er ei sak vi gjerne skulle vore forutan. For det andre reflekterer utgiftene ein kompleksitet i sakstilhøva, som for oss er unik, ettersom det initiale varselet utløyste fleire nye varslar og spørsmål knytt til habilitet, formidlar Øystein Thøgersen i ein e-post til Khrono.

På spørsmål om kva han tenkjer om at det er brukt så mykje pengar på advokatar i samband med varslingssaka mot Hem, svarer rektoren at han sjølvsagt skulle sett at ressursane helst blei brukt på NHH sine kjerneaktivitetar. Men han legg til:

— Vi har eit ansvar overfor alle involverte for å sikre ei forsvarleg handsaming av varslingar med alvorleg innhald.

— I denne saka var det av den grunn heilt naudsynt å hente inn ekstern ekspertise. Det er i alle dei involverte sine interesser at varslar vert undersøkt grundig, og at prosessane blir gjennomført slik at omsynet til dei involverte blir godt tatt vare på, skriv Thøgersen.

Varselet blei avvist

Kunnskapsdepartementet avviste varslingsbrevet frå Hem og viste til at det ikkje var «et varsel etter arbeidsmiljøloven». Departementet råda Hem til å ta «forholda opp med NHH». NHH har på si side sagt at dei ikkje kjem til å ta opp varslingsbrevet frå Hem mot leiinga.

Varslingssaka mot Hem er derimot ikkje avslutta. Etter det Khrono har fått opplyst, skal eit førehandsvarsel om ordensstraff mot Hem handsamast av NHH-styret i januar neste år.

NHH har ifølgje opplysingar Khrono har fått tilsendt, registrert ni varslingssaker mot tilsette sidan 2017, året då Øystein Thøgersen tok over som rektor. 

Tre av sakene kom opp i 2023, ei i 2022. I både 2021 og 2020 vart det registrert to varsel. 

Tala inkluderer saker uavhengig av om den enkelte saka tilfredsstiller definisjonen av varsel i arbeidsmiljølova.

Powered by Labrador CMS